universitetsdemokrati
Professor meiner ein ikkje skal kunne vera både tillitsvald og styremedlem
Professor Elisabeth Ivarsflaten har bede om ei utgreiing av kven som skal kunne sitja i fakultetsstyre, og eventuelt ei karantenetid for tillitsvalde.

— Eg meiner det hadde vorte betre styring dersom ein hadde hatt betre reglar, seier professor ved Universitetet i Bergen, Elisabeth Ivarsflaten.
Ho sit i fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet (SV-fak).
Det same gjer Kjell Erik Lommerud, som òg er hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved UiB.
Professor Ivarsflaten meiner at dersom ein er tillitsvald i sentrale posisjonar, bør ein ikkje samstundes kunne sitja i fakultetsstyret.
No har ho bede om ei sak der samansetjinga i styret vert greidd ut.
— Dette er ei viktig prinsipiell sak. Eg meiner at tilsette i fast stilling ved UiB, som òg sit i fora som handsamar saker som er unnateke offentlegheit, ikkje bør sitja i fakultetsstyre. Ein bør ikkje ha dei to verva samstundes, seier ho.
Meiner modellen har svakheiter
Kjell Erik Lommerud sin professorkollega frå Institutt for økonomi, Steinar Vagstad, sit i universitetsstyret. Vagstad er leiar for Forskerforbundet ved UiB.
Jørgen Melve, som er hovudtillitsvald for NTL ved UiB, er på veg ut av universitetsstyret etter åtte år. Han har tidlegare site i fakultetsstyret ved SV-fak.
Ivarsflaten understrekar at ho ikkje er nokon motstandar av fagforeiningar.
— For meg handlar dette om ryddig styring, seier ho, og peikar på at dersom ein har ulike roller vert ein fort sitjande på fleire sider av bordet. Til dømes sit ein som tillitsvald både i lønsforhandlingar og andre forhandlingar.
— Ein kan klara dette dersom ein er svært medviten om dei ulike rollene ein har. Men eg meiner det er svakheiter i den modellen ein har i dag, og det er noko ein ikkje ser i gode tider, seier Ivarsflaten.
— Eg tek dette heilt med ro, svarar Kjell Erik Lommerud.
— Kven som er habil til å sitja i styre eller ikkje, er ei sak som må opp i universitetsstyret. Valreglementet blokkerer visse personar, seier han.
I valreglementet til Universitetet i Bergen heiter det at berre er assisterande universitetsdirektør, tilsette ved universitetsdirektøren sitt kontor, avdelingsdirektørar, fakultetsdirektørar og medlemmer av dekanat som ikkje kan stilla til val i universitetsstyret. Når det gjeld fakultetsstyre er det fakultetsdirektør og denne sin vara som ikkje kan stilla til val. Det same gjeld seksjonssjefar, instituttleiarar og dei som er desse sin vara.

Prøver å unngå saker frå eige fakultet
Steinar Vagstad sa nyleg til Khrono at det dei siste fire åra berre har vore ei sak der han har vore inhabil i universitetsstyret fordi han er tillitsvald.
Lommerud seier at det ikkje har vore ei einaste sak i fakultetsstyret ved SV-fak der fagforeiningsvervet har gjort han inhabil.
— Så kan ein sjølvsagt tenkja seg at det kan koma nokre saker. Før mi tid var det ei oppseiingssak mot ein fast tilsett forskar der Forskerforbundet assisterte og argumenterte for at arbeidsoppgåvene hans var så vikla inn i instituttet si ordinære drift at han ikkje kunne seiast opp. I ei slik sak ville eg vurdert å melda meg inhabil, seier Lommetud.
Han seier at det viktigaste som vert avgjort i fakultetsstyre og universitetsstyre er økonomisk fordeling.
— Og der er det mange som har sterkare eigeninteresse enn tillitsvalde.
Hovden-saka
Det siste året har den såkalla Hovden-saka, som var ei tilsetjingssak, vore handsama fleire gongar i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet. Der sit Linnea Reitan Jensen, nestleiar i NTL ved UiB.
— For det første har eg vore ute i foreldrepermisjon i deler av perioden den saka har vorte handsama. For det andre melde eg meg sjølvsagt inhabil ved handsaming av saka, seier Jensen.
Ho seier at i fakultetsstyret ved HF er det mange saker der styremedlemmer melder seg inhabil.
— Me handsamar mange tilsetjingssaker og saker om opprykk, og då melder ein frå om forhold som kan gjera ein inhabil. Dette gjeld ikkje berre tillitsvalde, men òg tilsette som har jobba saman. Eg synest dette er handtert på ein riktig måte, seier Jensen.
Ho legg til at når NTL ved UiB fordeler saker, prøver ho å unngå å jobba med saker som spesielt gjeld Det humanistiske fakultetet.
Dekanen: Ikkje reglar som hindrar
— Ei interessant problemstilling, seier Siri Gloppen.

Ho er dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, og leier eit fakultet der ein ikkje kan seia at det har vore gode tider dei siste åra. Først var det konflikt knytt til samanslåing av dei to statsvitskapelege institutta. Deretter vart det bråk då det skulle veljast dekan for fire år sidan, og det siste året har det kome fram av økonomien er svært krevjande.
Gloppen seier at det er ganske openbert for henne at det per i dag ikkje er reglar som seier at tillitsvalde ikkje skal kunne sitja i fakultetsstyre.
— Det har vore vanleg hos oss, og eg ser at det òg skjer andre stader. Det er tydeleg at dette er ein arena som er viktig for fagforeiningane. Samstundes er det slik at ein kan sitja med ein privilegert tilgang til informasjon.
Fakultetsstyremedlem og hovudtillitsvald Lommerud er ein av dei som har vore tydeleg i fakultetsstyremøte når den økonomiske situasjonen ved fakultetet har vore drøfta.
Vil ha karantene

Elisabeth Ivarsflaten meiner ein kunne hatt representantar for fagforeiningar i fakultetsstyra — men at det då var den hatten dei hadde på seg.
— Men me har altså ikkje ei slik ordning i dag. No er det slik at ein ein dag kan møta ein tillitsvald i ei forhandlingssak måndag, og tysdag møter ein same person i eit nytt møte, men då som fakultetsstyremedlem. Denne ordninga gjer ein ikkje i stand til å handtera konflikter på ein god måte, meiner professoren.
— Eg meiner at i tillegg til at tillitsvalde ikkje bør sitja i fakultetsstyre, så bør ein vurdera ein karanteneperiode før dei kan gå inn eit slikt verv.
Khrono skreiv nyleg om ein tilsett ved NTNU som trekte seg frå tillitsverv i Forskerforbundet då ho vart vald som vara i universitetsstyret.
— Det ville nok eg òg gjort, seier dekan Siri Gloppen.
— Har det vore krevjande å ha tillitsvalde i styret i den situasjonen fakultetet er i?
— Heile den siste fireårsperioden har vore krevjande for fakultetet, og det handlar om ulike typar dynamikkar. Eg tenkjer at det er viktig å ikkje endra reglar berre fordi ein er i ein spesiell situasjon, men eg synest det er fint at ein ser nærare på dette.
Sjølv om dekanen per no er usikker på om fakultetsstyret i det heile kan fatta noko vedtak i ei sak om styresamansetjing, kjem fakultetsstyret til å få ei orientering, etter planen i møtet i juni.