Debatt ● Oddmund Hoel

Fleire vegar inn til lærarutdanningane

Eit av våre hovudmål med profesjonsmeldinga er å styrkje den erfaringsbaserte kunnskapen i profesjonsutdanningane. For å lukkast med det, må vi gjere vegen enklare inn for dei med erfaringskunnskap.

Statsråden på veg inn til å presentere den nye profesjonsmeldinga på Universitetsbiblioteket på Blindern.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

«Våre barn fortjener godt kvalifiserte lærere fra en forskningsbasert og praksisrettet profesjonsutdanning på masternivå», skriv sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, Maja Henriette Jensvoll. Heilt einig!

Jensvoll er bekymra for at grepa vi tek i profesjonsmeldinga gjer at utdanningane ikkje lenger vil vere forskingsbaserte. Det er det ingen grunn til å vere bekymra for.

Eg deler heller ikkje frykta for at dei grepa vi tek for meir fleksibilitet og større vekt på praktisk erfaring frå skulen, vil kunne føre til ei «nedbygging av de vanlige lærerutdanningene», som det blir formulert i ei anna Khrono-sak.

Eit av våre hovudmål med profesjonsmeldinga er å styrkje den erfaringsbaserte kunnskapen i profesjonsutdanningane. For å lukkast med det, må vi gjere vegen enklare inn for dei med erfaringskunnskap — både inn i studiar og til å utdanne morgondagens sjukepleiarar og lærarar. Vi må ha mindre rigiditet, meir fleksibilitet og meir tillit til våre lærarutdanningsinstitusjonar.

Ved å opne for ein master i praktisk-pedagogisk utdanning, får vi studentane raskare inn i lærarutdanninga enn om vi ber dei om fyrst å ta ei masterutdanning. Studentane blir uteksaminerte som lærarar eit år før. Dei har då ein fullverdig mastergrad, som møter alle krava i både mastergradsforskrifta og PPU-forskrifta. Det mellombels unntaket frå krav om mastergrad gjeld berre for dei med minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen. Opptak til ein erfaringsbasert master, som kan vere kortare, krev òg arbeidserfaring frå skulen.

Ein master i praktisk-pedagogisk utdanning vil kunne utformast på fleire vis. Eg har full tillit til at institusjonane vil utvikle studietilbod som held høg kvalitet. I Noreg er det tradisjon for fleire vegar inn i læraryrket. PPU rekrutterer frå eit anna segment, og kvalifiserer delvis for å undervise på andre trinn, enn grunnskulelærarutdanningane gjer. Eg er ikkje så bekymra for konkurranse mellom dei ulike utdanningane, men trur at vi no kan få tak i nye søkjargrupper som elles ikkje ville sett på læraryrket som ei moglegheit.

Eg er ikkje så bekymra for konkurranse mellom dei ulike utdanningane, men trur at vi no kan få tak i nye søkjargrupper som elles ikkje ville sett på læraryrket som ei moglegheit.

Oddmund Hoel

Jensvoll skriv at vi foreslår ei endring av stillingsstrukturen i høgare utdanning, og at forsking og forskingskompetanse i utdanningane blir prioritert ned. Vi endrar ikkje på stillingsstrukturen, men vi foreslår endra kvalifikasjonskrav. Eg er ikkje samd i at dei endra krava prioriterer ned forskingskompetanse, men dei løftar verdien av erfaring frå praksisfeltet.

I dag er det krav om forsking- og utviklingsarbeid som svarar til ei doktorgradsavhandling for å bli førstelektor. I forslaget har vi endra dette til krav om relevant yrkes- eller undervisningserfaring og bidrag til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå. Forslaget vil mellom anna gjere det mogleg å tilsetje undervisarar med relevant erfaring frå praksisfeltet. Endringa opnar for meir mobilitet mellom arbeidslivet og akademia, og vil bidra til meir profesjonsnære utdanningar. Erfaring frå yrkes- og arbeidsliv i fagmiljøa knyter utdanning og yrkesutøving nærare saman.

Det er også slik i dagens regulering at ein må søke dersom ein skal rykke opp til stilling som førsteamanuensis — eller søke på ei kunngjort stilling. Endringa i forslaget går ut på at ein ikkje lenger kan søke opprykk på tvers av stigane. Slik skal ein gjennom sine arbeidsoppgåver kunne kvalifisere seg til opprykk i karrierestigen. Vi opnar likevel for at institusjonane kan tillate overgang mellom stigane — til dømes mellom førstelektor og førsteamanuensis.

No er forslaget til ny tilsettforskrift på høyring. HK-dir vil gå grundig gjennom alle innspel som kjem inn. Desse vil bli vurdert før endeleg forskrift blir vedteke.

Powered by Labrador CMS