høgskulen i volda
Høgskuledirektøren gir seg
Høgskuledirektør Karen Fredrikke Lomeland Jakobsen gir seg etter fem år som leiar ved Høgskulen i Volda.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Karen Fredrikke Lomeland Jacobsen har vore direktør ved Høgskulen i Volda sidan hausten 2017. Tysdag kunngjorde ho at ho går frå stillinga.
I ein e-post som er gått ut til alle tilsette skriv Jacobsen at ho og familien flyttar frå Volda, og at ho ikkje ønskjer ein ny periode som direktør når åremålet hennar går ut om eitt år.
I e-posten som er sendt til dei tilsette ved høgskulen står det at flytting til Bergen og ønske om å kome nærare familien er grunnen til at ho trekker seg frå direktørjobben før åremålet er slutt.
Perioden etter at Jacobsen var tilsett i 2017 har vore prega av arbeidsmiljøkonfliktane ved Avdeling for mediefag, som mellom anna medførte ei mykje omtalt omplassering av dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Høgskulestyret skal etter det Khrono forstår møtast neste veke for å diskutere korleis høgskulen skal gå fram for å erstatte Jacobsen.
(Endringslogg: Artikkelen er endret kl. 18.53 der en setning om at Khrono ikke hadde fått kontakt med Lomeland Jacobsen er tatt ut).

Nylige artikler
Ivar Bjørklund (1949 — 2026)
Universiteta i Afghanistan fungerer ikkje lenger
Det som telles, teller
Kritisk til Horisont Europa-fokus. Vil ha mer kvalitet
Washington Post: Forsker testet våpen for mikrobølgestråling på seg selv
Mest leste artikler
Da styret skulle dele ut 90 millioner, var åtte av ti medlemmer inhabile
— Aktører ville stoppe munnen på meg
Slutt på skriftleg eksamen for ex.phil.-studentane
Forsker hevdet at død pasient ga samtykke
De fleste har enekontor og faste plasser. Men det er to unntak