universitetet i bergen

For første gong på 16 år vert det kamp om dekansetet

Dei er samde om at dei er samde om mykje, og dei er glade for at det vert eit reelt val. Men dei to laga som stiller til val ved Det humanisiske fakultetet ved Universitetet i Bergen peikar òg på saker som skil dei.

Åsta Haukås, Anne Beate Maurseth og Laura Saetveit Miles ønskjer å overta dekankontora på Nygårdshøyden i Bergen.

Universitetsdemokratiet, sa rektorkandidat Lise Øvreås då ho offentleggjorde at ho stilte mot sitjande rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen (UiB) i vinter.

Universitetsdemokratiet, seier Anne Beate Maurseth, som no stiller som dekankandidat ved Det humanistiske fakultetet (HF) ved same universitet.

— Den sitjande dekanen annonserte ikkje om ho ville stilla til ein ny periode eller ikkje. Ho verken mobiliserte eller oppmoda andre til å stilla før forslagsfristen gjekk ut. Det er ein viktig grunn til at me stiller, og me ønskjer at tilsette og studentar skal få eit reelt val, seier ho.

Maurseth er professor i allmenn litteraturvitskap. Med seg som prodekankandidat har ho professor i engelsk litteratur Laura Saetveit Miles, og som visedekankandidat Åsta Haukås. Ho er professor i framandspråkdidaktikk og tysk.

Kva er det viktige?

Det er seksten år sidan det sist var kamp om dekansetet ved Det humanistiske fakultetet. Den gongen var det Gjert Kristoffersen som stilte mot sitjande dekan Gunnstein Akselberg — og vann.

Maurseth viser til at det berre er tre av universiteta i Noreg der tilsette kan velja dekanar. Ved UiB har tre av fakulteteta val, dei andre tilset dekanane i åremålsstillingar.

— Så demokrati er eit viktig argument. Eit anna handlar om verdiar. Det er sjølvsagt mykje me er samde med sitjande dekanat om, men så skil me oss på nokre område, og i måten me vil leia på, seier Maurseth.

Maurseth reagerer mellom anna på at Brautaset i si plattform innleiar slik: «Det er ikkje humaniora som har skapt klimakrisa, men vi har eit medansvar for å løyse ei krise som angår oss alle. Det er heller ikkje humaniora som har skapt krig og konflikt i verda, men våre fagtradisjonar har klokskap og innsikter som også her kan føre verda i ei betre retning.»

— Å innleia slik kan gi inntrykk av at dette åleine legitimerer humaniora. Me meiner at det er den kunnskapen humaniora bringar fram, om språk, litteratur, kunst, filosofi, kultur, kjønn og historie som er viktig i seg sjølv, ikkje at den først og fremst skal tena eit bestemt føremål. For er vi alle einige om kva ei betre verd er for noko, spør ho.

Professoren meiner at det er det å vera nyfiken, engasjert, og gleda over det humaniora kan koma fram med, som er grunnlag for humaniora sin eksistens.

— At ein får ei betre verd er ein mogleg konsekvens, seier ho, og held fram:

— Humaniora handlar om mennesket, i heile dets mangfald, også dei sidene av det me kan henda ikkje likar, slik den antikke diktaren Terents sa det: «Intet menneskeleg er meg framand».

Det er kunnskapen humaniora bringjer fram som er viktig, meiner dekankandidat Anne Beate Maurseth (i midten). Ho stiller til val saman med Åsta Haukås og Laura Saetveit Miles.

Shoppa fag

— Men studentar betyr òg pengar, og HF-studentane er kjende for å ta eit fag her og eit fag der. Korleis skal de få dei til å gjennomføra?

— Det er så vakkert at ein kan shoppa fag, utbryt litteraturvitskapsprofessoren, og viser til at hennar fag, «den unyttige litteraturvitskapen», som ho sjølv seier, har gode søkjartal. 

Det kan tyda på at også slike fag kan bli populære i vanskelige tider, seier ho, og peikar på at denne shoppinga kan føra til at ein brått får ein sjukepleiar som òg har studert tysk, eller nokon som har med seg nokre studiepoeng i litteraturvitskap. 

— Så fråfall er på ingen måte berre negativt. Men det som er viktig, og som me vil jobba for, er å gjera HF til ein god stad å vera.

Vil ha fellesmøte

Dei siste åra har det vore fleire krevjande saker ved Det humanistiske fakultetet, både sak om fagleg bemanningsplan og ikkje minst tilsetjingssaka som Khrono har omtalt fleire gongar.

Anne Beate Maurseth meiner kulturen ved HF må endrast. I valplattforma heiter det at dekanatet ho ønskjer å leia, vil vera lyttande, pragmatisk og handlekraftig. «Å unngå interne konflikter i slike tider, kan være utfordrende, men mulig. Vi tror at god kommunikasjon, forutsigelige, grundige og åpne prosesser vil bidra til aksept om beslutninger i vanskelige saker som for eksempel budsjett og bemanningsplan».

— Kva vil de endra?

— Eg har site fire år i fakultetsstyret no, seier prodekankandidat Laura Saetveit Miles.

— Når det har kome store saker, som den faglege bemanningsplanen, har fakultetsstyret berre fått dei som ordinære saker. Me vil laga møteplassar og ha fellesmøte før store avgjerdsler skal verta tekne.

— På valmøtet me hadde, snakka sitjande dekan om at det hadde vore fleire kilometer med sakspapir, som var tilgjengeleg for alle. Men det er jo ingen garanti for at demokratiet fungerer. Det kan til og med vera eit hinder, supplerer visedekankandidat Åsta Haukås.

Ho vil ha meir samarbeid på tvers på fakultetet.

— Korleis jobbar dei som er flinke til å få studentane gjennom til normert tid? Og eit av institutta har stipendiatar som leverer når dei etter planen skal, kva kan andre læra av dei? Nokre er flinke til å få til god etter- og vidareutdanning, korleis kan fleire få det til?

Miles vil også ha meir samarbeid og openheit om søknader om eksterne forskingspengar. I valplattforma heiter det at Team Maurseth vil halda fram det arbeidet som vart starta då Maurseth var prodekan og Jørgen Sejersted dekan frå 2017.

Miles har starta eit opplegg ved Institutt for framandspråk, der ho er professor, der søknader som har nådd opp i kampen om pengar vert presentert og drøfta.

— Eg føreslo først for fakultetsleiinga å løfta dette opp på fakultetsnivå, men ingenting skjedde, seier ho.

— Eg vil berre skryta av Miles: Det har vorte ein forskingssøknadsiver ved instituttet, seier Haukås, som er professor ved same institutt.

Små fag? Eller ikkje småfag?

Det humanistiske fakultetet har omlag 3500 studentar, fire institutt og to senter. Institutta er svært ulike både når det handlar om storleik og om heterogenitet.

Institutt for lingvitiske, litterære og estetiske studium famnar til dømes fag som teatervitskap, klassiske fag, kunsthistorie, norsk som andrespråk og lingvistikk. Her er fleire av faga små.

Historie, som er ein del av institutt for arkeologi, hisotrie, kutlur- og religionsvitskap, er eit stort fag.

— Skal de framleis ha alle fag?

—Me ønskjer breidde, og er takksame for at universitetsleiinga har bevilga ein småfagpakke. Samstundes vil me vera opne for gode diskusjonar om korleis breidda best kan takast vare på i framtida, seier Maurseth.

Me kan gjerne ta bilete ved humanioraskiltet, seier Camilla Brautaset. Her står ho utanfor Bibliotek for humaniora saman med Eivind Heldaas Seland og Heming Helland Gujord.

Fire år, fire statsrådar

Universitetsdemokrati, seier sitjande dekan Camilla Brautaset òg. Ho har med seg Eivind Heldaas Seland, professor i historie, som prodekankandidat og Heming Helland Gujord, professor i nordisk fagdidaktikk og litteratur, som visedekankandidat.

— Me er utruleg glade for at det er eit reelt val med meir enn eitt lag, seier Brautaset.

Ho seier at ho tenkte seg nøye om før ho bestemte seg for å stilla til val for ein ny periode.

— Eg synest me har fått til mykje dei fire siste åra, i det som er vanskelege tider. Me har hatt like mange statsrådar! I ei slik stilling er fire år både lang og kort tid, og den er for kort til å få gjennomført dei store prosessane. Men eg saknar å undervisa, seier historieprofessoren.

Fram til august har ho med seg Ole Hjortland og Svein Ivar Angell i leiinga.

— Dei har begge uttrykt ønske om å gå tilbake til sine faglege stillingar, noko eg både forstår og respekterer. Dei er begge viktige fagfolk, og vil fortsette å styrke HF gjennom bidrag innan både forsking og undervisning, seier Brautaset.

— Kva er viktig for dykk dei neste fire åra?

— Me skal bidra med stabilitet, kontinuitet og langsiktigheit. Allereie i 2022 tok fakultetet grep, og har klart seg godt i ein utfordrande periode. HF har kontroll på eigen økonomi, og kan visa til gode resultat på fleire områder –særleg innan forsking, seier ho.

— I denne perioden har det vore nokre krevjande saker. Er det noko du vil gjera annleis dei neste fire åra?

— Krevjande saker vil alltid koma ved eit fakultet. Alle dei krevjande sakene har funne si løysing, det er òg ein stresstest for ein organisasjon. Samstundes er det slik at me finn alle måtar å gjera ting betre på, seier Brautaset.

Ho viser til at det har vore fleire allmøte dei siste fire åra enn kva som har vore tilfelle tidlegare.

— Men, kanskje burde me ha enda fleire. Demokrati er ikkje den enklaste styringsforma — men det er den beste.

 Kva er det å vera menneske?

Både Seland og Gujord trekkjer fram at dei synest det er deira tur å ta ansvar.

— Her på HF får me velja leiarane våre. Det gir både moglegheit, men òg eit ansvar, til å stilla opp. Eg elskar å forska, eg elskar å undervisa, men det viktigaste er kor glad eg er i arbeidsplassen min. No får eg sjanse til å byta hatt for ein periode og vera med på å sikra at HF kjem styrka ut, seier Seland.

Gujord er ein som ytrar seg mellom anna i Khrono, og meiner at det òg er ein måte å delta i HF-demokratiet på.

— Dersom eg meinte at det stod dårleg til med demokratiet, ville eg ikkje gått inn i dette, seier han.

— Me har dessverre ikkje så mange studentar ved HF som me ønskjer. Me vil setja studenten i sentrum, me vil lytta til kva dei vil ha, til dømes av studieprogram.

— HF utdannar lektorar, men ein utdannar òg mange som ikkje får ein profesjon. Er det samfunnsrelevans eller faga i seg sjølv som er viktige?

— Kan eg få svara, seier Seland og smiler.

— Humaniora handlar om kva det er å vera menneske, og det er vanskeleg å sjå noko som er meir relevant i den polariserte verda me no har. Det er ikkje slik at studentane våre utdannar seg til arbeidsløyse, dei går ut i meiningsfulle og samfunnsnyttige jobbar. No må me rusta studentane til å nytolka ei verd i endring.

Me får velja leiarane våre, seier Eivind Seland (til høgre). Han ønskjer å verta prodekan, Camilla Brautaset vil gjerne halda fram som dekan. Heming Gujord vert visedekan, dersom dette laget vinn dekanvalet.

Fleire har fått ny dekan

Valet ved Det humanistiske fakultetet startar 19. mai.

Som Khrono har skrive før, har tre andre fakultet ved Universitetet i Bergen fått nye dekanar

Dei tre siste skal ha val, men der er det berre ein kandidat.

Ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet var det to kandidatar for fire år sidan. I løpet av perioden gjekk Jan Erik Askildsen over i emeritusane sine rekkjer, og prodekan Siri Gloppen vart dekan. Ho stilte ikkje for ein ny fireårsperiode. Det gjorde derimot Synnøve Kristine Nepstad Bendixen frå Institutt for sosialantropologi. Ho har med seg Julie Riise frå Institutt for økonomi som prodekan og Frode Guribye frå Institutt for informasjons- og medievitenskap som visedekan.

Sidan det ikkje var motkandidatar, er det fakultetsstyret som vel. Etter det Khrono kjenner til, gjekk valet føre seg skriftleg. Det kom inn to blanke stemmer.

Ved Det psykologiske fakultetet var det, som Khrono har skrive, ingen kandidatar som melde seg då fristen gjekk ut. No er Stine Lehmann frå Institutt for klinisk psykologi vald som dekan, med professor Torbjørn Torsheim frå Institutt for samfunnspsykologi som prodekan. Frøydis Morken og Elisabeth Flo-Groeneboom vert visedekanar.

Det juridiske fakultetet får òg ny leiing, etter at Karl Harald Søvig har vore dekan i åtte år. Her stiller Sigrid Eskeland Schütz og Jørn Jacobsen. Fakultetsstyret skal velja dei inn 20. mai.

Powered by Labrador CMS