Debatt ● Martin Paulsen
Noreg treng meir Ukraina-kompetanse
Noreg gir over 200 milliardar i støtte til Ukraina. I ein slik situasjon er det behov for å gjere mykje meir for å spreie kunnskap om Ukraina i det norske samfunnet og hjelpe ukrainarane til å sikre seg den kompetansen dei treng for å stå imot den russiske invasjonen og byggje opp landet igjen.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Vi hadde dyktige forskarar som jobba med Ukraina-spørsmål allereie før 2022, men det var få av dei og mange hadde ikkje moglegheit til å jobbe med Ukraina på heiltid. For mange av oss var Ukraina ein bisyssel ved sidan av forsking om Russland og undervising i russisk.
Då den russiske fullskalainvasjonen av Ukraina skapte eit auka behov i det norske samfunnet for kunnskap om Ukraina var det ei rekkje forskarar som konsentrerte sitt fokus om dette store landet nord for Svartehavet. Eit av dei viktigaste grepa som vart tatt var å etablere eit nettverk av norske og ukrainske forskarar i Noreg, Ukrainett. Nettverket vart etablert etter eit initiativ frå ukrainske forskarar i Noreg, og har fått støtte frå Noregs forskingsråd (NFR) til sine aktivitetar sidan 2022.
Det tel no over 100 forskarar i Noreg og samarbeider med ukrainske forskarar ved 18 universitet og forskingsinstitusjonar i Ukraina. Vidare støtte til denne typen nettverk er viktig for å halde oppe momentum i utviklinga av norsk kompetanse på Ukraina.
Det har kome 100 000 ukrainske flyktningar til Noreg etter den russiske invasjonen. Nokre av desse er forskarar som kan dekkje noko av det behovet vi har i Noreg for ekspertkompetanse.
I ein viss mon har norske universitet og forskingsinstitusjonar klart å finne plass til desse. Samstundes kan ikkje kompetansebehovet dekkjast fullt og heilt av ukrainarar. Vi treng norske forskarar, med norske perspektiv og kjennskap til norsk samfunnsliv, som har denne kompetansen.
I lys av dette vil det i tida framover vere viktig at norske styresmakter er villige til å prioritere å byggje opp ekspertkompetanse på Ukraina i Noreg. Dette kan til dømes skje i form av utlysing av øyremerka prosjektmidlar frå NFR til forsking på Ukraina, som vil leggje til rette for prioritering av ph.d.-stillingar. Prosjektbasert støtte vil vere viktig for å kunne sikre at slike ph.d.-prosjekt går føre seg i aktive forskingsmiljø med Ukraina-kompetanse slik ph.d.-forskrifta føreset.
Dette er eit langsiktig arbeid.
Det tar gjerne tre-fire år å utdanne ein forskar med doktorgrad, men det gir og langsiktige resultat. Denne forskaren kan vere ein premissleverandør for norsk kunnskap om Ukraina i fleire tiår framover, anten i ei akademisk stilling eller i ei anna rolle i norsk arbeidsliv.
Erfaringa er at kompetanse om Ukraina og ukrainarar trengst i heile det norske samfunnet.
For mange av oss som jobbar med Ukraina-spørsmål har tida frå februar 2022 vore eit langt formidlingsmaraton. Spørsmåla om å kome å halde ei innleiing eller eit føredrag om Ukraina har vore mange og svært varierte, alt frå tominutters innslag i Debatten på NRK til halvdagsseminar for det lokale NAV-kontoret.
Erfaringa er at kompetanse om Ukraina og ukrainarar trengst i heile det norske samfunnet. Kva er Ukraina si historie? Kva kjenneteiknar ukrainsk familieliv? Kva er risikofaktorar når ukrainske borgarar skal integrast i det norske samfunnet?
Heldigvis har norske styresmakter sett dette kompetansebehovet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har nyleg lyst ut midlar til kompetanseheving gjennom sitt Program for Ukraina-kompetanse.
Det er mange aktørar i Noreg som kan bidra til dette, men UH-institusjonane har ein spesialkompetanse når det gjeld å kople det siste av forsking med undervisinga. Det er særleg viktig når verda (og situasjonen i og for Ukraina) endrar seg så raskt som den gjer no.
UH-institusjonane har dessutan ein nøkkelfunksjon som internasjonale aktørar og koplarar mellom den kunnskapsutviklinga som skjer internasjonalt med det som skjer i Noreg.
UH-institusjonane er sett saman av ein internasjonal stab med spesialiserte interessefelt og store nettverk hos andre universitet i utlandet. Ofte samarbeider vi like aktivt med kollegaar i Tyskland eller Ukraina som med dei som sit på andre sida av gangen på eigen institusjon.
For mange av oss som jobbar med Ukraina-spørsmål har tida frå februar 2022 vore eit langt formidlingsmaraton.
På den måten kan universiteta i Noreg bidra til at dei ukrainske perspektiva på utviklinga i landet vert tilgjengeleg for aktørar i det norske samfunnet.
Føresetnaden for at dette skal fungere er at norske styresmakter er villige til å gi ikkje berre prosjektfinansiering til å utvikle gode vidareutdanningstilbod om Ukraina, men og sikre ei stabil grunnfinansiering som gjer det mogleg å drive dei etterspurde undervisingstilboda vidare den dagen prosjektfinansieringa er tar slutt.
I ein situasjon kor eit av fem ukrainske universitet har vorte råka av russiske åtak, er det heilt avgjerande for ukrainarane å få hjelp utanfrå.
Noreg er ein forskingsnasjon med solid kompetanse på mange felt som kan kome til nytte for eit land i krig. Vi kjenner til at norsk våpenteknologi og -produksjon er etterspurd, men vårt bidrag til den ukrainske motstandskampen og gjenoppbygginga kan vere så mykje meir enn det.
Norsk kompetanse på energiomstilling, god offentleg styring og kamp mot korrupsjon, eller helse i krisesituasjonar er mellom anna svært ønska.
Norske universitet og høgskular har allereie vist mykje solidaritet med Ukraina, men det er rom for meir fagleg samarbeid.
Vi ser fram til nye utlysingar frå NFR som kan bidra til å heve kompetansen på Ukraina i Noreg og til utlysing av partnarskapsmidlar frå HK-dir for prosjekt mellom norske og ukrainske institusjonar.
I desse utlysingane er det viktig at rammene ikkje vert for tronge, slik at dei kan leggje til rette for ei mobilisering av heile sektoren.
14. — 15. oktober arrangerast den internasjonale konferansen The War and Beyond: Perspectives on Ukrainian culture and society ved Universitetet i Bergen.