nedbemanning

Går med underskot. 12 forskarar mistar jobben

Transportøkonomisk institutt (TØI) skal kutte og gir tilsette sluttpakkar.

To menn står i et lyst kontoratrium med glass og stål.
Jørgen Aarhaug (til venstre), tillitsvald ved NTL ved TØI, og direktør Bjørne Grimsrud forhandlar for tida om sluttpakkar og rammer for nedbemanninga ved Transportøkonomisk institutt.

Det er tett mellom nedbemanningane i instituttsektoren for tida. Havforskingsinstituttet, Norce og Nofima har i tur og orden henta fram sparekniven. For kort tid sidan vedtok styret ved Universitetet i Innlandet å legge ned Østlandsforskning.

No står Transportøkonomisk institutt (TØI) for tur.

Ifølgje direktør Bjørne Grimsrud ligg det an til at 12 forskarar vil måtte slutte ved instituttet. Der er i dag 96 tilsette.

— Det er eit nødvendig grep, men tungt ta. Eg skulle ønske vi ikkje måtte gjere dette, seier Grimsrud til Khrono.

Det var Forskerforum som først melde om saka.

Færre oppdrag

Instituttet ser ut til å ende med eit driftsunderskot på 18 millionar kroner for 2025. I løpet av dei næraste vekene vil det blir klart nøyaktig kor mange som må gå. Frå før har det vore kutt i administrasjonen.

Transportøkonomisk institutt er lokalisert i Forskningsparken i Oslo.

Direktøren seier instituttet gradvis har opplevd å få færre og færre oppdrag.

— Vi leverer primært kunnskap til offentleg sektor. Vi ser at dei har fått dårlegare råd og brukar oss mindre. I tillegg har vi færre prosjekt gjennom Forskingsrådet.

Tillitsvald for NTL ved TØI, Jørgen Aarhaug, seier dei tilsette ei god stund har vore kjent med at nedbemanning truleg ville komme.

— Fagfelt blir borte

— Fagfelt som er bygd opp over tid vil no bli borte, og det er sjølvsagt kjedeleg. Det er ein tøff situasjon for dei involverte, og fleire har hatt det tøft lenge. Å slite med dårleg prosjektinngang er tærande i seg sjølv. Men vi forstår at TØI ikkje har mykje val med dei underskota som har vore, seier Aarhaug.

NTL og Forskerforbundet organiserer om lag ein tredel av dei tilsette kvar. 

— Dette er ein svært krevjande situasjon for TØI, slik det er for mange andre institutt for tida, seier tillitsvald for Forskerforbundet, Fredrik Aleksander Gregersen.

Dei 12 som no må gå frå jobben vil få tilbod om sluttpakkar. TØI ønsker ikkje opplyse om innhaldet i pakkane.

TØI er eit nasjonalt senter for samferdsleforsking og leverer oppdragsforsking til offentleg sektor og næringslivet.

Powered by Labrador CMS