Rektor sjukemeld på grunn av brystkreft

Solveig Mikkelsen
nord universitet kortnytt hanne solheim hansen

På grunn av eit medisinsk inngrep, blir rektor Hanne Solheim Hansen ved Nord universitet sjukemeld frå 23. januar, skriv universitetet i ei pressemelding.

— Legane har avdekt at eg har brystkreft. Eg skal gjennom ein operasjon først, og korleis forløpet blir etterpå, er ikkje avklart. Det er derfor uvisst kor lenge sjukemeldingsperioden vil vare, seier Hansen.

Det var deltakinga i mammografiprogrammet som gjorde at kreften blei oppdaga tidleg.

— Til alle andre kvinner: Følg opp alle screeningar de får tilbod om, oppmodar ho.

Prorektor for utdanning, Levi Gårseth-Nesbakk, fungerer som rektor i sjukemeldingsperioden.

Khrono har spurt om å få eit intervju med Hansen, men ho meldar at ho treng ro, må lade opp og førebu seg på operasjon på mandag. Difor takkar ho nei til slike førespurnadar.

Hanne Solheim Hansen har vært rektor ved Nord universitet siden 2019.
Powered by Labrador CMS