Debatt ● Atle Møen

Digital apokalypse no!

Vi står mest truleg framføre ei like drastisk endring av kunnskapen som innføringa av trykkekunsten på slutten av 1400- talet medførte. Og etter mi meining er det slik at vi står midt oppi ein slags undergang eller apokalypse for den vitskapelege sanninga.

En menneskeaktig og robotaktig skikkelse slår hendene opp i overraskelse eller irritasjon.
Ein slags positiv konsekvens av KI i forskinga, skrivinga og utdanninga, er at innafor dette tekstuniverset kan det opna seg ein ny relevans for alle som har ekspertise i å lesa og forstå tekstar, skriv forfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Vi kjenner på ei uro og ei uvisse med omsyn til dei konsekvensane KI har og vil få for utdanning, forsking og skapinga av sanninga. Ved universiteta er det slutten for heimeeksamen, og vi har laga til strenge grenser for bruken av KI i skrivinga av masteroppgåver. Det siste er at utvalet for bruk av kunstig intelligens i høgare utdanning, har kome fram til at KI kan brukast i sensureringa av eksamenssvar.

Vi har ingen kunnskap om korleis og i kva grad KI vert nytta i skrivinga av forskingsartiklar. Men det kan truleg vera slik at den vitskaplege kunnskapen og «sanninga» er i ferd med å implodera eller kollapsa i «eit svart hol» i tekstuniverset, og denne moglege kollapsen av meining og sanning skjer i tilfelle under mengda av dei algoritme- styrte sitata som er skapte gjennom KI-språkmodellar. 

Alt vi skriv vert mata inn i dette tekstlege monsteret; alt er vorte tekst eller eit felt for intertekstualitet, for å låna eit omgrep frå den franske filosofen Roland Barthes.

Etter det eg forstår er KI ei slik sitatmaskin som eigentleg ikkje skaper noko nytt, men som er hypereffektiv med tanke på å predikera kva som er det mest sannsynlege neste ordet i ei setning. 

For å gjera dette, skannar den kunstige intelligensen gjennom uhorvelege mengder med tekst som er lagra og gjort tilgjengelege på ei eller anna open kjelde i det enorme tekstuniverset.

Ein slags positiv konsekvens av KI i forskinga, skrivinga og utdanninga, er at innafor dette tekstuniverset kan det opna seg ein ny relevans for alle som har ekspertise i å lesa og forstå tekstar. 

Å verta utdanna som ein humanist og samfunnsforskar, burde difor ha høg (arbeidsliv) relevans på to måtar:

For det første må vi verna om mennesket sin verdigheit eller vyrdnad innanfor eit digitalt KI- univers. Med Immanuel Kant kan ein seia at tinga har verdi, mens menneska har verdigheit. For det andre må vi øva oss i å tolka og forstå tekstmangfaldet, ulike perspektiv og andre sine meiningar, elles vil vi ganske snart oppleva stadig meir kaos. 

Vi må berre håpa på at det finst ei «ånd» bortanfor algoritmar og sitatteknologi.

Vi har også fått fornya innsikt om at alle former for informasjon og kommunikasjon er avhengige av energi. Det krevst store mengder energi til å henta ut forståeleg tekst frå den enorme mengda med tilgjengeleg tekst innanfor tekstuniverset. Kvar gong vi stiller eit spørsmål til ChatGPT, fyrer vi opp ei mengd med datamaskiner som set i gang med statistiske predikasjonskalkulasjonar. 

Og kan det vera at den vitskapelege kunnskapen døyr gradvis gjennom at sanninga vert omdanna til slike kalkulasjonar?

No brukar vi energi på å reisa, varma opp husa våre og transportera varer rundt omkring, men hungeren etter energi vil ikkje minka men heller auka mykje i det framtidige KI- samfunnet. 

Dersom ein forstår det som skjer gjennom termodynamikken si 2. lov, kan ein hevda at det alltid trengst energi for å danna eit system ut av eit kompleks kaos. I seg sjølv står mengda av tekstar innanfor tekstuniverset fram for oss som kompleks kaos utan system og meining. 

Men ved bruk av store mengder med energi kan vi omdanna uorden og kaos til system, meiningsfull kommunikasjon og ein slags orden.

Denne hungeren etter energi, ser ein gjennom dei mange datasentera som oppstår rundt omkring landet. Teknologigigantane er ute etter å gjera bruk av store mengder energi og skaffa tilgang til den billegaste energien, fordi all kommunikasjon og informasjon er svært energikrevjande. 

Å stogga denne moglege koloniseringa av norske energiressursar som utspelar seg framføre oss, er viktig både for å verna om miljøet og for å skapa eit verna rom for sanninga.

Powered by Labrador CMS