uit Noregs arktiske universitet
No kjem det pengar til nytt museum i Tromsø
Fleire statsrådar har sagt nei. Men no hadde statsminister Jonas Gahr Støre med seg 65 millionar museumskroner til Tromsø og UiT Noregs arktiske universitet.
— No er prosjektet modent, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i ei pressemelding frå UiT Noregs arktiske universitet (UiT).
Då Støre var i Tromsø før helga, hadde han med seg 65 millionar oppstartskroner til nytt universitetsmuseum. Det betyr at ei lang soge kan få ein ende, og museet kan stå ferdig om sju år.
— Eit nytt universitetsmuseum er viktig for universitetet, og byen Tromsø, seier Støre.
Rektor Dag Rune Olsen er også nøgd.
— Dette er ein veldig god dag for alle i Noreg, men kanskje særleg for oss som bur i Nord-Noreg, for me skal skapa ein spanande stad med nye opplevingar og ny kunnskap om nordområda, seier han.
Lang dags ferd mot museum
I 2016 var bestillinga frå staten eit museum med ei kostnadsramme på 1,5 milliardar kroner. Men prisen steig, og i 2022 sa dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe at prisen måtte ned.
Borten Moe gjekk av, og den neste statsråden, Sandra Borch, reiste til Tromsø saman med statsministeren for å fortelja at museumsprosjektet måtte kuttast om lag til det halve.
Så gjekk Borch av, og i januar 2025 kunne Oddmund Hoel fortelja at det nye universitetsmuseet skal få heilt nye lokale i Tromsø sentrum. Men Hoel rakk ikkje å dela ut pengar før han også gjekk av.
Ferdig i 2032
Dei 65 millionane Støre no, saman med næringsminister Cecilie Myrseth, hadde med seg, skal brukast på eit obligatorisk forprosjekt som alle statlege byggeprosjekt må ha. Dette er planlagt å vera ferdig i 2026, og Statsbygg og UiT sin plan er då at museet er klart til å opna i 2032.
— Tromsø er et nav i nord når det gjeld kunnskap, og opprettinga av universitetet i Tromsø er eit av dei viktigaste nordområdetiltaka me har gjort, seier Myrseth.
— Med å få på plass eit museumsbygg satsar me på kunnskap og me satsar på nord.

Nylige artikler
OsloMet droppet lønnsforhandlinger ved forskeropprykk i ti år
Åpent brev til president Macron: «De dør på dine universiteter»
Forskerforbundet ut mot logopedstopp: — Dekker over realiteten
Skal selge «siving-ringer» for flere millioner kroner i år
Hvem karrer til seg mest i Innlandet?
Mest leste artikler
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Stjerneforskere måtte slutte etter kontakt med Epstein
Berg-Hansen og jeg
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Sensitive teknologier: Slik er Norges forskningssamarbeid med «risikoland». Samarbeider mest med Kina om KI