valkamp
Jørgensen inn i rektorteam i Bergen
Medievitskapsprofessor Kristine Jørgensen går inn i Oddrun Samdal sitt rektorteam ved Universitetet i Bergen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Kristine Jørgensen har arbeidsstaden sin i ei av klyngene der Universitetet i Bergen (UiB) er med: Media City Bergen (MCB).
No går professoren i medievitskap inn i Oddrun Samdal sitt rektorteam. Ho skal ha ansvar for innovasjon og infrastruktur, og erstattar Ragnhild Louise Muriaas. Muriaas var ein av fleire UiB-forskarar som før jul fekk eit høgthengande EU-stipend, ERC Concolidator Grant.
— Eg har vore instrumentell i oppbygginga av UiB sitt miljø i MCB, seier Jørgensen.
Forskar på dataspel
Det er delar av Institutt for informasjons- og medievitskap som held til i medieklynga. Jørgensen var prosjektleiar for instituttet si faglege satsing i planleggingsfasen, og hadde fram til nyttår ansvar for studieprogramma i medie- og interaksjonsdesign.
— Eg står med ei god forankring i korleis denne klynga er viktig i UiB sine klyngestrategi, seier ho.
Dersom Jørgensen kjem inn i rektoratet, er planen å halda fast ved noko av forskingstida. Ho forskar på dataspel, med utgangspunkt i feltet game studies. Det er studiet av spel; spelinga, spelarane og kulturen rundt dei.
— Det eit tverrfagleg felt forankra i human- og samfunnsvitskaplege tradisjonar, som òg har eit teknisk element, seier Jørgensen.
For nokre år sidan fekk ho prosjektstøtte i kategorien unge forskartalent frå Forskingsrådet til å forska på korleis spelarane opplever ubehageleg innald i dataspel i spelekonteksten.
Val i mars
Rektorvalet ved UiB vert arrangert som digitalt val frå 22.-25.mars. Så langt har det meldt seg to rektorteam; eit med noverande rektor Margareth Hagen som rektorkandidat og eit med noverande viserektor for utdanning Oddrun Samdal som rektorkandidat. Men fristen for å melda kandidaturet sitt er framleis ikkje ute.
Også Universitetet i Oslo skal velja rektor denne våren. Her er det så langt berre sitjande rektor Svein Stølen som har meldt seg.
Endringslogg: Jørgensen sitt ansvarsområde er innovasjon og infrastruktur. Endra 29.januar kl 13.42.
Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager