Debatt olaug husabø

Doktorgradsstudiet er ikkje designa

Institusjonane bør revidera planane for ph.d.-studiet med tanke på at det skal kunna gjennomførast på tre år.

Den som er tatt opp til eit studium på tre år må kunna rekna med at det er mogeleg å bli ferdig på tre år, skriv Olaug Husabø.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Fleire innlegg i Khrono i vinter har peika på at ph.d.-studentar arbeider under stort press. Mange brukar meir enn normert tid på studiet. Mange blir aldri ferdige. Mellom anna har Ellen Lexerød Hovlid uttala seg om psykisk helse i akademia: «Gråtende stipendiatar er vanligere enn ikkje-gråtende».

I eit tankevekkande innlegg i Khrono nyleg, «Gråter også mannlege stipendiatar?» følgjer Silje L. Meskestad opp temaet. Ho spør mellom anna kvifor departementet ikkje stiller krav i tildelingsbrevet om at institusjonane må retta på dette. Det spørsmålet er heilt på sin plass. Vonleg vert det følgt opp på departementsnivå.

Men eg har ein litt malapropos merknad til at Meskestad legg til grunn at ph.d.-løpet har vorte designa ein gong i tida: «Ph.d.-løpet vart designa på ein tid da …». Men ph.d.-graden var ikkje noko nyskaping – i hovudsak var han ei vidareføring av ordninga for dei fagspesifikke gradane dr.art., dr.polit., dr.scient. dr.med., dr.juris. m.fl. frå 80-talet. Endringa stod fram som ei namneendring – no skulle alle gradane heita det same.

At graden skulle heita philosophiae doctor (ph.d.) var eit resultat av kvalitetsreforma (2003). Medan bachelorgraden vart 1 – 1 ½ år kortare enn graden cand.mag., og enkelte profesjonsgradar vart eitt år kortare enn før, vart ikkje rammene for doktorgraden endra. Graden skulle vera på tre år som dei fagspesifikke gradane.

Dei fagspesifikke gradane var heller ikkje noko nyskaping i si tid. Dei vart oppretta på 1970-80-talet, men vart sett på som ei vidareføring av dei frie gradane dr.philos., dr.med., dr.juris., dr.theol. dr.psychol. m.fl. – men slik at no skulle graden vera tidsnormerte og ikkje på ubestemt tid.

Det kan framleis skje at nye studentar får høyra av rettleiar at «Du bli ikkje ferdig på tre år», utan at det vert følgt opp med råd om korleis planen kan endrast.

Olaug Husabø, pensjonist

Departementet oppretta dei fagspesifikke gradane og fastsette reglement for dei. Føringa var at doktorgradane skulle vera noko anna enn dei frie gradane og at dei skulle vera ein integrert del av utdanningssystemet. Reglementa var fagspesifikke og galdt for heile utdanningsløpet cand.mag., hovudfag og doktorgrad.

Eit døme på det er reglement for gradane candidatus magisterii og candidatus scientiarum og doctor scientiarum ved Universitetet i Tromsø, frå 3.8.1979. Med enkelte unntak i starten, vart dei fagspesifikke doktorgradane normerte til tre år.

Ifølgje departementet sine reglement skulle doktorgraden bestå av ei avhandling og ein opplæringsdel. Studentane skulle ha rettleiar og det skulle vera ein disputas. Det står ikkje noko om prøveførelesing, og heller ikkje om kreering – det var sensorane som avgjorde om graden var oppnådd.

Reglementa vart nok til ein viss grad følgde, det finst doktorar som ikkje hadde prøveførelesing og doktorar som ikkje er kreerte. Institusjonane sette i gang enkelte for å få til eit studium på tre år. Eit døme på det er retningslinjer for nivået på graden dr.juris.

Tilsvarande retningslinjer vart sikkert utarbeidd også for andre fag. Men det var vel ingen institusjonar som starta planlegging med det utgangspunktet at dette faktisk var eit nytt studium. Dei kopierte stort sett den ordninga som galdt for dei frie gradane. Doktorgraden var ei (gude)gitt ordning; no galdt det å «klemma saman» krava, slik at det blei eit studium tre år.

Dette utgangspunktet hadde den ulempa at det vart uklart kva som var «godt nok». Fagmiljø var usikre på kva som skulle til. Yngvar Løchen som var leiar for forskingsutdanningsutvalet (programstyret) for SV-fakultetet ved UiT på -90-talet sa ein gong:

«Rettleiar tenkjer gjerne at studenten har komme langt nok med doktoravhandlinga, og kan levera, men så er han usikker på om bedømmingskomiteen er innforstått med den nye ordninga, og så føreslår han at studenten skal arbeida eit semester til for å vera sikker.»

Så det var vanskeleg å få fagmiljøa til å akseptera endringa. Ein røynd rettleiar og komitémedlem sa:

«Eg kjem aldri til å godkjenna ei avhandling som er skriven på to og eit halvt år.» Ein annan gav uttrykk for at «å seia at doktorgraden er på tre år, er som å setja kjerra framfor hesten».

Haldningane smitta i tid. Det kan framleis skje at nye studentar får høyra av rettleiar at «Du bli ikkje ferdig på tre år», utan at det vert følgt opp med råd om korleis planen kan endrast. Eller: «Du treng ikkje å prioritera å ta desse studiepoenga – konsentrer deg om avhandlinga no.»

Ei tid etter at den første universitetslova tok til å gjelda i 1990, fekk institusjonane sjølv fullmakt til å fastsetja forskrift om opptak, studiar og eksamen. Då valde dei å vedta separat forskrift om doktorgraden. Det skulle ikkje lenger vera integrerte reglar om heile studieløpet.

Til overmål såg dei heilt bort frå gjeldande reglement. Dei laga eit nytt sett av reglar om opptak og studiar på doktorgraden og kopierte forskrifta om den gamle, frie, dr.philos.-graden i delen om eksamen. Det var som om departementet sitt reglement aldri hadde eksistert. Dette gav eit uheldig signal om at alt skulle halda fram som før, berre med ei tidsramme.

Så ph.d.-studiet er ikkje designa. Det er kopi av dei fagspesifikke gradane som er kopi av dei frie gradane. Det er på tide at institusjonane gjer noko med det. Den som er tatt opp til eit studium på tre år må kunna rekna med at det er mogeleg å bli ferdig på tre år.

Les også:

Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside

Powered by Labrador CMS