campus
Khronos podkast: Går det mot mobilfrie soner på universitetet?
Skjermane sluker merksemda til studentane. Er det på tide å forby laptop og mobil på forelesingane, spør Khrono-podkasten «Campus».
Psykologen Lars Dehli går drastisk til verks, som Khrono fortalde om nyleg. Han kastar ut studentar som fiklar med PC eller telefonar under forelesingane. Forbod er det einaste som fungerer, meiner han.
— Eg ville tenkt at det er litt fy-fy å sitje å shoppe under forelesingane, føyer politisk redaktør Tove Lie til i den ferska utgåva av Khronos podkast «Campus».
Men kanskje kjem reaksjonen mot distraksjonen frå skjermane til slutt frå studentane sjølve?
Lytt til podkasten her:
I podkasten tar Khronos panel også opp ei anna kronisk utfordring i den teknologiske virvelvinden som sveiper utdanningssektoren: kunstig intelligens – og denne gongen frykta studentar har for å bli tatt for KI-fusk – sjølv om dei skriv oppgåvene sine sjølve.
— Dei er redde for å bli tatt for juks utan å gjere det, seier Tove Lie.
Studentar fortalde nyleg til Khrono at dei bevisst legg inn språkfeil for å unngå å bli tatt for juks.
Podkasten tar også ein runde ut av Noreg og til Storbritannia der ei ny og omdiskutert lov som gjer at universiteta kan få millionbøter om dei bryt med ytringsfridomen.
Er det vegen å gå? spør Khronos panel, og svaret er slett ikkje eintydig.
