formidling
Ho fortalde om hetsen. Då stoppa det
Bjerknessenter-direktør Kikki Kleiven har fått mykje hets etter å ha vore synleg i offentlegheita. Men det verste synest ho nesten er dei gongane det vert heilt, heilt stille.
— Hadde eg opplevd så mykje hets då eg var yngre, hadde eg ikkje sete her i dag. Eg hadde stoppa å formidla, og tenkt at forskingskarrieren ikkje var noko for meg.
Det sa Kikki Kleiven til NRK i 2022, i ei sak om at klimaforskarar får mykje hets.
Men Kleiven har ikkje slutta å formidla. Hetsen har derimot stoppa etter at ho fortalde om kva ho opplevde.
Det fortalde ho då Universitetet i Bergen inviterte til Formidlingsforum. Saman med Hans Fredrik Marthinussen, som er professor i rettsvitskap, fortalde førsteamanuensis og klimadirektør Kleiven om sine røynsler med å vera forskar i den offentlege debatten.
Forskar er forskar verst?
Tre gongar kvart semester vert UiB-tilsette no inviterte til Formidlingsforum. På eigne nettsider skriv UiB at formålet er å dela røynsler frå kollegaer og fagmiljø som har lukkast med formidling, og å skapa ein arena for refleksjon og dialog forskarar imellom.
Initiativet kjem frå viserektor for forskarutdanning og internasjonalisering, Kristoffer Chelsom Vogt. Han peikar på nettopp å stå i det som ein av grunnane til at han vil ha ein slik arena.
— Det handlar om å anerkjenna den formidlingsinnsatsen mange forskarar gjer, men òg å anerkjenna at formidling ofte kan ha mykje vanskeleg ved seg, seier Vogt til Khrono.
— Formidlingsforum er tenkt som eit refleksjonsrom, eit rom for å drøfta både glede og utfordringar knytt til forskingsformidling.
Han peikar også på det som må kunne seiast å vera 2026-ordet: Beredskap.
— Det ligg ein enorm beredskap i å ha folk som kan formidla, og som har trening i å tola dei stormane som kan koma, seier Vogt.
Og Kikki Kleiven har altså stått i nokre stormar. Ho har formidla mykje, heilt frå ein vitskapeleg artikkel ho hadde i Science i 2007 nesten bokstaveleg talt skapte bølgjer, og fortalde om besøk på bibliotek i heile gamle Hordaland fylke og på alle landets lærarutdanningar.
— Ved Bjerknessenteret hadde me øvd teoretisk på intervju, både tre minuttsintervju og på å gi kjappe kommentarar. Men eg hadde til dømes ikkje øvd på at ein skal sitja ein time i sminkestolen hos TV2. No veit eg at dersom ein skal halda 25 like føredrag, på 25 ulike stader, så treng ein berre eitt antrekk, og eg har lært meg korleis eg kan sminka meg på fem minutt inne på eit flyplasstoalett, sa Kleiven til dei frammøtte.
Den hetsen ho fortalde om i NRK-saka, kom etter kvart som klima vart eit omstridd tema i den offentlege debatten. Men sjølv om hetsen altså no har stilna, er det ein anna type tilbakemeldingar som også kan vera vonde: Den at ingen seier noko som helst.
— Eg har god støtte frå universitetsleiinga, og frå kommunikasjonsgruppa på Bjerknes og kollegaer der, seier Kleiven.
— Men det finst undersøkingar som viser at den viktigaste grunnen til at ein ikkje formidlar, er kollegaene dine. Eg har fått nokre tilbakemeldingar om at eg tek for stor plass.
Ho seier vidare at ho trur det er veldig tungt for mange at når ein har fått publisert ein kronikk eller vore direkte på TV — så er det heilt tyst frå dei ein jobbar med.
— Kva gjer du sjølv når andre kollegaer har vore ute i offentlegheita?
— Eg sender gjerne meldingar direkte til folk med tilbakemelding og heiing.
Når eksplosjonane kjem
Også Hans Fredrik Marthinussen gjer det same, seier han, gjerne gjennom å tagga den som har ytra seg i sosiale medium, slik at støtta viser.
Jussprofessoren har vore tydeleg i den offentlege debatten. Det gjeld særleg i rusdebatten, men han har også kommentert mellom anna fleire valdtektssaker, og var kritisk til styresmaktene sine reglar under pandemien.
I 2021 fekk han store mengder hets, har han tidlegare fortald til Rett24.
— Å verta kalla mordar og skulda for aktlaust drap, det er ganske valdsamt.
Vel fire år seinare kan han humra litt over det.
— Eg vart spurd om å halda appell under munnbindbrenning, det hadde eg heldigvis vit til å seia nei til. Men om ein er kontrær nok, så kan det vera tøft.
Marthinussen byrja å ytra seg offentleg på Twitter, no X. Der er han ikkje lenger. Men han har fått eit namn i offentlegheita.
— Det er jo slik at om ein journalist har fått eit nokolunde svar ein gong, så ringjer vedkomande gjerne igjen. Eg lærte meg at dersom eg skriv noko om spesielle tema, så kom det til å eksplodera.
Marthinussen fortalde UiB-kollegaer om leiarar ved fakultetet som har vore støttande når det har storma.
— Og det bør ein gjera. Ein må støtta kvarandre, ikkje koma med kommentarar av typen «kvifor snakkar du om dette».
— Kan ikkje tenka at alle andre skal
Marthinussen er nemleg eigentleg ekspert på formuerett, men uttalar seg altså gjerne om andre ting også.
— Skal ein som forskar meina noko eller skal ein berre formidla faget sitt?
— Eg vert av og til invitert for å meina noko, og ja, det kan eg gjera, så lenge det kan relaterast til faget mitt. Då vert rolla mi gjerne å rydda opp, eg vert eksperten. Men eg måtte veksa litt som formidlar før eg våga det, seier Kleiven til Khrono.
— Dersom ein har ytra noko, til dømes i sosiale medium, er det for seint å seia at «det der var berre fjas» dersom ein journalist ringjer. Lakmustesten er om eg kan stå i at det eg ytrar vert oppslag i ei avis, seier Marthinussen.
Han fortel at medan han tidlegare brukte fleire timar på å førebu seg til ei sending i Dagnytt18, gjer han det same med langt meir kvilepuls no.
— Eg kjenner det litt, altså, men det skal ein.
— Men bør alle formidla?
— Det ligg i rolla vår at me skal formidla. Og me kan ikkje berre tenkja at nokon andre kan gjera det, seier Marthinussen.
Kleiven er samd.
— Akademia forvaltar også mykje pengar, seier ho.
— Men ein må velja kva type formidling som passar best for ein sjølv. Er du internasjonal forskar i Noreg og ikkje veldig god i norsk, er det kanskje til dømes lettare å satsa på avis enn på TV.

Nylige artikler
Edgar Hovland (1938 — 2025)
Vi må ta tak i realitetene i lærings- og vurderingsformene i høyere utdanning
Hull i oversikt over forskning på samfunnssikkerhet og beredskap
Surfekameratene deler kontor: — Heldigvis vanner Børre plantene
Trump sensurerer forskinga hennar. Noreg berga stipendet
Mest leste artikler
Epstein-oppvask i akademia: Stadig flere blir strippet for oppgaver
De fleste har enekontor og faste plasser. Men det er to unntak
Foreleser mistenkes for å ha funnet opp sin egen «nobelpris» og gitt den til seg selv
Forsker hevdet at død pasient ga samtykke
Professor mot professor på NHH. Leverte varsel etter debatt om skatt