Vil ha meir desentral utdanning i nord

Hilde Kristin Strand
statsbudsjettet2026 kortnytt

Regjeringa vil styrka tilbodet av fleksibel og desentralisert høgare utdanning i Finnmark, med særleg vekt på Aust-Finnmark/Kirkenes. UiT Noregs arktiske universitet skal i dialog med aktørar i regionen nytta midlane til å styrka tilbodet og gjera det meir føreseieleg framover.

Dette melder regjeringa i ei pressemelding om styrka innsats for nordområda. Her nemner dei òg pengar til forsking på Polhavet, som kom som ein budsjettlekkasje i valkampen.

– I møte med dagens utfordringsbilete og geopolitiske situasjon, har det aldri vore viktigare at me får eit berekraftig, sterkt og motstandsdyktig nord, seier utanriksminister Espen Barth Eide i pressemeldinga.

– Med den styrkte innsatsen i Nord-Noreg vil vi bidra til livskraftige lokalsamfunn, og til at nordområdepolitikken styrkjer vår nasjonale tryggleik og beredskap, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran i same melding.

Les alle Khrono sine saker om statsbudsjett 2026 her.

Powered by Labrador CMS