Universitetet i Bergen
Mange interne vil verta direktør i Bergen
Fakultetsdirektør Benedicte Løseth ved Universitetet i Bergen har fått jobb i Forskingsrådet. Mange interne søkjarar ønskjer å ta over jobben hennar i forskings- og innovasjonsavdelinga.
Benedicte Løseth har leia forskings- og innovasjonsavdelinga (FIA) ved Universitetet i Bergen sidan 2019. I vinter vart det kjent at ho går over til ei stilling i leiinga i Forskingsrådet, nærare bestemt som områdedirektør for forskingssystemet og internasjonalisering.
To frå FIA har søkt
Løseth byrja i stillinga i Forskingsrådet 1. april. No er lista over dei som ønskjer å overta som leiarar for FIA klar. På lista finn ein fleire interne søkjarar:
Alette Gilhus Mykkeltvedt er i dag fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. Ho står på lista saman med Are Straume og Birgit Falch, som begge er i leiinga ved FIA i dag. Knut Børve er instituttleiar ved Kjemisk institutt, og Nina Grytten Torkildsen er førsteamanuensis ved Det medisinske fakultetet.
Lyste ut fleire gongar
Då Løseth vart tilsett tidleg i 2019 var det fjerde gong sidan 2013 at stillinga som direktør for FIA hadde vorte lyst ut. I 2019 var det ti søkjarar, meir enn dåverande universitetsdirektør Kjell Bernstrøm hadde rekna med.
— Det har vist seg at det ikkje er så lett å finna kandidatar til denne stillinga, sa Bernstrøm til På Høyden i 2018.
FIA skriv om seg sjølve at dei mellom anna yter sørvis, rådgiving og støtte til fakultet, institutt, enkeltforskarar og leiinga ved UiB. Avdelinga har om lag 40 årsverk.
Desse har søkt
| Avdelingsdirektør for Forskings- og innovasjonsavdelinga | |
| Izak Tait | Research Operations Manager, Auckland |
| Marwa Jalal | Arbeidssøkar, OSlo |
| Prodromos Zachariadis | Manager, Bærum |
| Michael Gausa | Director of research and development, Andøy |
| Lars Brandén | Innovationsrådvigare, Borgholm |
| André Arnestad | Rådgiver, Bergen |
| Birgit Falch | Seksjonssjef, Bergen |
| Nina Grytten Torkildsen | Spesialrådgiver/føresteamanuensis, Bergen |
| Juliane Tiemann | Faglig leder (førstebibliotekar), Årland |
| Edelinn Gjerde | Administrativ leder, Bergen |
| Alette Gilhus Mykkeltvedt | Fakultetsdirektør, Bergen |
| Svein Harald Sønderland | Radiosondeleiar ved Jan Mayen meteorologiske stasjon, Nissedal |
| Rasmus Sandnes Haukedal | Ph.d.-kandidat, Bergen |
| Are Straume | Seksjonssjef, Bergen |
| Yonas Zewdu Ayele | Førsteamanuensis/forskningsgruppeleder, Halden |
| Bjarte Håvik | Prosjektleder, Bergen |
| Bjarte Gees Bokn Solheim | Leder for forskning og analyse, Bergen |
| Søkjar unnteke offentlegheit | Mann |
| Knut Børve | Instituttleiar, Bergen |
| Sashidkaran Komandur | Forskningsleder, Hamar |

Nylige artikler
For første gang på 10 år startet færre på IT-studier
Cathrine Holst: — Jeg må si at jeg er redd og dyster med tanke på verden
Kompetanse, lokal lønnsdannelse og handlefrihet trengs for å skape fremtiden
KI har kommet for å bli, men på hvilke premisser?
Filmtips for late juledager
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Artikkel om vindskala mest lest i 2025. SNL-sjefen er flau over nummer to på lista
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene