utdanning

HK-dirs karriererettleiar foreslo at lektor­studenten skulle bli influencer

Lærar er ikkje noko alternativ når direktoratets digitale karriererettleiar gir råd om kva yrke ein bør velje.

Jonas Ibsen (med caps) og Sofie Bønes (med godteriskål) har jobba for Universitetet i Stavanger for å få fleire til å gjera som dei: Velja læraryrket.
Publisert Sist oppdatert

— Eg la inn dei interessene eg hadde då eg gjekk på vidaregåande skule, som engelsk. Eit av forslaga eg fekk, var at eg kunne verta influencer.

Det seier Jonas Ibsen. Han er lektorstudent ved Universitetet i Stavanger (UiS). Saman med medstudent Sofie Bønes og to vitskapeleg tilsette frå universitetet var han i vår med på fagdag for yrkes- og utdanningsrådgivarane i Rogaland. 

Gjengen frå UiS var der for å snakka varmt om dei ulike lærarutdanningane som finst. Men då dei testa nettverktøyet karriereveiledning.no, vart dei overraska.

 Ingen av dei fire fekk opp «lærar» som alternativ då dei skreiv inn kva fag dei var interesserte i.

Er omsorgsperson — fekk forslag om arkeolog

Det er HK-dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse) som står bak karriereveiledning.no, og dei skriv på nettsidene sine at det er ei offentleg og gratis teneste.

Verktøyet gir deg fleire moglegheiter. Anten kan du skriva inn kva fag du likar og kva andre interesser du har. Dette er det som er mest aktuelt for elevar i vidaregåande skule. 

Dersom du er student, kan du legga inn kva du har studert og få opp forslag til yrke.

Student Sofie Bønes fortel at ho nytta det første alternativet.

— Eg skreiv inn ganske spesifikt kva eg er interessert i: Norsk, historie, formidling, å vera med menneske og at eg er ein omsorgsperson. Det første forslaget eg fekk, var arkeolog.

— Kanskje ikkje så mange menneske å visa omsorg for der?

— Nei, seier Sofie og humrar.

— Dei andre forslaga var mellom anna filosof og journalist. Men ikkje lærar.

Også Sigrid Sandemose, som har jobba som lærar både i grunnskulen og vidaregåande skule i ei årrekke, og som no er universitetslektor og underviser komande lærarar, får mange forslag til kva ho kan verta. Lærar står ikkje på lista.

— Når eg skriv inn alle mine interesser som norsklærar og nordist, foreslår rettleiaren at eg kan verta litteraturvitar, tekstforfattar, guide, logoped, bibliotekar, sosialantropolog, kommunikasjonsrådgivar, museumsformidlar, klinisk sosionom, forskar og miljøterapeut, seier ho.

Varsla før påske

Studentane gav beskjed allereie under fagdagen om at det var noko ulogisk med forslaga den digitale karriererettleiaren kom opp med. Ein månad seinare får dei same treff.

— Dette er eit gratis verktøy, som elevar i vidaregåande skule er tilrådd å bruka. Det er sjølvsagt kunstig intelligens som kjem med forslaga, så spørsmålet er om det er noko i sjølve kodinga som er feil, seier Jonas Ibsen.

Han tek lektorutdanning med faga engelsk og religionsvitskap, og fortel at han har fått venner frå lektorutdanninga til å testa rettleiaren. Heller ikkje dei fekk opp «lærar» som alternativ.

— Kvifor valde du lektorutdanning?

— Det tok ei stund før eg bestemte meg. Men eg er glad i menneske, og eg har tenkt at eg vil verta ein slik lærar som nokre av dei lærarane eg sjølv møtte på vidaregåande skule var.

Medstudent Bønes er samd. Ho har historie og norsk i sin fagkrins.

— For meg handlar det om at læraryrket er meir enn fag, ein er òg eit medmenneske. Etter å ha fullført vidaregåande vart det tydeleg for meg at det er dette eg vil.

— Mangslungent

Det dei to studentane seier illustrerer universitetslektor Sandemose sitt poeng. Ho er oppteken av at ein treng mange typar menneske inn i læraryrket, og at det ikkje er slik at ein lærar må vera på ein bestemt måte.

Sigrid Sandemose skreiv inn interessene sine som norsklærar og nordist. Ho kan verta mellom anna guide eller sosionom, føreslo rettleiaren.

— Dette verktøyet er slik at ein kan skriva inn interessene sine, og så få forslag til eit yrke som treng akkurat dei kvalitetane ein sjølv har. Og læraryrket er mangslungent, seier ho.

— Me har ein akutt lærarmangel og slit med å rekruttera søkarar til yrket. Me er samde i at yrket må snakkast fram kollektivt og nasjonalt, og så er lærar ikkje-eksisterande i ein offentleg rettleiar som skuleelevar vert oppmoda om å bruka.

Student Sofie Bønes er samd:

— Sidan læraryrket er så stort, burde ein kunne fått opp fleire alternativ, som å jobba på barneskule eller vidaregåande skule.

Ikkje endeleg versjon

HK-dir poengterer at rettleiaren ikkje gir fasitsvar.

— Verktøyet er laga for at ungdom skal kunne utforska og prøva ut ulike moglegheiter, det er ikkje laga for å gi eit fasitsvar. Det er viktig, skriv Eirik Øvernes, avdelingsleiar for karrieretenester i HK-dir, i ein e-post til Khrono.

Han skriv at den versjonen av verktøyet som ligg ute no er under utvikling, og difor merka med «beta».

Ingen fasitsvar, seier Eirik Øvernes, HK-dir

— Me kan då samla innsikt i bruk av verktøyet, både ved å samla data, men ikkje minst ved å få tilbakemeldingar frå fagfeltet og sluttbrukarar, seier Øvernes.

Kvifor lektorstudetane ikkje fekk opp «lærar» som alternativ, er vanskeleg å seia sidan HK-dir ikkje veit kva som er lagt inn, seier avdelingsleiaren.

— Innspel som dette er veldig nyttige, og me tek det naturlegvis med i det vidare utviklingsarbeidet.

Øvernes seier at målet er å ha ein forbetra versjon klar til hausten. Sidan det er ein betaversjon som ligg ute, har dei ikkje marknadsført verktøyet endå. Men det er altså tilgjengeleg, og kan brukast.

— Sjølv om me veit at systemet ikkje er perfekt endå, er den innsikta me får no avgjerande for å kunne presentera eit endå betre verktøy på sikt. 

PS: Khronos journalist har òg testa, og lagt inn interesse for mellom anna norsk og samfunnsfag og å jobba med menneske. Journalist vart (heldigvis) eit forslag, men ikkje lærar. Det kunne det vorte, sidan underteikna har mastergrad i nordisk litteratur.

Powered by Labrador CMS