svalbard
Frå trafikklæraropplæring til isbjørnkurs på Svalbard
Gunhild Birgitte Sætren hadde fast forskarstilling ved Nord universitet. No lærer ho studentar på Svalbard korleis dei skal unngå å bli tatt av isbjørn.

Longyearbyen (Khrono): — Ikkje ver den første som går ut i byen om morgonen!
Gunhild Birgitte Sætren humrar, og fortel om turistane ho og ei venninne møtte då dei var på veg — i bil — til treningssenteret.
— Me tenkte at då får dei verta bamsemums!
Staden er altså verdas nordlegaste by, Longyearbyen på Svalbard. Her leier Gunhild Birgitte Sætren Arctic Safety Centre, som er lokalisert som ein del av Universitetssenteret på Svalbard (Unis). Sætren var i fleire år førsteamanuensis ved Nord universitet og forska på og underviste i sikkerheit. Ho var mellom anna knytt til trafikklærarutdanninga i Stjørdal.
Men etter å ha funne kjærleiken på Svalbard, ville ho gjerne tilbake. No er familien på fem på plass.
Dårleg plass

I kvar ende av Longyearbyen er det skilt med bilete av isbjørn. Sjølvsagt spanande for turistar, men det er alvor bak: Svalbardposten skreiv i vår om turistar som vert overraska av bjørn, og i 2020 omkom ein turist etter at ein bjørn gjekk til åtak. Det var den fjerde personen som er blitt drepen av isbjørn dei siste tjue åra.
— Det verkar som det kan vera meir bjørn nær byen enn før, seier Sætren.
Senteret ho leier skal levera forskingsbasert og praktisk kunnskap og ekspertise om sikkerheit til lokalsamfunnet. Sikkerheit i denne samanhengen handlar både om sikkerheit i felt, førstehjelp og generell samfunnssikkerheit i det høge Arktis. Sætren er oppteken av at ein må forstå at Svalbard er eit lite og annleis, samfunn — og langt unna alt.
— Skred, klima, permafrost som smeltar. I tillegg må me klara oss sjølve når det kjem til energi og vatn. Like før 17. mai i år var det mange som ikkje hadde varmtvatn i Longyearbyen, og det er naturleg nok ingen hus som har vedfyring. I tillegg bur ein trongare her enn på fastlandet, så å ha eit beredskapslager til sju dagar for ein stor familie — det har folk rett og slett ikkje plass til.
Ho held fram:
— Kva dersom det går eit ras i Burmadalen? Då tek ein med seg Røde Kors, lageret til Sysselmeisteren og vegen til flyplassen …

Lærer opp næringslivet
Sætren har mange oppgåver som senterleiar. Ho forskar sjølv og rettleiar både stipendiatar og masterstudentar. I tillegg tilbyr sikkerheitssenteret fleire masterkurs. Fram til 2024 var dei òg med på eit prosjekt i regi av Forskingsrådet: «Risk governance of climate-related systemic risk in the Arctic» (Arct-Risk). No er det store ARCHAIC-prosjektet, som arbeider med samfunnssikkerheit i et klimaperspektiv på Svalbard, Island og Grønland, som er i fokus dei neste tre åra.
Sæthren arrangerer òg sikkerheitsforum for reiselivet på Svalbard. Dei siste åra har talet på cruiseskip som kjem til Longyearbyen auka. Svalbardposten skreiv i vår at talet på cruiseanløp vert 780 i sommar. Tal frå Kystverket viser at Longyearbyen er den tredje mest populære cruisedestinasjon i Noreg.
Medan Khrono er i Longyearbyen, kan ein frå taket av Unis sjå eit slags 17. mai-tog koma gåande frå cruisekaien opp mot det vesle bysentrumet. Denne dagen ligg AidaLuna til kai, med plass til 2100 passasjerar ombord.
I Svalbardmeldinga frå 2024 heiter det at regjeringa vil setja grenser for kor mange menneske det kan vera om bord i cruisebåtar som kjem til Svalbard. Det handlar både om fotavtrykk og om tryggleik og beredskap.
Overlege Ole Tveiten ved Svalbard sjukehus sa til Svalbardposten i 2023 at dei merkar det når store cruisebåtar ligg til kai i Longyearbyen.
— Mange av pasientane frå båtane er både svært gamle og har forbausande mange tidlegare sjukdommar. Så når dei først vert dårlege, vert dei veldig dårlege, sa han.
Svalbardposten har òg skrive at mange av utrykkingane ambulanseflya må gjera frå Svalbard, nettopp handlar om å få cruiseturistar til fastlandet.
— Det er mange gamle folk som eg lurer på om veit kor har reist, har avdelingsleiar på sjukehuset, Kristin Furu Grøtting, sagt til lokalavisa.

Kurs for studentar
Forskar Sætren er oppteken av at svalbardsamfunnet er noko anna enn fastlandssamfunnet. I tillegg til å vera langt unna det meste, er det mange som bur kort tid i Longyearbyen. Det kan òg ha noko å seia for tryggleiken.
— Nettverksbygging er viktig. Det same er den psykologiske tryggleiken ein får i ei gruppe som kjenner kvarandre, seier ho, og fortel at det kvart år vert arrangert kurs både for studentar og for dei som bur i byen.
— Då leikar me at det kjem ein bjørn. Korleis agerer ein då?
Humoristiske kvardagsglimt
30. juni stengjer den siste kolgruva på Svalbard, gruve 7. Det uroar Sætren. Ikkje på grunn av kolet, men på grunn av beredskapen lokalsamfunnet misser.
— Dersom gruvearbeidarane flyttar, misser me til dømes mange av røykdykkarane våre. Me misser òg annan kompetanse som industriarbeidarane har. Det skal ein ikkje kimsa av, seier ho.
Sjølv møtte ho altså ektefellen på Svalbard. Han var mekanikar i Svea og jobbar no som bilmekanikar. Dei kallar seg Doktorn og Mekanikern. Det heile byrja som eit stunt under pandemien. No har ekteparet fleire tusen følgjarar på Facebook og TikTok.
— Det byrja med at dottera vår snakka om dette TikTok under pandemien. Så då måtte mor sjølvsagt sjekka kva dette er, seier Sætren og humrar.
Ekteparet deler smått og stort med omverda, og totalt usminka.
— Me har det rotete, og håret mitt står gjerne rett opp.
Nokre av videoane har fleire millionar visningar.
— Så me tener faktisk litt pengar på dette. Mellom 100 og 300 kroner i månaden. Seier Sætren og ler.
Nylige artikler
De første forskerne fra USA har signert kontrakt med Aix Marseille-universitetet
Fuskesaker: Det er forskjell på bevisvurdering og synsing
Når Amnesty blir kansellert: Hva skjer med akademisk frihet?
Skryter av kona: — Jeg hadde ikke klart dette alene
Vil at doktorgrader bedre skal dekke samfunnets behov
Mest leste artikler
Frykter at studenter må legge studiedrømmen på hyllen: — Det er kritisk
Tatt for fusk. Skyldte på glatt is
Er dette det mest overfylte kontoret i akademia?
Naboene uenige om hvor viktig det er at rektor reiser
Stryk ble halvert med studenter som lærere