Studentaktiv læring
Desse får 70 millionar til betre undervisning
Pengane går til å utvikle nye og studentaktive måtar å undervise og vurdere studentane på. Sju institusjonar får støtte. UiB får nesten halvparten.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Totalt 86 søknader vart sende inn til fristen den 8. juni. No er det klart at 14 utvalte prosjekt får inntil fem millionar kroner kvar i støtte til å utvikla nyskapande undervisnings- og vurderingspraksis. Det melder Kunnskapsdepartementet (KD) i ei pressemelding.
Det er Universitetet i Bergen (seks prosjekt), Universitetet i Oslo (to prosjekt), NTNU (to prosjekt) og eit prosjekt ved UiT – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Agder, Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet og VID vitskaplege høgskule som i denne omgang får støtte.
— All grunn til å vere stolt over solid arbeid, skriv rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen på Twitter, etter at universitetet sikra seg nær halvparten av midla.
— Prosjekta som får støtte skal gi betre læring for studentar som mellom anna tar juss, medisin, lærarutdanning, ingeniør og helsefag. Fleire av prosjekta har utvikling av tverrfaglege utdanningsprogram og digitale moglegheiter som viktige element. Målet er at arbeidet som skjer i prosjekta skal kome alle studentar til gode, seier forsking- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i meldinga.
La ekstra pengar i potten
På grunn av det høge talet på søknader vart tildelingssummen auka frå 50 til 70 millionar kroner slik at fleire kunne få støtte, skriv KD.
Det er Diku, Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, som deler ut pengane.
Denne tildelinga er den andre i Diku sitt program for studentaktiv læring, som vart etablert etter at stortingsmeldinga «Kultur for kvalitet i høgare utdanning» passerte i statsråd i 2017.
I fjor var det 12 prosjekt ved åtte institusjonar som fekk støtte.
— Koronautbrotet førte til at universitet og høgskular måtte leggje om til digital undervisning og vurdering meir eller mindre over natta. Tilsette har lagt ned eit imponerande arbeid for å få dette til. Prosjekta som er tildelte pengar får no ekstra ressursar til å jobbe systematisk og spreie resultata frå utviklingsarbeidet sitt til andre miljø og institusjonar, seier Diku-direktør Harald Nybølet.
Prosjekta som no har fått tildelt midlar skal utvikle og forske på effektane av nye lærings- og vurderingformer. Dei må ha eit omfang og amibsjonsnivå som skal heve heile studieprogram eller emnegrupper, opplyser Nybølet.
Nylige artikler
Oi! Universiteter med eierskap i 79 selskaper
NTNU må trekke en tydelig linje mot våpen- og flerbrukssamarbeid
Mer forskningsmidler fra stiftelser og fond? Slik kan det gjøres.
66 tilsette sagt opp ved Københavns universitet
Gir regjeringa skylden for dårlig norsk på studier
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Artikkel om vindskala mest lest i 2025. SNL-sjefen er flau over nummer to på lista
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene