Debatt ● Øyvind M. Berge, Anne Karin Hamre og Jon Askeland
Eit statsbudsjett som svekkar innovasjonskrafta på Vestlandet
Noreg og Vestlandet treng omstilling, mot grønare næringar og arbeidsplassar. Difor er det alvorleg at regjeringa kuttar i ordningar for forsking og innovasjon, som bidreg til verdiskaping og omstilling på Vestlandet.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det heile byrja i ein garasje.
No har gründerselskapet Invertapro flytta inn i storfabrikk på Voss.
Bedrifta produserer larvar av matsvinn, som blir til dyre- og fiskefôr, og gjødsel. Ingenting går til spille. Slik bidrar dei til innovasjon som Noreg og verda treng for å kunne produsere meir mat og samstundes ta betre vare på naturen.
Ballen Grasp er utvikla på Vestlandet. Inni ballen er det teknologi som registrerer når, kor hardt og kor lenge ein person klemmer på ballen.
I helsetenesta er det mykje som kan målast og overvakast, som blodtrykk og hjarterytme. Subjektive opplevingar som smerte og uro er derimot vanskelegare å måle — og ofte vanskelege for pasienten å setje ord på. Grasp kan bidra til å endre dette.
Det er svært overraskande, og vil svekke næringslivet på Vestlandet.
Gjennom ein enkel meistringsball som fangar opp pasienten sine symptom og kjensler, gjer Grasp det lettare for helsepersonell å forstå korleis pasienten har det. Slik fremjar selskapet meistring og tryggleik gjennom betre kommunikasjon og tilpassa behandling.
Felles for Invertapro og Grasp er at dei i utviklinga av selskapa har fått støtte gjennom den nasjonale ordninga FORREGION — Forskingsbasert innovasjon i regionane.
Dei er ikkje åleine. Kvart år får rundt 1800 bedrifter i Noreg hjelp til å ta i bruk forsking og innovasjon i sitt utviklingsarbeid gjennom FORREGION. Ordninga finst i alle regionar i Noreg. Det er fylkeskommunen som har ansvaret, og i Vestland er det Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking som står for gjennomføringa. Ordninga er svært vellykka og mykje brukt i vår region. Berre i Vestland fekk 150 bedrifter støtte i fjor.
No foreslår regjeringa i statsbudsjettet å kutte heile ordninga på 60 millionar kroner med eit pennestrøk, utan utgreiing eller å snakke med dei som forvaltar ordninga. Det er svært overraskande, og vil svekke næringslivet på Vestlandet.
Kuttet vil særleg gå ut over små og mellomstore bedrifter som er i ein oppstartsfase. Dei manglar ofte tid, økonomi og kompetanse til å arbeide systematisk med forsking, og til å orientere seg mot forskingsmiljø som kan bidra i utviklinga.
Gjennom ein kompetansemeklar, som kjenner både næringsliv og forskingsmiljø i regionen godt, får bedriftene gratis rettleiing, hjelp til søknadar og kontakt med aktuelle forskingsmiljø. Dette gjer bedriftene i stand til å delta i store nasjonale og internasjonale forskingsprogram, som Horisont Europa, verdas største forskings- og innovasjonsprogram.
Forsking og innovasjon er avgjerande for omstilling og for utviklinga av eit konkurransedyktig Noreg. Vi veit at bedrifter som brukar forsking i utviklinga si blir meir effektive og kan konkurrere betre med andre. Bedrifter som samarbeider med forskingsmiljø opplever ofte også ei betydeleg forbetring av produkta og tenestene sine, og dermed også betre økonomiske resultat.
Bedrifter som samarbeider med forskingsmiljø opplever ofte også ei betydeleg forbetring av produkta og tenestene sine, og dermed også betre økonomiske resultat.
Vestlandet, som er avhengig av olje- og gassindustrien, har eit særleg stort behov for å omstille næringslivet mot nye grøne marknader og grøne arbeidsplassar i åra som kjem.
Då er det underleg at regjeringa vel å kutte ei ordning som nettopp skal bidra til innovasjon og auke regional verdiskaping, omstilling og konkurransekraft.
Kuttet av FORREGION er nok eit eksempel på at forsking og utvikling blir mindre prioritert på Vestlandet og andre regionar.
I fjorårets statsbudsjett avvikla regjeringa regionale forskingsfond, noko blant anna Kommunanes Sentralforbund (KS), åtvara mot. Samstundes går halvparten av dei offentlege forskings- og utviklingsmidlane (FoU) til Oslo og Trøndelag, og investeringar i FoU her til lands er i større grad konsentrert om hovudstadsområdet enn i dei andre nordiske landa.
Næringslivet sjølv må forske meir, ikkje mindre. Internasjonalt aukar næringslivet sine investeringar i FoU, mens i Noreg ligg vi på eit lågt nivå. Samarbeid mellom akademia og næringslivet er og meir utbreitt i andre land.
Frå undersøkingar veit vi at når næringslivet samarbeider med universitet og høgskular, er det i stor grad med institusjonar i eigen region. Det same erfarer vi når det gjeld bedrifter sitt samarbeid med forskingsinstitutt. FORREGION er difor viktig for å senke terskelen for at næringslivet sjølv investerer i FoU.
Å legge ned nok ei regional ordning vil svekke samarbeidet og næringslivet sin FoU-innsats i heile landet.
Det har aldri vore viktigare med verkemiddel som fremjar samarbeid med akademia, tett på der bedriftene er og verdiskapinga skjer. I fjor kom Draghi-rapporten — The future of European competitiveness. Den viste at Europa sakkar akterut i konkurransen mot USA og Kina.
No svekker regjeringa eit viktig grunnlag for omstilling og innovasjon på Vestlandet, i eit tid der dei burde styrke den.
Rapporten understrekar at det må satsast langt meir på forsking og innovasjon, særleg innan energi og teknologi. Behovet for å intensivere og investere i grøn omstilling er gjennomgåande i rapporten.
Perspektivmeldinga framhevar at innovasjon og omstilling må prege utviklinga av framtidas arbeidsplassar, og at forsking og utviklingsarbeid er avgjerande for at norske bedrifter skal hevde seg internasjonalt. I ein nyleg strategi, skriv regjeringa at å utvikle og bruke ny kunnskap er avgjerande både for å fornye gamle næringar og for å bygge opp nye.
FORREGION bidrar til nettopp dette. Små og mellomstore bedrifter som elles ikkje ville drive med forsking og utvikling, får hjelp til å integrere dette som ein del av si verksemd frå starten av.
Det aukar verdiskaping og konkurransekraft for bedriftene på Vestlandet, og bidrar til å omstille næringslivet mot nye grøne marknadar og arbeidsplassar. Slik som når Invertapro bidrar til meir berekraftig matproduksjon og Grasp til ny teknologi i helsetenesta.
No svekker regjeringa eit viktig grunnlag for omstilling og innovasjon på Vestlandet, i eit tid der dei burde styrke den.