medisinutdanning

— Vestlandslegen er min idé, seier professor emeritus Steinar Hunskår. Han har utdanna medisinstudentar i over tretti år, og dei siste åra har han teke heile Vestlandet i bruk.

Han har aldri hatt bustadadresse i Bergen. Tvert om bur Steinar Hunskår på det han sjølv kallar solsida i Alversund i Nordhordland. Og han har teke mykje buss frå fylkesvegen som kan skimtast i biletet.

Han er mannen bak medisinutdanninga som hadde passa han sjølv

Alversund (Khrono): — Du kjem til å få ein e-post.

Det var det røysta i telefonen sa i starten av mars. Meldinga var at professor Steinar Hunskår som ein av berre få personar skulle få St. Olavs orden — Ridder av 1. klasse. I fjor var det 11 personar som vart heidra på denne måten. Ein av dei var forresten ein annan professor, nemleg Helge Holden.

No ligg ordenen, og nei, det er ingen medalje, men ein orden, i ein safe i Alver kommune i Nordhordland. Hunskår sjølv kviler ikkje på eit einaste laurbær.

— Eg jobbar, seier han.

Døgnrytme som gardbrukar

Heideren fekk han for å ha «gjort ein innsats utover yrket for Norge og menneskeheten». Og det er liten tvil om at Hunskår har jobba mykje, i mange år. 

FAKTA

Vestlandslegen

  • Utgangspunktet for planane var korleis ein kan utdanna fleire legar i Noreg
  • Planane for Vestlandslegen inneber ein regional studiemodell der dei tre første åra skal gjennomførast i Bergen, deretter tre år i Stavanger, Haugesund eller Førde, slik at ressursar og kompetanse på heile Vestlandet kan byggast ut og takast i bruk i medisinutdanninga. 
  • Frå studieåret 2020-2021 vart Universitetet i Bergen tildelt 20 nye studieplassar i medisin, og dei plassane vart starten av Vestlandslegen. Studentane skal følgja det eksisterande profesjonsstudiet i medisin i Bergen dei tre første åra av studiet (Medisin 2015). Dei tre siste åra skal gjennomførast i Stavanger-regionen.
  • For 2025 fekk UiB tjue nye studieplassar som er øyremerka Vestlandslegen i Førde. Hausten 2025 startar dei første studentane som etter tre år skal dit
  • 2025 er det første året der medisinstudentane sjølve kan søkja seg til eit løp som sender dei til Stavanger eller Førde, dei første som har starta i Stavanger har gjort det etter å ha vorte spurt
  •  Kjelde: UiB

Ved den noko smale fylkesvegen som svingar seg mellom grøne bøar, ligg eit busstopp. Herifrå tok professor emeritusen buss til regionsenteret Knarvik, og så båt vidare til Bergen. Seinare måtte han bruka eigen bil, då bru over fjorden gjorde at båten i ein del år vart lagt ned.

— Kona er bonde, og tidleg oppe. Så det vart ein vane at eg stod opp med henne og køyrde tidleg til byen.

Så jobba han til rushet hadde lagt seg og kom heim om lag 12 timar etter at han starta om morgonen.

— Då eg var 50, sa eg at eg ikkje kunne halda på slik lenger. Så sa eg det same då eg var 60, seier 68-åringen og let det henga i lufta.

No jobbar han formelt «berre» på den lokale legevakta og som forskar i Norce, men sidan midt på 1980-talet har han vore knytt til Universitetet i Bergen i ulike stillingar. Først og fremst som professor, men òg som instituttleiar, leiar for forskarlinja ved medisinutdanninga og som prodekan. I tillegg har han vore fastlege i mange år.

Var sisteval

68-åringen vaks opp i Førde i Sunnfjord, gjekk på gymnaset der, og reiste til Bergen og universitetet for å verta lektor i realfag. Men beskjeden var klar: Å satsa på realfag var det inga framtid i. Etter eitt år valde Hunskår difor å gå over til medisinstudiet.

— Og kva trur du me fekk beskjed om den første dagen der? At me ikkje kom til å få jobb!

Det viste seg faktisk å stemma. Den nye kommunehelsetenestelova i 1984 gjorde at ingen av dei som hadde legestillingar våga å byta jobb. For Hunskår vart dette vegen inn i akademia.

Slik ser han ut, heideren Steinar Hunskår har fått.

— Til slutt fekk eg ei stilling som vitskapleg assistent ved Universitetet i Bergen (UiB). Der var eg altså innstilt som nummer seks — av sju. Den sjuande var ein spansk biolog. Så eg var sisteval på nedste hylle, seier han, noko tørt.

Men det vart doktorgrad om smerteregulering og det vart førsteamanuensisstilling nokre år seinare. Då var Per Fugelli komen til Bergen. Han var professor i allmennmedisin, noko Hunskår strengt ikkje hadde jobba med. Men Hunskår fekk ei stilling på UiB, og som ein del av den kombinerte stillinga vart han kommunelege i Bergen, på eit legesenter ikkje så langt unna Det medisinske fakultetet. Så vart han kontakta av ein distriktslege i Nordhordland, med spørsmål om han kunne tenkja seg å verta fastlege der.

— For det første er eg interessert i folk. For det andre: Når ein er tilsett på universitetet må ei ha ei kjelde slik at ein veit noko om kva som går føre seg. Ein må ha råstoff til både forsking og undervisning, seier Hunskår. 

Å sila ut og prioritera. Det er det viktigaste på ei legevakt, seier Steinar Hunskår. Heile yrkeslivet har han kombinert forsking og pasientkontakt, og framleis tek han vakter på den lokale legevakta.

Dei som stiller krav

Dette råstoffet inneheld for det første den medisinske utviklinga og utvikling av retningslinjer. Det andre er at ein får vita noko om kva som rører seg hos pasientane.

— Er pasientar meir kravstore enn før?

— Det er dei. Men dei veit òg meir, mange har gjort ganske gode søk på nettet før dei kjem til legen. Noko av det me må læra studentane, er korleis dei skal handtera og møta påståelege pasientar.

Som pasient har ein rett til medverknad, og ein har rett til å nekta behandling. Hunskår fortel om ein pasient på over 90 år som slett ikkje hadde tenkt å verta med ambulansen, sjølv om vedkomande hadde smerter i brystet.

— Eg snakka med pasienten, som var klår i hovudet. Meldinga var at erfaringane med å vera på sjukehus var dårlege, og dersom ein døydde av dette, var det greitt. Vedkomande var trass alt over 90. Så då køyrde ambulansen utan pasient. Men å ha rett til å medverka er ikkje det same som at ein har rett til å bestemma. Og det er dét me lærer studentane. Det er ikkje pasienten som til dømes skal avgjera om han bør ha antibiotika eller ikkje, det er det legen som avgjer. Men pasienten kan lata vera å ta medisinen.

Kunne ein ta heile Vestlandet i bruk?

Tilbake til Førde tidleg på 1970-talet. Steinar Hunskår byrja på vidaregåande skule berre eit par år før det vart allemannseige, og fortel at dei aller fleste frå kullet hans har teke høg utdanning — gjerne embetsstudium.

Sjølv var han engasjert i studentpolitikk og elevpolitikk allereie frå desse åra. Og då han som prodekan for utdanning i 2017 skulle jobba med ei sak om auke i talet på medisinstudentar, laga han eit utdanningstilbod som hadde passa godt til han sjølv.

— Vestlandslegen er min, slår han fast.

Utgangspunktet var at dei fire universiteta i Noreg som har medisinutdanning, rekna med at det kom til å skulle verta utdanna fleire legar i Noreg. Grimstad-utvalet, som vart sett ned i 2018, skulle sjå på nettopp dette. Den gongen vart nærare halvparten av dei norske legane utdanna andre stader, særleg i Polen, Ungarn og Slovakia.

Spørsmålet var så kva Universitetet i Bergen skulle gjera dersom dei fekk beskjed om å utdanna hundre legar til kvart år.

— Det var så enkelt som at me ikkje hadde store nok auditorium, seier Hunskår.

Spørsmålet som melde seg, var følgjande: Kan ein ta heile Vestlandet i bruk? UiB hadde allereie sendt studentar til både Førde, Haugesund og Stavanger i det som vart kalla desentral periode, men kunne ein sjå føre seg at dei rett og slett vart verande?

Sjølv om dei har horn, er geitebukkane heilt ufarlege. Og veldig glade når Steinar Hunskår kjem med noko godt i bøtta.

Tilbake til bygda?

Lakseeffekt, seier Hunskår.

Laksen går opp i elva den er fødd i når han skal gyta.

— I denne samanheng betyr det at du har større sjanse for å reisa til ein stad som likar den du kom frå. Dersom du kjem frå bygda i Innlandet og har teke medisinutdanning, er det meir naturleg for deg å søkja jobb ein plass som liknar på denne bygda, seier Hunskår.

Men ein ting må vera på plass:

— Du må vera der på slutten av studiet, og du må få LIS1-lege-stilling der.

— Dette høyrest ut som ei utdanning for deg?

— Det kunne det vore. Då eg byrja å studera medisin, var det ikkje ein gong sjukehus i Førde. Men kona og eg drøfta om me skulle flytta til Voss eller Tynset, så det hadde ikkje vore umogleg at eg hadde vald Førde, seier Hunskår, og legg til:

— Eg har aldri vore folkeregistrert i Bergen.

Gode søkjartal

Ideen med Vestlandslegen er at medisinstudentane tek dei tre første åra, dei som er mest krevjande når det kjem til infrastruktur og tilgang til laboratorium, i Bergen. Så vert nokre av dei flytta til Stavanger og Førde. Det vil seia, så langt er ingen på plass i Hunskår sin fødeby, men første kullet som skal dit, startar studiet til hausten. Neste på lista er Haugesund.

— No har me 40 medisinstudentar i Stavanger, på sikt er planen å ha 60 eller 80. Så skal me ha tjue i Haugesund og Førde, seier Hunskår.

Dei tjue i Førde kom via statsbudsjettet for 2025.

Og parallelt med at UiB har flytta medisinstudentar til mindre byar på Vestlandet, har NTNU starta medisinutdanning i Ålesund og Gjøvik og Universitetet i Oslo på Sørlandet og i Innlandet. Også Innlandet fekk plassar via statsbudsjettet for i år. Denne våren er første gong komande medisinstudentar kunne søkja seg til ikkje berre dei fire store byane der det er eksisterande medisinske fakultet, men også huka av at ein ønskjer seg til Levanger, Ålesund, Gjøvik, Kristiansand eller Førde når ein er halvvegs i studieløpet. Søkjartaka er gode, med mellom anna 76 førstevalssøkjarar til tjue plassar i Ålesund, 177 til tjue plassar i Førde og 291 til 15 plassar på Gjøvik.

For dei første kulla måtte Universitetet i Bergen nytta seg av frivillige studentar som ville flytta seg vekk frå Bergen. Det har dei gjort, seier Hunskår.

— Dei skal vera på sjukehusa i Stavanger, Førde og Haugesund. Og så skal dei i tillegg har praksis på stader som Jæren, i Florø og i Jølster.

Kona Margunn Sellevoll er bonden, Steinar Hunskår er dreng, i tillegg til å vera lege og professor.

Politikk og distriktspolitikk

Samstundes som Hunskår og UiB jobba med ein pilot for Vestlandslegen, var det ein annan kamp som gjekk føre seg: Kampen om fullverdig, seksårig medisinutdanning ved Universitetet i Stavanger.

— Utdanning er ei ekstremt viktig distriktspolitisk sak, seier Hunskår.

Og medisinutdanning i Stavanger vart ei politisk sak, der mellom anna næringslivet i byen jobba hardt for å få eit eige medisinsk fakultet. Til slutt var det dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe som skar gjennom. I revidert nasjonalbudsjett for 2022 heitte det følgjande:

«Medisinutdanningen er en integrert seksårig utdanning, og det åpnes derfor ikke for treårige studiemodeller i medisin.»

Vidare skreiv regjeringa at det etter deira syn var viktig at dei eksisterande medisinutdanningane tek en større del av helsetenesta i bruk i utdanning av legar.

«Dette skjer i økende grad, og desentrale studiemodeller er innført en rekke steder, for eksempel i Bodø, Hammerfest og Levanger. Flere er under etablering, for eksempel i Agder og Ålesund. Desentrale studiemodeller skiller seg fra ordinære praksisopphold i distriktene ved at studentene over tid bor, mottar undervisning og gjennomfører praksis i distriktene. Desentrale studiemodeller kan gi økt rekruttering til arbeid i distriktene etter endt utdanning, og utnytter ubrukt praksiskapasitet utenfor de store studiebyene», heter det i budsjettforslaget.

Jobbar for praksis hos fastlegane

I den solfylte maidagen tek geitene gjerne imot både kos og mat. Det er kona som er gardbrukaren, med professoren som hjelpar. Han er for tida prosjektleiar for prosjektet Fronesis. Målet er at medisinutdanningane i Noreg har nok praksisplassar på fastlegekontora, av god kvalitet og med kompetente praksisrettleiarar.

— Det første kullet som tek masterkurs i praksisrettleiing for allmennlegar er no i gang, seier Hunskår.

— Dette er fastlegar som vil skulera seg i korleis rettleia studentar.

Sidan fastlegar er sjølvstendig næringsdrivande, og legekontor slett ikkje alltid kommunale, kan nemleg ikkje dei medisinske fakulteta basera seg på samarbeid med kommunane. Dei har ikkje plikt til å ta imot legestudentar som skal ha praksis.

Men å ha tilgang på LIS-legar, legar i spesialisering, er viktig for allmennmedisinen, seier Hunskår.

— Tenk på at Oslo legevakt åleine dekkjer eit folketal som er like stort som det er frå Trondheim til Grense Jakobselv!

Sjølv har han skrive lærebok i legevaktarbeid, som står i bokhylla i stova. Der står òg boka Allmennmedisin, som han no har gitt ut i fjerde utgåve.

— Ho vert berre tjukkare og tjukkare.

Dette er truleg den einaste gongen Steinar Hunskår faktisk kjem til å ha på seg ordenen. Det var statsforvaltar Liv Signe Navarsete som delte ut i vår. Så ventar audiens på slottet.

Nokon må tenkja på deg

For å finna heideren frå Kongen, må han ned ei trapp. Professoren skal på audiens på slottet, men då får han ikkje bruka ordenen. Då skal han bruka den vesle varianten som ligg ved, som liknar ein slags pin.

— Kva betyr det å få noko slikt?

— Det er klart at det er stor stas. Samstundes er det slik at for å få det, må du ha hatt ein jobb eller ei stilling der du har nokon som tenkjer på at du kan vera ein kandidat. Det gjer UiB. Du må òg ha nokon som kan skriva ein god nominasjon — og det har UiB.

Det er statsforvaltaren som deler ut St. Olavs orden, og Hunskår fekk sin heider av Liv Signe Navarsete i slutten av mars.

— Eg får seia som eg sa i takketalen min: Dette er ein av få ting ein ikkje får kjøpt på Temu!

Powered by Labrador CMS