Debatt ● Lars Nyre og Bjørnar Tessem

Dei to kulturane i akademia må snakke saman for å bruke KI-milliarden godt

Debatten om milliardløyvinga til kunstig intelligens viser at dei to kulturane i akademia må snakke betre saman om norske skattytarar skal få god avkastning på investeringa.

«Never the twain shall meet», skreiv Rudyard Kipling. Bjørnar Tessem (t.v) og Lars Nyre håpar teknologar og humanistar gjer desse orda til skamme og snakkar saman om kunstig intelligens.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Regjeringa løyver ein milliard til norsk akademia for at vi skal utvikle ansvarleg kunstig intelligens. Men dei to kulturane i akademia må snakke betre saman viss norske skattytarar skal få god avkastning på investeringa.

I Khrono er det debatt om korleis den nye milliarden bør brukast. Det viser seg at norsk akademia enno er sterkt prega av dei «to kulturane» som C.P. Snow skreiv om på 1950-talet. Den eine kulturen er humanistisk og samfunnsvitskapleg, og vert representert av blant anna Mari S. Kannelønning, Gunn Enli og Rune Svarverud. Den andre kulturen er naturvitskapleg og informasjonsvitskapleg, og vert representert av Morten Irgens og Christen Krogh.

Humanistane vil kort sagt at mest mogeleg av pengane skal brukast på samfunnsmessige konsekvensanalysar, medan teknologane vil at dei skal brukast på grunnlagsforsking innan kunstig intelligens. Ingen av dei prøver å finne eit felles grunnlag for storsatsinga.

C.P. Snow skreiv at dei to kulturane er prega av ein gjensidig mangel på anerkjenning av det andre fagfeltet og verdien det har for samfunnsutviklinga. Ein skulle tru at dyktige menneske som snakkar same språk, har omtrent same sosiale bakgrunn og arbeider på same universitet kan snakke med kvarandre. Men sjølv om vi brukar det same språket legg vi ikkje den same meininga i orda. Vi har ulike perspektiv på kva som er kunnskap, og korleis vi finn, brukar og formidlar denne kunnskapen. Det er uheldig for akademia at dei to kulturane knapt kommuniserer med kvarandre, seier C.P. Snow.

Denne kulturelle avstanden skapar problem når norsk akademia skal utvikle og utnytte ein teknologi som kan gjere fantastiske ting, og som truleg vil endre samfunnet på ein gjennomgripande måte. Dei to kulturane burde ikkje stange mot kvarandre, men utvikle ein planmessig dialog som gjer at våre respektive ekspertisar til slutt vert samkøyrt.

Vi meiner utviklinga av kunstig intelligens-teknologiar kan sjåast på som ein dialektisk prosess omtrent slik filosofen Georg Wilhelm Hegel la det fram tidleg på 1800-talet. I vår samanheng kan vi seie at utviklinga bør skje i ei rørsle frå ei teknisk løysing (tese), til ein kritikk av denne løysinga (antitese) og vidare til ei betre løysing (syntese). Dette er den beste måten å få til ei teknologiutvikling som er teknisk effektiv og samtidig kjenslevar for menneskelege behov. Vi trur C.P. Snow ville vore einig med oss i dette. 

Det Hegel kallar «tese» kan samanliknast med utviklingsarbeidet som teknologane gjer på grunnplanet. Morten Irgens og Christen Krogh vil ha ei spissa satsing på kunstig intelligens. Ein del av dette er knytt til utvikling av bruk av nye typar maskinvare som sensorar og aktuatorar med nye finessar, eller til kvantedatamaskiner. Ny programvare for kunstig intelligens vert utvikla i form av kreative maskinlæringsteknikkar og den gammaldagse kunstig intelligens-teknologien vert integrert til hybride kunstig intelligens-system, mykje basert på avansert formell kunnskap. Irgens og Krogh argumenterer med at vi må utvikle denne kunnskapen, det held ikkje berre å forstå kva dei andre gjer: «Det er mulig å kunne mye svært mye (sic) om kunstig intelligens, uten å være i stand til å bidra i utviklingen av det.» Dette treng norsk akademia å bli betre til.

Det Hegel kallar «antitese» kan samanliknast med humanioras og samfunnvitskapens kritikk. Kunstig intelligens-teknologien kan ha påverknader på arbeidslivet, personvernet er under press, og det å vere menneske endrar seg kanskje når vi overlet viktige intellektuelle prosessar (som skriving av tekst) til reknemaskiner. Analysen er kritisk fordi den vurderer svakheiter, motsetningar og dårlege verknader for menneske.

I innlegget sitt er Enli og Svarverud problemorienterte. Dei skriv at vi må stille nye grunnleggande spørsmål når vi utviklar kunstig intelligens-verktøy. «Datamaskinene har større kapasitet og beregningshastighet enn mennesker, og har til nå jobbet på vår kommando. Hva skjer når de begynner å samhandle med oss i stedet? Hvilken rolle tillegger vi dem? Hvor plasserer vi ansvar og rettigheter?»

Ein kan drøfte slike spørsmål med hardcore sosiologi, humanistiske analysar, jus og til og med psykologi. Slike analysar kan gje viktige tilbakemeldingar til teknologiutviklaren. Vi ønsker å unngå ukontrollerte versjonar av ting som Cambridge Analytica-skandalen der uetisk bruk av persondata og sosiale media truleg har fått storpolitiske konsekvensar. Slik kritisk spørsmålsstilling treng norsk akademia også å bli betre til.

«Syntesen» vil kunne oppstå dersom det vert eit konstruktivt samarbeid mellom teknologar og humanistar. Teknologen må forstå, akseptere og inkludere kritikken frå humanistane i utforminga av forbetra teknologiske løysingar. Syntesen er altså konstruktiv sidan den tar med kritikken inn i det vidare designet av ny teknologi. Syntesen skal bidra til betre løysingar for bruk og mindre problematiske konsekvensar i samfunnet. Syntesen kan vere eit krav, eit forslag, ein prototype, ei ny løysing, eit revolusjonerande gjennombrot eller berre ei lita justering.

Humanisten må vise god forståing for verkemåtar og moglegheiter i teknologien. Dette er avgjerande for at teknologen skal orke å høyre etter, og det er viktig at ein ikkje har strengare reguleringar som einaste svar. Det vert ingen teknologikritikk utan ein eksisterande teknologi å kritisere.

Samtidig må teknologen bli betre til å formidle sine perspektiv. Det er dei ivrigaste formidlarane som er synlegast i den offentlege debatten, og dei har ein tendens til å komme frå humaniora og samfunnsfag. Teknologane må lære seg å snakke om arbeidet sitt på eit nivå som gjer det tilgjengeleg for folk utanfor disiplinen.

Systema vert betre dersom utviklarane tek omsyn til korleis menneska er og korleis samfunnet vil og må utnytte teknologien.

Lars Nyre og Bjørnar Tessem

I Norge har vi rimeleg gode vilkår for utvikling av kunstig intelligens-teknologi gjennom det vi her kallar ein syntese av teknologisk og humanistisk kompetanse. Vårt eige institutt ved Universitetet i Bergen har eit fagmiljø med både teknologar, interaksjonsdesignarar, samfunnsvitarar og humanistar, og vi snakkar til ei viss grad med kvarandre. Det må vere eit mål å styrke dei miljøa som alt tek opp i seg begge kulturane og utvikle nye slike miljø der dei manglar. Dette treng vi aller mest.

Vi treng forsking som er i stand til å gjere avgjerder tekne av maskinlæringssystem forståelege og nyttige for vanlege brukarar. Vi treng forsking som forstår kvifor folk let seg styre av automatiske tilrådingssystem, og gjere desse systema meir balanserte. Vi treng forsking som gjer at vi kan forstå korleis ein sjuk, gammal person kan dra nytte av ein robot. Systema vert betre dersom utviklarane tek omsyn til korleis menneska er og korleis samfunnet vil og må utnytte teknologien.

Rudyard Kipling skreiv «Never the twain shall meet» om Vesten og Austen, og C.P. Snow gjorde orda til sine når det gjaldt humaniora og teknologifaga. For å gjere seg fortent til milliarden må norsk akademia gjere desse orda til skamme og sørge for at dei to kulturane møtast.

Powered by Labrador CMS