lærarutdanning
HVL med nytt tilbod til lærarar utan full utdanning
Til hausten startar Høgskulen på Vestlandet eit nytt studietilbod til lærarar som manglar full utdanning.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er fortsatt fleire tusen personar med undervisningsstillinger i skulen som manglar formelle kvalifikasjoner som lærar. Ein NIFU-undersøkelse frå 2016 konkluderte med at andelen er på 6 prosent, eller rundt 3700 personer berre i grunnskulen.
No vil Høgskulen på Vestlandet tilby ei ny utdanning som retter seg mot lærarar som ikkje har fullført utdanningsløpet.
— Dette er det første i sitt slag på Vestlandet, seier seniorrådgjevar Trude Myklebust ved Høgskulen på Vestlandet til Sogn Avis (abo).
Ho fortel at mange kommunar manglar lærarar med godkjend utdanning. Frå hausten tilbyr HVL eit skreddarsydd studieprogram retta mot lærarar som er i jobb, slik at dei kan få fullført utdanninga si.
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
På alle tre campus
Til avisa fortel Myklebust at planen er å gje tilbodet på alle stadene der HVL har lærarutdanning.
— Me vil prøva å kunna tilby mange emne som er nett- og samlingsbaserte. Så langt me kan legg me til rette for at folk kan studera ved sidan av å vera i jobb, seier Myklebust.
I artikkelen går det fram at nokre fag likevel berre vert tilbodne som campusbasert undervisning, og då vil høgskulen i størst mogleg grad prøva å tilby emnet på alle tre campusane dei tilbyr grunnskuleutdanning, som er Sogndal, Bergen og Stord.
Andre kan søkje
Slik ho er beskriven rettar ordninga seg mot lærarar som ikkje har fått fullført fireårig allmennlærar- eller grunnskulelærarutdanning, og vil bli skreddarsydd til den enkelte.
— Kvar student får si tidlegare utdanning vurdert, og så skreddarsyr me ein individuell utdanningsplan.Dei som startar på dette opplegget, vil få vitnemål for ein fireårig grunnskulelærarutdanning, seier Myklbust til avisa.
Men ho understrekar at ein ikkje treng å vera tilsett som lærar for å søkja opptak, og at høgskulen også tar inn personar som ikkje jobbar som lærar i dag.
— Etter fullført grunnskulelærarutdanning er det også mogleg å gå vidare og søkja om opptak til to mastergrader, seier Myklebust.
Fordi det er ein høg terske for mange å gå attende til skulebenken vert det lagt ekstra til rette for at den enkelte skal koma i mål.
— Det er fleire gode grunnar til at dei som har starta lærarutdanningar skal fullføra desse. Det gjev dei sjansen til å få ei oppdatert utdanning, og fullført grad, som igjen vil kvalifisera til fleire lærarjobbar. For samfunnet er det ein gevinst, fordi me har lærarmangel i mange kommunar i Noreg, seier Tone Myklebust.
Nyeste artikler
Dette kan du bruke KI til i hverdagen
Saksøkte universitetet da inntektene fra oppfinnelse gikk ned
I 2020 skulle ho på feltarbeid i Sverige. Det gjekk ikkje så bra
Godkjente doktorgrad som brukte ulovlige data
— Dugnadsånden er i ferd med å forsvinne fra akademia
Mest lest
Studentene strømmer til det finske lærerstudiet. — Norge må lære av Finland
Skuldingar om juks har hange over professoren i fire år. No skal høgskulen ta stilling til saka
Han blir lova fast jobb, men universitetet veit ikkje kva jobben er
Stipendiat får avhandlingen sin bedømt ved UiO likevel
Trakk Harald Eia opp av valghatten