— Hadde Hamsun vore tyskar, hadde ein aldri kalla opp eit senter etter han
Kan ein sjå på Hamsun som nazist på den eine sida, og forfattar på den andre? Nei, seier UiO-professor Ståle Dingstad, og vil helst fjerna Hamsunsenteret på Hamarøy. — Dingstad klarar ikkje å skilja snørr og bart, er svaret frå Tromsø.
Hamsunsenteret på Hamarøy i Nordland stod ferdig i 2009, i samband med at det var 150 år sidan Knut Hamsun vart fødd.Marianne Lvland/NTB
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Kan ein lesa Knut Hamsun sine romanar fordi dei er stor litteratur?
Eller må ein lesa inn i ein kvar tekst at Hamsun vart nazist?
FAKTA
Knut Hamsun
Fød 1859.
Flytta til Hamarøy i Nordland då han var tre år.
Debuterte som forfattar i 1877, gjennombrotet kom med romanen "Sult" i 1890.
Nokre av dei andre mest kjende romanane; "Mysterier", "Pan" og "Victoria" kom alle før 1900.
I 1917 kom "Markens grøde", som Hamsun fekk nobelprisen i litteratur for i 1920.
For prispengane kjøpte han eigedommen Nørholm i noverande Grimstad. Her budde han resten av livet.
Støtta den tyske okkupasjonen av Noreg. Vart ikkje tiltalt for landsforræderi etter krigen, sidan psykiatarar ved Gaustad sykehus konkluderte med at han hadde "varig svekkede sjelsevner". Vart likevel i 1948 dømd til å måtte betala 325 000 kroner til staten.
Ga ut den siste romanen sin, "Ringen sluttet" i 1936. Men i 1949 kom erindringsboka "Paa gjengrodde stier".
Døydde på Nørholm i 1952.
Kjelde: Store norske leksikon
Tidlegare har det vorte sagt at forfattaren vart nazist på sine eldre dagar. No meiner Ståle Dingstad, som er professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo (UiO), å finna at antisemittisme gjennomsyrar Hamsun sin litteratur frå starten. Slikt vert det debatt av.
«I det ondes tjeneste»
«Etter min oppfatning kan vi ikke lenger skille den reaksjonære forfatteren som foraktet grupper av mennesker og elsket andre, fra den forfatteren det norske samfunnet har gitt status av moderne klassiker. Eller sagt på en annen måte: Hvis vi mener at litteratur kan være god samtidig som den er moralsk forkastelig eller politisk uakseptabel, må vi i det minste kunne stille spørsmålet: God for hvem? Hvis vi mener at det er noe ved litteraturen som er godt i og for seg, noe vi kan ta vare på og formidle videre til nye generasjoner, så vil jeg fremheve at Hamsuns litteratur arbeidet i det ondes tjeneste. Det ansvaret må Hamsun fortsatt bære».
Dette skriv Dingstad innleiinga til si ferske bok «Knut Hamsun og det norske Holoaust». Der argumenterer Dingstad for at ein ikkje kan skilja mellom Hamsun som ein stor forfattar og det menneskesynet han hadde. Hamsun støtta som kjend den tyske okkupasjonen under 2.verdskrigen, og han skreiv nekrolog over Hitler. Hamsun møtte òg Hitler i Tyskland i 1943.
— Me kan ikkje driva eit dobbelt bokhalderi, der ein avgrensar og definerer nazismen ved Hamsun som uakseptabel, medan alt det andre er ein «god forfattar» som skriv «stor litteratur», seier Dingstad i eit intervju med Morgenbladet.
— Me må plassera Hamsun der han høyrer heime: I det politiske landskapet som gjorde grunnen klar for folkemord.
1.Hamsun fylte etter kvart romanane sine med stereotype skildringar av menneske og utbreidd forakt
3. Hamsun sin antisemittisme vart markant allereie i reieskildinga «I Æventyrland» (1903).
4. I «Markens Grøde» la Hamsun til grunn ein nasjonalistisk og rasistisk ideologi, der han fremja jordbrukslivet i kampen mot moderne industri, internasjonal handel, parlamentarisme, arbeidarrørsle, kvinnefrigjering, urfolk og andre minoritetar.
7. Hamsun delte den antisemittiske rørsla sitt mål om å verta kvitt jødane i Europa utifrå tanken om at jødane ikkje berre var eit evnerikt folk, men berarar av uforanderlege og negtive eigenskapar som var til skade for dei europeiske nasjonane.
9.Hamsun hadde ein autoritet i det offentlege som kunne ha bidrege til å endra situasjonen i landet for jødane, men han tok aldri dei norske jødane i forsvar mot dei overgrepa dei vart utsette for, verken før eller under andre verdskrigen.
12. Hamsun var som forfattar ein premisssleverandør for det norske Holocaust, og det å sjå på han som ein stor og god forfattar etter Auschwitz, er barbarisk.
Kjelde: Frå boka Hamsun og det norske Holocaust
Det Dingstad finn, er at det slett ikkje berre er i dei seinare romanane til Hamsun at ein ser antisemittisme. Professoren viser særleg til romanen «Markens Grøde», som Hamsun fekk nobelprisen i litteratur for. Her skildrar Hamsun ein jødisk kjøpmann på ein lite fordelaktig måte. Dingstad meiner modellen for romanfiguren er forfattaren sin eigen nabo i Larvik - ein familie som vart send til Auschwitz, og der berre ein familiemedlem kom att.
UiT-forskar: Dingstad vert ureieleg
— Hamsun var på mange måtar ein tosk som politikar, men det er berre éin mann i norsk litteratur som har den evna at ein aldrande professor i solnedgang framleis stadig kan slå oppnærast på måfå i hans mangefasetterte og høgst samansette litterære univers,og gle seg – og det er Knut Hamsun, seier Even Arntzen.
Han er professor ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet (UiT), mangeårig leiar i Hamsun-selskapet - og langt ifrå samd med Dingstad.
— Eg er 58 år, og har halde på med desse greiene her i snart 40 år. Eg har vore med på å arrangera sikkert 25 internasjonale Hamsun-konferansar, der me har tatt opp absolutt alle sider ved Hamsun og forfattarskapen hans, også dei meir problematiske sidene.Likevelereg,ifølgje Dingstad, ein av desse høgst tvilsommeHamsun-apologetane.I dette falske narrativetframstår Dingstad sjølv som denkvite ryttar til hest, seier Arntzen engasjert.
Dei apologerte er altså dei som forsvarar Hamsun meir eller mindre blindt. Men Arntzen meiner at Dingstad ikkje klarar å skilja snørr frå bart.
—Dingstad er faktisk ein rett så hyggeleg mann, men i den augneblinken han byrjar å skriveverthan totaltrasande, og då vert han ein ureieleg akademikar, seier Arntzen.
Han viser til at Dingstadpeikar på atein kjøpmanniromanenMarkens Grødeheiter Aronsen, avleidd av det jødisk-bibelse namnet Aron.
— Men helteni romanenheiter Isak - det er òg eit jødisk namn,noko Dingstad unnlet å nemna, fordi det ikkje passar inn i hans falske narrativ, seier Arntzen.
Hamsun og Knausgård
Sjølv har Arntzen mellom anna redigert og bidrege til den Hamsun-kritiske publikasjonen «Hamsun - nordlending, nobelprisvinner og nazist»(2009), og i 2019 kom boka «Hamsuns verden. Opprør, skapelse og sirkulasjon». Her viser Arntzen korleis Hamsun har vore ein viktig premissleverandør for for andre norske forfattarar, som Karl Ove Knausgård og Dag Solstad.
Even Arntzen nytta Hamsun som modell i romanen han skreiv i 2002.UiT
— Her prøver eg å nyansera Hamsun, seier Arntzen.
Han viser ògnoko lattermildtil det han kallar ei ungdomssynd, romanen «Veien mot Ngàje Ngài»(2002).
— Ein av figurane der, Grøgaard, er eigentleg Hamsun.Sider ved hans noko sjøvhøgtidelege vesenverther sterktlatterleggjord. Men Dingstad seier nærast at eg er fascist, at mi nyanserte forståing av fenomenet Hamsun fører lukt til gasskammera og humanismens absolutte undergang.Då vert egein smule provosert, seier Arntzen.
Han meiner Dingstad brukar den professorale autoriteten sin når han skriv om Hamsun, og at det verka manipulerande for korleis dei yngre generasjonane les forfattaren.
— Korleis underviser du unge studentar om Hamsun?
— Når eg til dømes snakkar om «Sult» til studentar på grunnivå, deler eg ut ei oversikt over forfattarskapen, og fortel om dei problematiske sidene, seier Arntzen.
Lite positiv skildring av samar hos Duun
I Bergen sit professor Heming Gujord. Han er litt mildare stemt enn Arnzten.
— Dette har vore ei verkeleg vond lesaroppleving. Det er ikkje på noko vis ei ny oppdaging at Hamsun var rasist og antisemitt. Det gjer likevel inntrykk å sjå dette dokumentert i samanheng gjennom heile Hamsuns forfattarskap. Først og fremst i artiklar, brev og sakprosa der Hamsun heilt klart må stå til ansvar for orda sine. Men rasismen og antisemittismen finst også skjønnlitterære bøker, skriv han i ein e-post til Khrono.
Han utdjupar munnleg:
— Dingstad skriv med eit sterkt ethos, på vegne av dei som ikkje finst lenger, som var offer for krigsbrotsverk og folkemord - utført av eit diktatur og med ein ideologi som Hamsun støtta, seier Gujord.
Sjølv skreiv han doktorgrad om Olav Duun. Duun døydde i 1939, men Gujord har peika på spor av det som seinare fekk namnet nazisme også hos Duun, særleg i storverket «Juvikfolke» frå 1918-1923.
— Modernitetskritikken på 1920-talet la grunnlaget for nasjonalsosialismen, har Gujord tidlegare sagt til Dagsavisen.
I «Juvikfolke» vert samar skildra på ein lite positiv måte. Det same finn ein hos Hamsun. I tillegg finst det fleire forfattarar, til dømes Rolf Jacobsen, som var NS-medlemmer under krigen, og endå andre som skriv om både urfolk og jødar på ein måte ein kan grøssa over i dag. I den ferske boka si peikar Dingstad mellom anna på Aasmund Olavsson Vinje og Amalie Skram. Han viser til noko Vinje skriv i eit brev til stortingsrepresentanten Søren Jaabæk i 1845. Jaabæk røysta mot å fjerna den såkalla jødeparagrafen frå Grunnlova.
Vinje skreiv:
Det er en notorisk Kjendsgjerning, at Jøderne lidet befatte sig med virkelig nyttigt Arbeide, derimod ere de durchdrevne i Dis- kontering, Taskenspillerkunst og Quaksalverie og Gjørtlerarbeide. Komme de hid, saa ville de narre paa os en Mængde unødvendige Luxusvarer, befordre Lediggang, give vor Skibsfart og handel Naadestødet, benytte sig af Ukyndighed i Pengeaffairer og frem- kalde Spaltninger i vor kirkelige Enhed.
— Amalie Skram sine utsegner om jødar er grove. Hennar antisemittiske haldningar vert i hovudsak uttrykt i brevvekslinga med ektemannen Erik Skram, seier Dingstad til Bergens Tidende.
Even Arntzen tok doktorgrad om Hans E. Kinck i 1995.
— Hamsun er ikkje i nærleiken av Kinck når det kjem til kjem tilhalvsleiveteantisemittiske utsegner, seier han.
Knick døydde i 1924.
Professor Heming Gujord synest framleis Knut Hamsun er den sterkaste forfattaren i sin generasjon.Hilde Kristin Strand
Ein anna divisjon
Men sjølv om Hamsun altså slik sett ikkje var åleine, meiner Gujord at det er ein skilnad.
— At Hamsun levde i ei tid der det var tradisjon for å karakterisera folkeslag hierarkisk, er eit faktum. Han var ikkje åleine om rasisme, og den må sjåast i lys av ein historisk kontekst. Men ein må passa på så det ikkje vert ei orsaking.
— Kva med til dømes Rolf Jacobsen, som vart dømd for landssvik etter krigen?
— Jacobsen vart omtalt og kritisert som pressemann og redaktør, men ikkje som forfattar. Jacobsen vert ein historisk biperson, nobelprisvinnar Hamsun, som vert propagandist, stiller i ein annan divisjon, seier Gujord.
Han seier at han framleis ser på Hamsun som den sterkaste norske forfattaren i sin generasjon.
— Men om me skal kunne bruka Hamsuns tekstar som lærestykke, for å læra av historia, må me også sjå på nyansane. Me må erkjenna at det vonde er til stades i det skjønne, og at antisemittismen slett ikkje var eit kulturelt bakgardsfenomen. Boka til Dingstad er verdfull om ho kan stimulera til refleksjon og ikkje stoppar opp ved fordømming av Hamsun som enkeltperson, meiner Gujord.
— Dingstad er einsidig. Men om valet skulle stå mellom sofistikerte apologiar og einsidig fordømming, vil det siste likevel vera å føretrekka.
Knut Hamsun sitt barnebarn tala ved bysta av bestefaren i 2009, då Hamsunsenteret opna.Bjrn Erik Rygg Lunde/NTB
Radiotalar til støtte for Mussolini
Hamsun sat på Hamarøy, og seinare i Grimstad. I USA sat Ezra Pound. I tillegg til å vera ein av dei fremste modernistiske lyrikarane, var han fascist. Pound budde i Italia i store deler av livet sitt, og var tilhengjar av Mussolini. Gjennom radiotalar framsnakka Pound fascistleiaren.
At Pound var fascist, er noko som har vore kjent lenge, og som mellom anna vart omtala i ein artikkel i The New Yorker i 2008. Men Espen Grønlie meiner det politiske er meir eksplisitt i dei litterære verka til Pound enn i Hamsun sine. Grønlie disputerte nyleg med avhandlinga «Cosmopolitanism and/or ethnicism: Ezra Pound’s multilingual poetics» ved Institutt for områdestudier, litteratur og europeiske språk ved UiO.
— Dingstad meiner ikkje at ein skal slutta å lesa Hamsun. Men på konferansar har eg fått spørsmål om kvifor i alle dagar eg skal forska på Pound, seier Grønlie.
Moderne tolkarar av litteratur har politisk medvit nok til å lesa forfattarar dei er rykande usamde med, meiner Espen Grønlie.UiO
Pound hadde eit fleirspråkleg prosjekt, noko som var uvanleg i samtida. Det er desse sidene ved Pound sin lyrikk Grønlie har forska på.
— Pound tenkjer seg at kjennskap til framandspråk opnar opp horisonten for andre måtar å tenkja på, seier Grønlie til Klassekampen.
Han utdjupar til Khrono:
— Eg finn at det er skjulte hierarki mellom språka Pound nyttar i poesien sin. For Pound er gresk og kinesisk høgkulturelle språk, medan hebraisk vert stempla som parasittisk.
I tillegg skreiv Pound lyrikk som må lesast som ein elegi over at Mussolini og elskerinna hans vart skotne i april 1945.
— Korleis bør ein lesa forfattarar som Hamsun og Pound i dag?
— Det er tosidig. Ein skal ikkje slutta å studera det antisemittiske, men ein les det òg fordi verka har noko å læra oss litterært, seier Grønlie.
Han seier han meiner moderne tolkarar av litteratur har politisk medvit nok til å lesa forfattarar dei er rykande usamde med.
— Men når eg underviser studentar, lærer eg dei at det kan vera gunstig å setja konteksten i parantes, og prøva å lesa teksten berre som han står. Det er ein gagnleg analytisk teknikk - når ein har gjort dette, kan ein zooma ut henta inn konteksten igjen.
I 1949 fekk Pound ein høgthengande pris for verket Pisan Cantons - nettopp det same verket som kan lesast som ein elegi over Mussolini sin død.
— Korleis vart Pound handsama etter 2.verdskrigen?
— Han hadde gode allierte. Det var mellom anna snakk om at han skulle få nobelprisen i litteratur, og då Ernest Hemingway fekk denne prisen i 1954, sa han at prisen like gjerne kunne gått til Pound. Mange gjekk langt i å forsvara Pound sin poesi. Det var i tråd med utviklinga av lyrikklesing på 1950- og -60-talet: Poesien skulle vera avansert og lesast uavhengig av samfunnet og forfattarane sine intensjonar.
Amerikansk-samisk forfattar støttar Dingstad
Siste ord er neppe sagt om Hamsun - ikkje denne gongen heller. Debatten har gått i Morgenbladet, der det både har handla om Hamsunsenteret og om Hamsun sin omtale av samar. Også i Klassekampen har det vore debatt.
Knut Hamsun som forholdsvis ung mann. Forfattaren fekk eit langt liv.Frå Mathias Askevolds samling, henta frå Marcus/UiB
— Ein vert ikkje nazist av å lesa Hamsun, seier professor Henning Howlid Wærp der.
Troy Storfjell er professor i nordisk litteratur ved Pacific Lutheran University i Seattle, og samisk-amerikansk. Han er positivt overraska over Dingstad si bok.
– Boka viser at han faktisk har lytta til perspektiva som ofra for Hamsuns ideologi har kome med, mellom anna den samiske smerta i møte med Markens grøde, tatt dei innover seg og forandra synet sitt på forfattaren. Det gjer godt. All tida eg har brukt på å forska på Hamsun og endra synet på forfattarskapen hans, kjennest verdt det, seier han til Morgenbladet.
Også i sosiale medium er det debatt. I ein lang tråd, starta av Erling E. Guldbrandsen, professor i musikkvitskap ved UiO, får Dingstad både støtte og motbør.
«Den eksklusivt hvite rase»
— Dingstad, hadde du rekna med så mykje debatt?
Hamsun vart ein premissleverandør i opinionen, seier professor Ståle Dingstad.Kristine Hellemo
— Nei, eg hadde forventa at dei som las, var kritiske til framstillinga mi og at dei ville undersøkja kjeldregrunnlaget nøye. Det er det ingen som har gjort. Ein går berre rett laus på spissformuleringane utan å ha lese seg gjennom premissa for dei konklusjonane eg trekkjer, skriv Ståle Dingstad i ein e-post til Khrono.
Som Gujord utdjupar han munnleg. Dingstad har fått referert Arntzen sin kritikk, og seier at han ikkje har nemnt Arntzen med eit ord i boka.
— Så korleis han kan seia at eg framstiller han som fascist, forstår eg ikkje. Men han høyrer til i eit forskingsmiljø som meiner Hitler-nekrologen er «anstendig». Dei i dette miljøet er heller ikkje villige til å kalla Hamsun fascist - noko eg meiner han var.
«Hamsun speiler samfunnet i litteraturen, og vi har speilet oss i litteraturen hans. Den litteraturen formidler forakt for svakhet, den formidler klassisk rasisme som ingen lenger kan la ligge ukommentert, den formidler en gjennomgående antisemittisme som ikke bare var en del av tidens uttrykksmåte, men en ideologisk konstant. I alt han skrev, tok Hamsun med seg sitt eget perspektiv på samfunnet og formidlet sine holdninger og verdier videre. Ordene festet seg, tenkemåten spredte seg, og forfatterskapet fikk alvorlige konsekvenser», skriv Dingstad i boka.
Dingstad viser til at Hamsun allereie i 1925 i ein artikkel i det antisemittiske tidsskriftet Nationalt Tidsskrift skreiv at jødar burde bu i eit eige land «så den eksklusivt hvite rase slapp for videre blodblanding».
— Rasehygiene var eit teikn i tida, og Hamsun høyrer opplagt heime blant støttespelarane. Han var nok ikkje så mykje verre enn andre antisemittar blant forfattarane, men han levde mykje lenger og hadde langt større innflytelse på korleis me tenkte om jødar i Noreg, seier Dingstad, og viser til at når Hamsun skreiv noko til ei avis, vart dette raskt publisert vidare til andre aviser.
— Mange tek ikkje inn over seg kva autoritet Hamsun opparbeidde seg gjennom litteraturen. Han vart ein premissleverandør i opinionen.
— Har det vore vanskeleg for norske forskarar å «ta» Hamsun?
— Det trur eg, og det er det Troy Storfjell seier: Han har ikkje fått gjennomslag for det han har jobba med i tjue år. Gujord er ein av dei få som har sett på både Duun og Garborg når det gjeld rasetenking, og det er fleire tyske forskarar som har skrive om antisemittisme hos Hamsun - utan å nå ut.
I Morgenbladet har deler av debatten handla om Hamsunsenteret på Hamarøy. Dingstad meiner at det ikkje burde vore bygd.
— Kan ein sjå boka di i samanheng med debatten om avkolonisering frå i fjor?
— Ja. I Larvik kalla dei opp ein veg etter Hamsun i mellomkrigstida; Knut Hamsuns vei. Etter krigen bytta dei ut namnet med Nordahl Griegs vei. Var det gale? Nei, det var rett, seier Dingstad.
— Hadde Hamsun vore tyskar, ville ein i Tyskland aldri ha funne på å oppretta eit senter i hans namn.
— Betyr det at du vil fjerna senteret?
— Eg meiner at anten må ein legga det ned, eller så må ein gjera det til eit senter for urfolk og nasjonale minoritetar. Senteret er resultatet av eit ønske om å heidra ein viktig kulturperson. Etter kvart har senteret trekt inn fleire sider av Hamsun sitt forfattarskap. Det er bra, men det har skjedd etter press, seier Dingstad.
Han seier han meiner ønsket med senteret er å hylla Hamsun.
— Så skaper det litt dårleg stemning når eg kjem til nord.
Direktør Arne André Solvang seier til Morgenbladet at han ser fram til å lesa Dingstad si bok, men at kritikken mot Hamsunsenteret ikkje treffer.
— Oppgåva vår er jo nettopp å gi ei god og balansert framstilling av dei problema Hamsuns forfattarskap reiser. Det er viktig å ha institusjonar i museumsverda som skal ta tak i ein vanskeleg kulturarv, og vera ein arena for å diskutera den på ein god og seriøs måte.
Nordland Fylkeskommune og Studentinord har inngått en avtale der videregåendeelver kan få plass i studenthybler. Det skriver Bodø Nu.
– Dette er et tiltak for å motvirke frafall og fremme trivsel, sier Lise Henriette Rånes (H), fylkesråd for utbygging og eiendom, i Nordland.
Bodø er byen i Nordland fylke som har flest videregående elever som bor på hybel. I tillegg har de høgest leiepriser.
– Dette tilbudet er hovedsakelig for elever på første trinn på videregående, sier Audun Bjølgerud i Studentinord.
Det er 30 av 1100 hybler som er satt av til elever ved videregående skole.
I år er det rekordmange som har søkt videregående skole i Bodø, på grunn av et stort kull 16-åringen. Samtidig klarer ikke Nord universitet å fylle studentboligene med studenter.
– Vi har færre søkere enn i tidligere år, så det står flere boliger ledig, sier leder for boligutleie i Studentinord, Monica Jotun, til Avisa Nordland.
Siv M. Gamlem, professor ved Høgskulen i Volda, er utnemnd til Honorary Fellow (æresforskar) ved forskingssenteret for vurdering og evaluering (AERC) på Universitetet i Melbourne. Det melder høgskulen på eigne nettsider.
Universitetet i Melbourne er rangert som eit av dei tjue beste i verda i ei fersk rangering (QS World University Rankings).
– Det var både gledeleg og litt overveldande å få vite at eg var tildelt denne æra. Eg er audmjuk og takksam – og svært glad for samarbeidet med dyktige forskarar ved AERC, seier Gamlem.
Professor Gamlem, som til dagleg forskar og underviser ved Institutt for pedagogikk og leier forskingsgruppa Læringsprosessar og vurderingshandlingar på HVO, forskar spesielt på tilbakemelding som fremjar læring, og korleis vurdering kan både støtte og hemje læring i skulen.
Om få uker skytes raketten Heimdall opp fra øyene Tarva utenfor Trøndelag. Dette blir først studentdrevne rakettoppskytning av en avansert rakett fra norsk jord. Det skriver Gauldalsposten.
Hastigheten blir på rundt 1.800 kilometer i timen. Raketten skal 5.500 meter til værs.
– Vi har lenge hatt en drøm om å kunne skyte opp fra norsk jord. Nå ligger alt til rette for at det kan skje, sier Joachim Schmidt, som er leder for NTNU-studentorganisasjonen Propulse, til Nordsec.
Også studenter fra Universitetet i Agder har noe å skyte opp, skriver NRK. De skal skyte opp en satelitt.
Satellitten er utstyrt med sensorer som skal måle akselerasjon, temperatur og luftfuktighet under oppskytingen. Målet er å teste teknologi og samle erfaring før en fremtidig satellitt skal i bane.
Universitetsstyret ved NMBU har ansatt Per Eirik Lund som ny universitetsdirektør, skriver de i en pressemelding.
– NMBU har et sterkt renommé nasjonalt og internasjonalt. Både bærekraftsprofilen og det tydelige studentfokuset motiverte meg til å søke. Jeg har fulgt NMBU fra sidelinjen over flere år, og er stolt og glad over at jeg nå får muligheten til å bidra til å videreutvikle organisasjonen videre i tett samspill med rektorat, tillitsvalgte og øvrig ledelse, sier Lund.
Lund kommer fra stillingen som direktør for administrative fellestjenester på USN, Tidligere har han vært personaldirektør, fakultetsdirektør og leder for rektors stab ved USN og tidligere Høgskolen i Vestfold.
– I prosessen har styret vært opptatt av å finne en samlende, tydelig og strategisk sterk leder med solid erfaring fra komplekse kunnskapsorganisasjoner. Vi mener å ha funnet den
rette personen til å lede NMBUs administrative virksomhet i en tid med både omstilling og store ambisjoner, sier styreleder Hanne Refsholt.
Universitetsdirektøren vil inngå i universitetets toppledelse og ha sekretariatsansvar for universitetsstyret. Den nye direktøren skal samarbeide tett med rektor for å iverksette og følge opp styrets vedtak.
Lund starter som universitetsdirektør den 1.november 2025.
UiT Norges arktiske universitet har deltatt på en vellykket oppskytning av en forskningsrakett. Det melder Vesterålen Online.
— Jeg er rett og slett fantastisk stolt av teamet mitt og samarbeidet med UiT. Til sammen fikk vi dette til å virke helt knirkefritt, sier Kolbjørn Blix, leder av Andøya Space Sub-Orbital i en pressemelding.
Raketten ble skutt opp 5. juli klokken 08:00 om morgenen, norsk tid. Den fløy opp til mesosfæren, og landet etterpå i havet, der den ble plukket opp igjen av forskerne med båt.
UiT har konstruert flere avanserte eksperimenter og instrumenter om bord i forskningsraketten. Forskere fra Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt ved Universitetet i Stockholm, og Institutt for Atmosfærisk Fysikk i Tyskland har også deltatt i samarbeidet.
UiT Norges arktiske universitet skal ansette to viserektorer, seks dekaner og direktør for Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag. Alle stillingene er nå utlyst.
I tillegg er prorektorer allerede ansatt, Rikke Gürgens Gjærum som prorektor for utdanning og Jørgen Berge som prorektor for forskning og utvikling. De skal tiltre samtidig som Dag Rune Olsen tar fatt på sin andre periode som ansatt rektor ved UiT 1. august.
Nå er det stillingene som viserektor for formidling og viserektor for region og samfunn som er utlyst. Disse skal tiltre 1. januar 2026.
Fra samme tidspunkt skal UiT ha nye dekaner ved alle sine seks fakulteter.
– Vi ser etter personer som brenner for å gjøre en forskjell. UiT er en institusjon med et stort samfunnsansvar, og vi trenger visjonære personer som kan bidra til å videreutvikle vårt arbeid med forskning, utdanning og formidling. Dette er en unik mulighet til å bli en del av et sterkt og fremtidsrettet lederteam, sier rektor Dag Rune Olsen.
Dag Rune Olsen, tar fatt på sin andre periode som rektor ved UiT 1. august.Christian Halvorsen / UiT
Nobelprisvinner Ivar Giæver er død, 96 år gammel, skriver Bergens Tidende og NTB.
Giæver ble født i Bergen i 1929, men familien flyttet tidlig til Toten. I siste del av 1950-tallet flyttet han til USA.
Sammen med Leo Esaki og Brian Josephson ble Giæver tildelt nobelprisen i fysikk i 1973. Prisen fikk de for arbeidet med elektron-tunnelering.
NTNU utnevnte norsk-amerikaneren til æresdoktor i 1985.
Giæver engasjerte seg etter hvert i Klimarealistenes vitenskapelige råd og stilte seg tvilende til at klimaendringer var menneskeskapte, skriver Bergens Tidende.
Urnenedsettelsen skjer på Hoff kirkegård i Østre Toten, står det i dødsannonsen som ble publisert i Aftenposten torsdag.