Millionar til å løfta ytringsfridommen

Hilde Kristin Strand
statsbudsjettet2026 kortnytt

Regjeringa foreslår 37,5 millionar kroner til å løfta ytringsfridomen og til kampen mot desinformasjon.

20 av millionane skal gå til eit nytt og uavhengig senter som får namnet Tenk – senter for kjeldemedvit. Senteret skal opprettast som ei uavhengig stifting med NTNU, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Den norske forleggerforening og Norsk Presseforbund som stiftarar.

I tillegg vil regjeringa bruka fem millionar kroner på oppstarten av eit forskingssenter som kan bidra med langsiktig forsking på det offentlege ordskiftet og følgja med på ytringsfridom, polarisering og desinformasjon i det norske samfunnet. Regjeringa foreslår også å bidra med totalt 4,5 millionar kronar i ekstra tilskot til Senter for undersøkande journalistikk ved Universitetet i Bergen, Landslaget for lokalaviser og Institutt for journalistikk.

– Me ser at framande statar kan søkja å påverka oss, og me veit at algoritmane ikkje bryr seg om nyansar. Då er det viktig å sørga for ein sterk grunnmur i vår felles, offentlege samtale, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei pressemelding.

Les alle Khrono sine saker om statsbudsjettet 2026 her.

Powered by Labrador CMS