velferdstinget vest
Arneberg vald som leiar for nytt år
Anette Arneberg skal leia Velferdstinget Vest eit år til. — Eg kjente at eg ikkje var ferdig, seier ho.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Anette Arneberg har leia Velferdstinget Vest i eit år. Laurdag vart ho gjenvalt som leiar. Det same vart Amalie Lunde, som er nestleiar.
— Eg kjente på at eg ikkje fekk eit fullverdig år. Samstundes kjente eg at eg framleis har nye idear og driv - eg var ikkje ferdig, seier Arneberg.
Velferdstinget Vest er ein paraplyorganisasjon for studentdemokrati på alle utdanningsinstitusjonane som er knytt til Sammen, som er studentsamskipnaden på Vestlandet. Velferdstinget jobbar med all studentpolitikk som ikkje er knytt til spesifikke utdanningsinstitusjonar.
— Me ønskjer å vera ei felles stemme i vest. Noko av det eg er oppteken av, er at me skal få eit betre politisk arbeid på fylkesnivå. No har me eit godt samarbeid med byrådet i Bergen, seier Arneberg.
Oppteken av kollektivtrafikk
Arneberg og Lunde er til saman arbeidsutvalet i Velferdstinget Vest. Dette er fulltidsverv. I tillegg kom Ida Sofie Gunnerød Søfteland (NHH), Joachim Knudtsen Indrevik (NHH) og Tom Alexander Østensen (Fagskolen i Hordaland) inn i styret.
— Ei av dei viktigaste sakene for oss vert kollektivtransport, og å få ein reell studentrabatt som ikkje er i fare kvart år når fylkespolitikarane må kutta noko, seier Arneberg.
Deler ut pengar
Velferdstinget sit òg på ein pengesekk. Kvart år fordeler dei ein del av semesteravgifta til studentorganisasjonar. Dette er det formelt organet som heiter Bergen studentvelforening som gjer, og ein del av pengane går til Kulturstyret - som fordeler vidare.
— Kor mykje pengar kan ein rekna med at skal gå til studenttiltak i desse dagar?
— Det er eit godt spørsmål, særleg sidan ein veit at studentsamskipnadane taper pengar. Men me har så langt ikkje fått signal om at dette skal gå ut over studentane, seier Arneberg.
Møtet laurdag var naturleg nok digitalt. Men leiaren håpar at neste møte komande semester kan skje fysisk.
— Eg trur det. Me er om lag femti medlemmer på møta, så eg håpar det er lov då. Men zoom fungerte godt, det. Eg er likevel oppteken av at ein skal kunne vera sosial etter møta, og det er vanskeleg no.





Nylige artikler
Hva kan vi gjøre for forskernes søvnproblemer?
Universitetet i Innlandet legger ned Østlandsforskning
Helseministeren bekymret for utviklingen i USA. Ser mer til Europa
Dette regner UiB som den største risikoen
Forhandla om 41 millionar. Toppstillingar fekk mest
Mest leste artikler
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Berg-Hansen og jeg
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Sensitive teknologier: Slik er Norges forskningssamarbeid med «risikoland». Samarbeider mest med Kina om KI