Fleire studieplassar til barnehagelærar på deltid

Hilde Kristin Strand
statsbudsjettet2026 kortnytt

Medan talet på søkjarar til sjukepleiestudiet og grunnskulelærarstudiet har gått opp, har søkjartala til treårig utdanning for å verta barnehagelærar gått ned. I forslaget til statsbudsjett har regjeringa lagt inn midlar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, altså ein variant der ein tek utdanninga over fire år medan ein er i jobb i ein barnehage. 

OsloMet og Universitetet i Søraust-Noreg får 60 slike plassar kvar, NLA Høgskolen får 40, Universitetet i Stavanger får 30, Universitetet i Innlandet og Nord universitet får 15 kvar og Universitetet i Agder får fem. Pengane er flytta frå det som heiter kapittel barnehage, kjem det fram i forslaget til statsbudsjett.

Les alle Khrono sine saker om statsbudsjett 2026 her

Powered by Labrador CMS