æresdoktorat

Han skildra universitetet og studietida i «Min kamp». No blir han æresdoktor

Universitetet i Bergen utnemner Karl Ove Knausgård — og ni andre — til æresdoktorar.

Universitetet i Bergen har peikt ut ni nye æresdoktorar. Ein av dei er forfattar Karl Ove Knausgård, her frå eit intervju i Trondheim i 2025.

Ifølgje Universitetet i Bergen (UiB) meistrar Karl Ove Knausgård å «forene intense leseopplevelser med akademiske diskusjoner og engasjerende, nærværende tilbakemeldingar i spalteformat». Dermed kan forfattaren føyast til lista med dei 160 andre æresdoktorane universitet har utnemnd sidan den første æresdoktoren i 1952.

FAKTA

Nye æresdoktorar ved UiB:

  • Professor Richard Sennett, The London Center for the Humanities
  • Aud Jebsen, Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen
  • Karl Ove Knausgård, forfatter
  • Professor Henrik Palmer Olsen, Københavns Universitet og Det juridiske fakultet ved UiB
  • Professor Deryn Fogg, University of Ottawa
  • Professor Anna Louise Gloyn, Standford University
  • Dr. Samah Jabr, psykiater, psykoterapeut og forfatter
  • Professor Luciano Floridi, Yale University
  • Professor Tia DeNora, University of Exeter
  • Dr. Paul Smith, Botanic Gardens Conservation International

 

— Det er ei stor glede å utnemne ti nye æresdoktorar ved Universitetet i Bergen. Gjennom sitt arbeid har dei ytt vesentlege bidrag til utviklinga av sine fagfelt, og dei har på ulike måtar styrka forståinga av kunsten si betydning, seier UiB-rektor Margareth Hagen i ei pressemelding.

Blant dei andre som får heider og ære er den verdsberømte sosiologen Richard Sennet, diabetesforskaren Anna Louise Gloyn og Luciano Floridi som «har levert banebrytende og internasjonalt anerkjente bidrag til informasjonsetikk og teknologifilosofi» ifølgje UiB.

«Avgjørende tid»

Knausgård var student i Bergen på 1990-talet. Scener frå denne tida er blitt gjenstand for litterære skildringar, særleg i «Min kamp 5». I eit intervju med Studvest i 2024 snakka Knausgård om studietida:

«Jeg ser nå hvor viktig det har vært for min måte å tenke på. Alt kommer fra perioden da jeg var mellom 20 og 25 år. Da var det ingenting som ble opplevd som viktig. Etterpå har jeg sett at det var en utrolig avgjørende tid.»

Særleg tida på litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen var viktig.

Det er ikkje første gong ein forfattar får æresdoktorat ved UiB. I 2015 fekk Jon Fosse æra, også han tidlegare student. I 2022 vart Bergsveinn Birgisson utnemnd til æresdoktor. Han har også ei fortid som forskar ved universitetet, og ein ekte doktorgrad frå UiB.

Ære utan avhandling

Ein æresdoktor (dr. honoris cause) er ein doktorgrad eit universitet tildeler utan at mottakaren har forsvart noka avhandling. Ifølgje Universitets- og høyskoleloven skal eit æresdoktorat dreie seg om «betydningsfull vitenskapelig eller kunstnerisk innsats, eller fremragende arbeid til gavn for vitenskapen eller kunsten».

Æresdoktorat er som oftast ein ukomplisert affære. Berre ein gong er eit æresdoktorat i Noreg blitt trekt tilbake

Det skjedde fem dagar etter Russlands fullskalainvasjon i Ukraina i februar 2022. Eit halvt år tidlegare hadde Russlands utanriksminister Sergej Lavrov vore i festleg lag i Tromsø for å motta æresdoktoratet av rektor Dag Rune Olsen ved UiT Noregs arktiske universitet.

Powered by Labrador CMS