forskingsformidling

Kjønnsforskarar får svar på kritikk: — Høyrer ikkje heime i den akademiske samtalen

Kjønnsforskarar kritiserer Universitetet i Bergen for forskingsformidling gjennom spalten «UiB forklart» etter innlegg om abort frå filosofiprofessor. Det får fleire til å reagere.

Professor i filosofi, Espen Gamlund
Professor i filosofi, Espen Gamlund, er blitt tema for kritikk mot UiBs kommunikasjonsavdeling.
Publisert Sist oppdatert

Førsteamanuensis Kjersti Aarstein og leiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), Kari Jegerstedt, gjekk i eit debattinnlegg i Khrono ut mot både universitetet og professor Espen Gamlund og hans tekst om abortdiskusjonen. 

Ifølgje dei to får bruken av vignetten «UiB forklart» det til å verke som at Gamlund representerer universitetet sitt syn på abortdiskusjonen. 

I intervju med Khrono sa Aarstein også at det i ei sånn sak er viktig å «tenke gjennom si eiga forskingsformidling som ei moralsk handling» — og at det mest moralske i nokre situasjonar vil vere «å tipse om andre som har forska på saka».

Dette får mellom andre professor i sosiologi ved NTNU, Arve Hjelseth, til å reagere. Han meiner det er problematisk, slik han les dei, at Aarstein og Jegerstedt tilsynelatande vil ta talarstolen frå Gamlund.

— Full rett til å meine

— Dersom ein person med kompetanse på feltet vil meine noko, har han full rett til det, og så kan andre fagfolk kritisere. Men ein bør halde seg unna å meir eller mindre eksplisitt seie at han ikkje er ei stemme verd å lytte til, seier Hjelseth.

Kommunikasjonsavdelinga ved UiB brukar emneknaggen #UiBforklart i ein «spalte» der dei ber forskarar ytre seg om faglege og samfunnsaktuelle spørsmål. 

Gamlunds bidrag var ei vurdering av etiske og moralfilosofiske sider ved abort, sett i lys av KrFU-leiar Ingrid Olina Hovlands omdiskuterte utsegner om at kvinner bør bere fram barn etter valdtekt.

Samanliknar med FrP-politikar

Hjelseth samanliknar utspelet frå Aarstein og Jegerstedt med FrP-politikar Jon Helgheims krav til Politihøgskolen nyleg om å «rydde opp» etter at ein av deira forskarar publiserte ein kronikk han meinte inneheldt feil.

Arve Hjelseth meiner det er vanskeleg å ikkje lese bodskapen frå Jegerstedt og Aarstein som at dei meiner Gamlund ikkje burde uttale seg.

— Ein forskar må ha stor fridom til å uttrykke faglege synspunkt. Kritikarane kan ha gode faglege argument, men å kople det til at han ikkje burde uttale seg, høyrer ikkje heime i den akademiske samtalen, seier Hjelseth.

Hjelseth meiner også det er openbert at Gamlund uttalar seg på eigne vegne som fagperson, og ikkje representerer UiBs posisjon i abortdiskusjonen.

— Eg synest det er ei veldig vrangvillig lesing Aarstein og Jegerstedt gjer, seier han.

Førsteamanuensis Anine Kierulf ved Universitetet i Oslo er på same spor.

— Det er klart at ein forskar som uttalar seg på fagleg grunnlag ikkje uttalar seg på institusjonen sine vegne. Dette ligg fast i den akademiske fridomen, seier Kierulf.

Ho synest det er rart at dei to forskarane på SKOK ser på det som at innlegget kan oppfattast som noko universitetet står for. 

— Dette formatet er ikkje problematisk. Også institusjonen har full akademisk fridom til å kommunisere på den plattforma han vil, seier ho.

Uproblematisk, meiner Anine Kierulf om emneknaggen UiB forklart og innlegget til Espen Gamlund.

— Ikkje godt for ytringskulturen

Redaktør i Minerva, Nils August Andresen, har på si eiga Facebook-side kritisert utspelet frå kjønnsforskarane i Bergen.

— Interessant og uheldig, meiner han.

Redaktøren i «høyresidens avis» seier han stussar over at Aarstein og Jegerstedt gjer det til eit problem at Gamlund ytrar seg i det formatet han gjer.

— Eg har sett på fleire av innlegga på #uibforklart. Det har vore mykje der som er omstridd og kontroversielt, mellom anna om kjønn og skeive — utan at nokon har reagert på diskusjonen under denne vignetten, seier han.

Han synest også dei to kjønnsforskarane verkar underleg uvitande.

— Forskarar på universitetet uttalar seg sjølvsagt på eigne vegne. At to forskarar, til og med ein senterleiar, gir uttrykk for at dei ikkje forstår det, er rart. Eg håpar dei har forstått det no.

Nils August Andresen, redaktør Minerva
«Det er vanskelig å lese det som noe anna enn en oppfordring til en kollega om ikke å formidle», skriv Andresen på si Facebook-side.

Andresen seiar han særleg reagerer på det han les som ei tydeleg oppmoding frå Aarstein om at Gamlund ikkje burde fått uttale seg og at han sjølv burde unngått å gjere det. 

— Hadde han uttalt seg langt utanfor sitt fagfelt, kunne ein slik kritikk vere relevant, men det har han ikkje. Han har fagfellevurderte publikasjonar på etikk og abort bak seg, og derfor er det heilt naturleg at han uttalar seg, seier Andresen.

— Ein sånn desavuering av ein kollega på universitetet er ikkje noko godt for den akademiske ytringskulturen.

Meiner dei blir feiltolka

Kjersti Aarstein svarar at ho stiller seg «uforståande til tanken om at eg prøver å «kansellere» Gamlund». Ho meiner både Hjelseth, Kierulf og Andresen feiltolkar henne og senterleiar Jegerstedt.

— Vi har utfordra Gamlund til å reflektere over dei normative premissene for det han seier. I tillegg har eg oppfordra han til å tenke gjennom sitt eige utspel som ei moralsk handling. Det kan ikkje vere for mykje å be om frå ein forskar som uttaler seg som om abortsaka var ei reint akademisk tankeøving, fråkopla frå maktforhold i røynda, seier Aarstein. 

Ho trur også Hjelseth har gått glipp av kva kritikken mot Helgheim (FrP) går utpå:

— Nemleg at ein stortingspolitikar krev at ein akademisk institusjon skal reagere mot ein tilsett basert på den tilsette si forsking. Jegerstedt og eg kritiserer Gamlund si forsking som forskarar i tråd med god vitskapleg praksis. Samstundes kritiserer vi kommunikasjonsavdelinga sitt format «UiB forklart», ikkje fordi dei intervjuar Gamlund, men fordi formatet inviterer til å tolke han som ein ‘nøytral’ talsmann for vitskapleg konsensus. 

Universitetet i Bergen, UiB, Kjersti Aarstein, meiner kritikarane misforstår bodskapen. — Det er greitt at Gamlund kjem til orde, seier ho.

— Har ikkje tatt stilling

— Betyr dette at det er greitt eller ikkje greitt, at UiB let Gamlund kome til orde under UiB forklart-vignetten?

— Det har vi ikkje tatt stilling til. Vignetten er problemet. Han har sjølvsagt rett til å uttale seg, seier Aarstein.

— Men er det greitt, eller ikkje, at han får ytre seg — under denne vignetten?

— Eg følger ikkje premissen for spørsmålet. Det er greitt at han kjem til orde, men vignetten skaper ei forvirrande ramme rundt utspelet hans.

— Ei anna «innramming» hadde gjort det greitt?

— Ja, men eg ville framleis vore ueinig i det han seier.

— Kva slags innramming kan du sjå for deg?

— Der stolar eg på at kommunikasjonsavdelinga har kompetanse til å finne ut av noko som fungerer.

— Kan det vere at noko er uklart i dykkar innlegg?

— Eg har lese innlegget fleire gonger, og kan ikkje sjå at det er uklart på dette punktet. Men viss nokon kan peike på noko konkret — til dømes ei uklar setning — vil eg gjerne diskutere det og forsøke å oppklare.

Endringslogg 9. november 2025 kl. 14.13: Justert ingress og avsnitt i brødteksten for å få tydelegare fram at kritikken frå kjønnsforskarane rettar seg både mot universitetets forklart-spalte og filosofens innlegg om abortdiskusjonen.

Powered by Labrador CMS