Sofie Høgestøl er nyvald leiar i Akademiet for yngre forskarar. Ei av dei viktigaste oppgåvene hennar blir å heia fram dei nye medlemmene. Foto: Privat

Ny leiar i Akademiet for yngre forskarar

Nyvald. Sofie Høgestøl ynskjer å sikra ei god og inkluderande utvikling av organisasjonen.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Akademiet for yngre forskarar har fått nytt styre. Styret blei vald på generalforsamlinga 24. oktober, ifølgje Akademiet si heimeside.

I perioden 2019-2020 skal Akademiet leiast av jurist, forskar og undervisar Sofie Høgestøl, med biolog og undervisar Åsmund Husabø Eikenes som nestleiar.

FAKTA

Akademiet for yngre forskarar

Det Norske Videnskaps-Akademi tok formelt initiativ til å opprette eit ungt akademi i Noreg i 2013, og fekk støtte av Kunnskapsdepartementet over statsbudsjettet for 2014.

Den første søknadsprosessen for medlemskap opna våren 2015. Nærare 160 yngre forskarar søkte då om medlemskap.

Hausten 2015 vart dei første 20 medlemmane tatt opp.

Medlemskapet varer i fire år og ein blir teken opp på bakgrunn av søknad etterfølgt av intervju.

Akademiet kan maksimalt bestå av 40 medlemmar.

Dei to ynskjer særleg å sikra ei god og inkluderande utvikling av organisasjonen, følgja opp dei politiske sakene knytt til karrierevegar og forskingskvalitet og samstundes løfta fram arbeidet med forskingsformidling.

Ei av oppgåvene til Åsmund og meg blir å losa organisasjonen gjennom overgangsfasen.

Sofie Høgestøl

— Dei første medlemmene våre, som har sete i fire år, gjekk ut i haust. Såleis opplever me ei slags utskifting i medlemsdatabasen, og det er noko som i seg sjølv er veldig spanande, seier Sofie Høgestøl til Khrono.

Med tanke på utskiftinga og blant anna tilsetjinga av ny generalsekretær, er det ingen tvil om at AYF er i ein viktig overgangsfase. Det er noko Høgestøl ser på som ei kjekk utfordring.

— Ei av oppgåvene til Åsmund og meg blir å losa organisasjonen gjennom denne overgangsfasen. Me er begge svært opptekne av formidling, og me ser fram til å heia fram dei nye medlemmene våre. Å jobba som leiar for AYF er rett og slett noko eg gler meg veldig til, seier Høgestøl.

Resten av styret ser slik ut: Solfrid Bratland-Sanda (idrettsvitskap), Ingrid Falkum (språkvitskap) og Eivind Valen (bioinformatikk og molekylærbiologi). Terje Lohndal er eksternt styremedlem, og det vil også bli jobba med å rekruttera ytterlegare eitt eksternt styemedlem.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS