Rikslønsnemnda
NRK erfarer: Unio og Akademikerne får behalde eigen tariffavtale — til 2026
LO tapte i Rikslønsnemnda, erfarer NRK tysdag kveld.

NRK melder tysdag kveld at kjernen i avgjerda til Rikslønnsnemnda som blir offentleg onsdag, er at Akademikerne og Unio får behalde sin eigen tariffavtale med staten. Men berre fram til 2026, etter det NRK kjenner til.
I tillegg skal Rikslønsnemnda ha bestemt at LO blir tvinga over på YS sin tariffavtale — noko LO-medlemmane har sagt nei til.
Men avgjerda er førebels.
Rikslønsnemnda sender partane tilbake til forhandlingsbordet med mål om at dei skal bli samde om ein avtale frå 2026, etter det NRK erfarer. Akkurat slik staten har ønskt.
Sist fredag la LO Stat fram sine krav til ny tariffavtale i Rikslønsnemnda.
Rundt 6500 tilsette ved statlege universitet og høgskolar er organiserte i LO-forbundet NTL.
LO Stat krev at:
- Rikslønsnemnda fastset éin likelydande hovudtariffavtale for alle hovudsamanslutningane i staten. Den kan bygge på avtalen mellom staten og YS, men LO krev fleire endringar. Dei vil ha meir sentral styring og kontroll over lønnsdannelsen.
- Prinsipalt, viss Rikslønsnemnda ikkje fastset éin likelydande hovudtariffavtale, krev LO Stat at deira eksisterande avtale held fram. Dei krev også endringar i denne avtalen.
Avgjerda kjem etter at Akademikerne og Unio gjekk til streik i vår. Ein streik som blei stoppa av regjeringa med tvungen lønsnemnd. LO Stat stemte nei til oppgjeret og gjekk til frivilleg lønsnemnd.
Akademikerne meinte på førehand det ville vere eit direkte angrep på organisasjonsfridomen og forhandlingsretten om organisasjonen ikkje fekk medhald i Rikslønsnemnda.
Akademikerne og Unio representerer blant anna politifolk, forskarar, legar, juristar, tannlegar og arkitektar.
Men Rikslønsnemnda si avgjerd skaper ikkje berre jubel i den leiren, etter det NRK kjenner til: Ifølge statskanalen gjer avgjerda at Akademikerne og Unio sit at med ein pott på 2,7 prosent som dei kan forhandle om lokalt, og ikkje 2,9 prosent, som var utgangspunktet.
Nyeste artikler
Lise Iversen Kulbrandstad (1958—2025)
Trump truer med å frata Harvard retten til å ta imot utenlandske studenter
Ser vi egentlig på de riktige problemene i lærerutdanningen?
Slet med å lese og skrive til hun gikk i 8. klasse. Så oppdaget hun westernromaner
Mener hun fikk sparken fra Columbia fordi hun hjalp demonstrerende studenter
Mest lest
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Trumps økonomirådgiver fikk toll-argumenter av sin «fantasiprofessor» Vara
Ikke kall det bachelor og master før vi vet hva vi snakker om
Her fullfører flest studenter på normert tid
Avbryter søknad i mangfoldsprotest. — Skuffende at de gir etter for press