USA
Kan tape milliardar på færre internasjonale studentar til USA
Mange universitet i USA er avhengige av inntektene frå internasjonale studentar. No reiser studentane heller til andre land.
Til saman kan fleire titals universitet tape kring ein milliard dollar den næraste tida, som følgje av at færre internasjonale studentar søker seg til lærestadene. Det svarer til ti milliardar norske kroner.
Det er Financial Times som har rekna på kor mykje amerikanske universitet kan kome til å miste inntekter i studieavgifter frå internasjonale studentar.
Tiltak innført av Donald Trump og administrasjonen hans ligg an til å hindre studentar frå mange land i å kome til USA. Det er blitt vanskelegare å få visum, og studentar blir utsette for nærgåande undersøkingar, mellom anna av Facebook-kontoar.
Mange droppar USA av rein frykt, blant anna for å bli arresterte og internerte, som det har vore fleire tilfelle av.
162 særleg sårbare
Etter fleire år med vekst i talet på internasjonale studentar i USA, har pila peikar nedover dei siste åra. Dette fører til store økonomiske utfordringar for universitet som er avhengige av inntektene frå desse studentane.
Financial Times sine analysar viser at 162 institusjonar er særleg sårbare, ettersom meir enn 15 prosent av studentane kjem frå utlandet. Tre av fire universitet forventar ein nedgang på 10 prosent i talet på utanlandske studentar, ifølgje ei fersk undersøking frå NAFSA, ein organisasjon for internasjonal studentutveksling.
Fordi internasjonale studentar som regel ikkje har tilgang støtteordningar i USA, betalar dei ofte høgare studieavgifter. Med generelt fallande opptak og kutt i forskingsmidlar har dei blitt ekstra viktige for økonomien ved mange universitet.
5000 på Harvard
Trump-administrasjonen har gått hardt til verks mot universiteta på fleire frontar, også for å hindre internasjonale studentar tilgang til universiteta. Det kjende og prestisjetunge Harvard-universitetet har vore ei av dei primære skyteskivene for Trump.
I juni trekte Trump-administrasjonen opphaldsløyvet til 5000 internasjonale studentar og blokkerte samstundes tilgang til visum for nye studentar. Etter at Harvard fekk rettsleg gjennomslag i eit søksmål, er dette inntil vidare trekt tilbake.
Effekten er likevel at mange ikkje lenger vil ta sjansen på å studere i USA.
Til Canada, Australia og Europa
Financial Times viser til fleire andre universitet i USA, der den økonomiske konsekvensen av færre internasjonale studentar kan bli særleg stor.
Ved University of Central Missouri var ein av fire studentar i 2023 frå andre land enn USA, dei fleste IT-studentar frå India. Universitetet opplever no at mange ikkje får visum.
University of the Ozarks, eit privateigd universitet i Arkansas, har ein tredel internasjonale studentar, hovudsakleg frå Bahamas og Mellom-Amerika. Mange studentar ventar på visum, og mange prioriterer no heller Europa, Canada og Australia, ifølgje opptakskontoret ved universitet.
Direktøren for opptak, Joey Huges, seier til Financial Times at dei kan leve med den usikre situasjonen på kort sikt, men:
— Langtidseffekten kan bli katastrofal, seier han.

Nylige artikler
Åtte sentre får 768 millioner til innovasjon
Akademisk frihet er vår tids viktigste styreproblem
Ny regjeringsplan: Vil bruke universiteter for å få 30.000 unge i jobb
Krever at akademisk frihet blir beskyttet ved lov
Dei er i gang med andre runde i arbeidslivet: — Kan ikkje berre gå heime
Mest leste artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Svarer «langsom professor»: — Ikke mulig å drive toppforskning med norsk arbeidsmoral
Hardt ut mot stempel som ekstrem. — Orwellsk nytale
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel