internasjonal utdanning

Håper å håve inn fem hundre milliardar på «utdanningseksport»

Storbritannia skal tiltrekke seg fleire internasjonale studentar og gjere utdanning til «ein hovudmotor for økonomisk vekst», ifølgje ny strategi.

Ein stor jordklode på campus på London School of Economics i London. Den britiske regjeringa ønsker å satse på utdanning som ei sentral eksportnæring.

Den britiske Labour-regjeringa har sett seg som mål å tene meir pengar på høgare utdanning gjennom å tiltrekke seg internasjonale studentar, ifølgje ein ny utdanningsstrategi. Det skriv Times Higher Education.

I løpet av dei neste fire åra er håpet å auke verdien av det som blir omtalt som utdanningseksport, med 7 milliardar pund årleg, tilsvarande om lag 95 milliardar norske kroner. Målet at inntektene skal ligge på 40 milliardar pund i 2030, som svarer til meir enn 500 milliardar kroner med dagens kurs.

Medrekna i dette er all utdanning på ulike nivå, også studentar som tar britiske gradar utan for Storbritannia.

Dei nye måla erstattar den gamle strategien frå 2019, der det vart lagt vekt på å rekruttere 600.000 internasjonale studentar innan 2030. Dette målet vart nådd allereie året etter.

Samstundes som strategien med dei ambisiøse måla blir sjøsett, er eitt av dei andre måla til regjeringa å redusere immigrasjonen til Storbritannia. Dei siste åra har det vore ei aukande uro for at studentvisum blir brukte som ein veg til innvandring, ifølgje Times Higher Education. Dette har ført til nye innstrammingar frå regjeringa si side. 

I den nye planen er der ikkje lenger sett noko mål for kor mange studentar dei ønsker skal kome til landet. I staden heiter det at ein vil støtte opp om «strategisk» og «ansvarleg» internasjonal rekruttering. I strategien heiter det at styresmaktene vil ta «grep mot dei som prøver å misbruke ordningane våre».

Trass i dette presset, og med utdanningseksport verd 32,3 milliardar pund for Storbritannia i 2022, har regjeringa sett seg eit mål om vekst i heile sektoren — ein sektor ho ønskjer å gjere til ein «hovudmotor for britisk økonomisk vekst».

Powered by Labrador CMS