språk

Mange universitet og høgskular bryt språklova 

Universitetet i Oslo, NTNU og Nord universitet er blant dei som ikkje tar lova og folk sine språklege rettar på alvor, ifølgje Språkrådet.

«Det medfører ikke riktighet at vi ikke tar nynorsk på alvor», seier rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen. Nord hadde 3 prosent nynorsk i 2023 og var med det dårlegast i klassen.
Publisert Oppdatert

Språkrådets årlege tilsyn med bruk av bokmål og nynorsk i offentlege verksemder viser at det er store sprik innanfor universitets- og høgskulesektoren. Berre nokre få institusjonar nådde i 2023 opp til lovkravet om å bruke minst 25 prosent av kvart skriftspråk — bokmål eller nynorsk.

— Vekslingstala til institusjonane som gjer det dårleg, viser at dei ikkje tek lovkrava og dei språklege interessene og rettane til innbyggjarane på alvor, seier språkdirektør Åse Wetås til Khrono.

Fakta

Språkrådet og språklova

  • Språkrådet fører tilsyn med bruken av bokmål og nynorsk i dokument frå statsorgan i samsvar med lov om språk (språkloven), som tok til å gjelde frå 1.1.2022.
  • Tilsynet kartlegg om statsorgana oppfyller lovkravet om veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument, og om dei har alle skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar på både bokmål og nynorsk, slik kravet i lova er.
  • Språkrådet gir også råd til statsorgana om korleis dei kan etterleve språklova.
  • Ifølgje språklova er bokmål og nynorsk «likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet», og «i offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk».

Peikefingeren blir særleg retta mot sju institusjonar, som Språkrådet i 2022 bad Kunnskapsdepartementet følgje opp, fordi dei systematisk hadde brote språklova over tid.

OsloMet løfta seg

Blant desse er det berre OsloMet som har løfta språkvekslinga eit lite hakk frå 2022 til 2023. Der har bruken av nynorsk på nettsidene totalt auka frå 5 prosent til nær 11 prosent.

Hos dei andre — NTNU, Universitetet i Oslo og Universitetet i Søraust-Noreg, Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, Høgskolen i Innlandet og Arkitektur og designhøgskolen — har utviklinga stagnert eller gått tilbake. Universitetet i Oslo (UiO) hadde samla 2 prosent mindre nynorsk på sine nettsider i 2023 enn året før.

I fjor uttalte UiO-rektor Svein Stølen til Khrono at arbeidet med å representere begge dei norske skriftspråka ikkje hadde «vore ein del av mangfaldsarbeidet ved UiO».

Sjå tabell nedst i saka.

— I strid med føringar

— Konsekvensane på kort sikt er dårlegare tenester til det språklege mindretalet, og at nynorsk skriftspråk blir mindre synleg for alle språkbrukarar, i strid med sentrale føringar i språklova. Konsekvensen på lang sikt er at nynorsk som det mest sårbare av dei to norske skriftspråka blir endå meir utsett — stikk i strid med eit av hovudmåla for den norske språkpolitikken, seier Wetås.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås meiner fleire institusjonar ikkje følgjer samfunnsansvaret for å ta vare på dei norske språka.

 I tilsynet med bruken av bokmål og nynorsk i 2023 har Språkrådet konsentrert seg om hovudnettstadene til institusjonane. Resultata er basert på språkveksling i ny tekst i html-format, det vil seie tekst som er publisert i dette formatet i 2023. I tillegg blir bruk av nynorsk og bokmål i sosiale medium undersøkt.

Blant dei som kjem aller dårlegast ut på statistikken er Nord universitet, som hadde 3 prosent nynorsk på nettsidene sine. Nord rapporterte ikkje inn tal for sosiale medium, slik dei er pliktige til. Det gjorde heller ikkje Kunsthøgskolen i Oslo.

I ein kommentar til tala skriv rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, til Khrono: 

«Det medfører ikke riktighet at vi ikke tar nynorsk på alvor. Vi har diskutert det i ledergruppen ved flere anledninger og det er skuffende at vi ikke har fått fremgang. Vi tar nye runder og må åpenbart gjøre denne jobben på en annen måte».

Lånekassa får skryt

Eit lite mindretal har klart å følgje opp lovkravet om språkveksling i 2023. Det er Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda og Lånekassa.

— Nokre av dei andre gjer det også bra og fortener skryt for god jobb med nettekstar, som Nupi, Nokut og Kulturtanken, seier Wetås.

Universitetet i Bergen, som normalt har klart å halde ein høg grad av veksling mellom nynorsk og bokmål, har i 2023 7 prosent mindre nynorsk enn året før. Dei fell dermed under lovkravet i denne kategorien. På sosiale medium er prosenten akkurat på 25.

Forskingsrådet, som har ansvaret for å fordele storparten av offentlege forskingsmidlar i Noreg, hadde 36 prosent nynorsk på sosiale medium, men berre 4 prosent på nettsidene.

Kunnskapsdepartementet høyrer til mindretalet som oppfylte vekslingskrava om minimum 25 prosent av kvart skriftspråk i språklova, samla sett.

Rapporten viser at departementet hadde 4 prosent nynorsk i sosiale medium i 2023 og 9 prosent i annan nettekst. Men i den omfangsrike tekstkategorien stortingsdokument er nynorskandelen 60 prosent. Brote ned i underkategoriar er vekslinga høgst variabel, men samleresultat for publisert nettekst oppfyller 25-prosentkravet.

§ 13 Veksling mellom skriftspråk i allment tilgjengelege dokument.
Sentrale statsorgan skal over tid bruke mellom 25 og 75 prosent av kvart av skriftspråka nynorsk og bokmål i allment tilgjengelege dokument.

Institusjon % nynorsk i: Sosiale medium Ny tekst på hovudnettstaden All tekst på hovudnettstaden
Nord universitetSvar manglar32
Noregs forskingsråd3642
Arkitektur- og designhøgskolen442
Høgskolen i Innlandet333
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet1534
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet3244
UiT Norges arktiske universitet1944
Høgskolen i Østfold345
Høgskolen i Molde375
Universitetet i Agder267
Dei nasjonale forskningsetiske komiteane4477
Universitetet i Søraust-Noreg2887
Norges handelshøgskole2878
Norges musikkhøgskole4188
Norges idrettshøgskole3199
Kunsthøgskolen i OsloSvar manglar810
Oslomet - storbyuniversitetet62010
Direktorarte for høgare utdanning og kompetanse181211
Universitetet i Oslo201412
Universitetet i Stavanger311213
Sikt – kunnskapssektorens tenesteleverandør301913
Universitetet i Bergen252215
Nokut123415
Foreldreutvalet for grunnopplæringa311517
Norsk utanrikspolitisk institutt114720
Høgskulen på Vestlandet664738
Lånekassen424549
Høgskulen i Volda756778

Kjelde: Språkrådet

Powered by Labrador CMS