Sommar i Khrono

Ingen grunn til å kline til med fleire universitet no

Om Anine Kierulf skulle gje statsråden råd, ville dei handla om gode basisløyvingar og akademisk ytringsfridom. Og at me ikkje treng fleire universitet. 

Jordbær, det er sommar det!
Publisert Oppdatert

— Det dreg seg til økonomisk i akademia, merkar du det i kvardagen din på jobb? Eventuelt korleis? 

Fakta

Sommar i Khrono

Anine Kierulf nyt sommaren. Foto: Privat

I sommar kan du bli kjend med ulike folk som er knytte til universitets- og høgskoleverda.

Khrono har stilt alle dei same spørsmåla om jobb, kvardag og framtida.

  • I dag møter du førsteamanuensis  Anine Kierulf. Til vanleg er ho tilsett ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. Dette året har ho permisjon og er i Borgarting lagmannsrett. 

— Nei, heldigvis ikkje noko særleg personleg. Eg merker likevel at ein del kollegaar vert stressa og slitne, det er leit. 

— Fleire universitet og høgskular vurderer nedbemanningar og eventuelt sluttpakkar til tilsette. Vil du takke ja dersom du får tilbodet?

— Eg får svare som ein jurist: Det kjem an på. I utgangspunktet ikkje, men om økonomi- og byråkratifokus svekkjer forskings- og undervisingsmiljøa, vil eg absolutt vurdere det. Som jurist er eg heldig, eg har røynsle med at livet utanfor akademia kan vere vel så fagleg gjevande og moro. I år har eg permisjon for å vere i Borgarting lagmannsrett, og det er heilt topp. 

— Kva gode råd vil du gje forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) for å styrkje akademia framover?

— Halde fram med å jobbe for gode basisløyvingar og vedvarande merksemd rundt akademisk fridom. Og: ingen grunn til å kline til med fleire universitet no.

— Stadig fleire unge og studentar slit med psykisk uhelse, syner fleire undersøkingar. Bør universiteta og høgskulane endre på noko i utdanningane eller i undervisninga si for å leggje betre til rette for studentar som slit? Eventuelt kvifor/kvifor ikkje?

— Vi, som alle andre, bør søkje å vere minst mogleg byråkratiske i møte med menneske som verkeleg slit. 

— To tidlegare statsrådar er blitt avslørte i fusk på masteroppgåvene sine, regjeringa har anka ei sak mot ein student inn til høgsterett for sjølvplagiering - og saka kjem opp i september. Blir plagiat/sjølvplagiering godt nok handtert i akademia? Kvifor/kvifor ikkje?

— Dette veit eg ikkje nok om, men dersom debattane rundt desse sakene er nokolunde representative, verkar det å vere ganske varierande både kva kunnskap som finst om fuskereglane rundt om, og korleis dei vert praktiserte. Det er i tilfellet svært uheldig, særleg når ein ser kva konsekvensane det kan få om ein finn fusk - og ikkje minst for tilliten samfunnet har til forsking. 

— ChatGPT og kunstig intelligens er komne for å bli og utvikla seg vidare. Kva slags moglegheiter / trugsmål ser du for høgare utdanning og forsking når det gjeld KI?

— Her er vel ein masse moglegheiter til hjelp og lette av rutinearbeid og anna, også for oss. Og ein drøss med utfordringar me berre øygnar toppen av. Det som hadde vore fint, var om me kunne halde på ei kunnskapsbasert tilnærming også til denne nyvinninga, framfor å hive oss på den rådande trenden der «alt» no skal krydrast med KI. 

5 kjappe:

1.Vald eller tilsett rektor?
— Vald

2. Sensor på skriftleg eller munnleg eksamen?
— Munnleg

3. Forskingstermin i Paris eller Svalbard?
— Svalbard

4. Studentar som protesterer eller studentar som gjer som dei blir fortalt?
— Studentar som protesterer - kunnskapsbasert

5. Kven frå norsk akademia ville du helst ha stranda med på ei aude øy, og kvifor akkurat desse? 
— Eg er heldigvis stranda med mange gode folk til vanleg òg, så då svarar eg ConLaw-workshopen på University of Chicago. Den mest tankeinspirerande gjengen eg nokon gong har hengt med.

Powered by Labrador CMS