Debatt ● Steinar Vagstad
NTL og det utdaterte golvet
Grunnproblemet for «laget» av universitetstilsette er at gjennomsnittleg lønnsvekst er lågare enn frontfaget. Slik kan vitskaplege og tekniske stillingar sakke akterut. Her har ikkje LO vore mykje til støttespelar sentralt.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Kjelsberg og Hjelme har den 7.6 eit lengre forsvar av NTLs politikk, og er ikkje nådige overfor annleis tenkjande. Desse finst det (heldigvis) mange av, mange av desse er i Forskerforbundet, og eg er ein av dei som får gjennomgå spesielt.
NTL jobbar sjølvsagt ikkje for å heve heile laget, men for å få til ei omfordeling i retning av sine medlemmer. Det er legitimt. Det er korrekt at «NTLs avtale har bidratt til å sikre et gulv for alle ansatte».
Men dette golvet begynner å bli veldig utdatert for mange stillingskodar. «Golvet» for stillingskode 1013 Professor er lønnstrinn 69 eller 679.800 kr/år. Dette er omtrent som gjennomsnittslønna for alle norske arbeidstakarar, og 100.000 mindre enn garantilønna i skuleverket for ein lektor med opprykk.
Eg bruker professor som eksempel ikkje fordi vi ikkje bryr oss om andre, men fordi det er den nest største stillingskoden på min arbeidsplass, og på andre universitet. Den utdaterte minstelønna for professor er ikkje eineståande, det finst flust med eksempel på utdaterte minstelønnssatsar både for administrative og tekniske stillingar.
På UiB har Forskerforbundet gått i bresjen for høgare lokale minste startlønner, først for dei store vitskaplege stillingskodane, i fjor utvida til store administrative og tekniske stillingskoder. I år har vår arbeidsgjevar etter eige initiativ innført høgare minste startlønner for så å seie alle stillingskoder ved UiB. Dette er vegen å gå når sentrale forhandlingar ikkje leverer.
Vår største stillingskode er 1017 stipendiat. Forskerforbundet jobbar for å heve startlønna til stipendiat, dels fordi stipendiatar typisk blir innplassert på den nasjonale minstelønna som har blitt hengande etter alminneleg lønnsvekst, dels fordi høgare startlønn er den einaste måten ein kan heve det langsiktige lønnsnivået for stipendiatar, sidan tilsettingsforholdet er såpass kort. Det same gjeld for postdoktorane.
Forskerforbundet ønskjer fleire stipendiatmedlemmer, men lever godt med at økonomisk bevisste stipendiatar heller vel NTL. Viss dei held fram med å vere økonomisk bevisste kjem dei nok over til oss seinare.
Steinar Vagstad
Dei siste par åra har det lønt seg litt for mange stipendiatar å vere LO-medlem, sidan lønna er så låg at store flate kronetillegg er fordelaktig. Men ein stipendiat som har tenkt å fortsette i UH-sektoren vil oppdage at lågtlønnspolitikken er langt mindre fordelaktig i stillingane som er aktuelle seinare. Forskerforbundet ønskjer fleire stipendiatmedlemmer, men lever godt med at økonomisk bevisste stipendiatar heller vel NTL. Viss dei held fram med å vere økonomisk bevisste kjem dei nok over til oss seinare.
NTLs politikk slik vi har erfart den ved UiB er å gje meir til teknisk-administrative og mindre til vitskaplege, og stort sett på ein måte som ikkje kjem våre medlemmer i teknisk-administrative stillingar til gode. Det kan hende det ser annleis ut der Kjelsberg og Hjelme jobbar. Våre medlemmer i administrative stillingar held, i likskap med administrasjonen som gruppe, omtrent tritt med frontfaget. Det same kan dessverre ikkje seiast om gruppene av vitskapleg eller teknisk tilsette, som begge har hatt fallande reallønn det siste tiåret.
Grunnproblemet for «laget» av universitetstilsette er at gjennomsnittleg lønnsvekst er lågare enn frontfaget (vi taper ca. 0,5 % i året). Slik kan vitskaplege og tekniske stillingar sakke akterut utan at det går an å få auge på lønnsvinnarar. Her har ikkje LO vore mykje til støttespelar sentralt, kanskje fordi LO står relativt svakt i UH-sektoren samanlikna med i resten av staten (som dermed får meir enn frontfaget i gjennomsnitt)?
Til slutt eit litt teknisk poeng: rapporten av Dapi og Svarstad som Kjelsberg og Hjelme viser til studerer andre samansetningseffektar enn dei eg har sett på, på eit datasett for heile staten for perioden 2016—19. Korleis dette skal bevise at mine resultat frå UiB for perioden 2012—23 er feil, er for meg ei gåte. (Det hender at eg tek feil, men dette er altså ikkje bevis på det ;-) Eg kan anbefale rapporten til Dapi og Svarstad, og i endå større grad den litt ferskare rapporten deira med lengre tidsserie. Så kan jo lesarane sjølv vurdere om eg ser «bort fra forskning som river hele fundamentet under den lettvinte retorikken Vagstad kjører mot LO og YS».
Mer streikedebatt i Khrono
-
Stå for egne prioriteringer, Unio
-
NTL jobber for hele laget av utdanningsgrupper
-
Streiken, Høyre, og tariffkampen fremover
-
Unio ønsker å løfte alle sine medlemmer lønnsmessig
-
Lønnsoppgjør, streik og klima — en brannfakkel etter streiken
-
Hvorfor denne streiken har gitt meg en vond smak i munnen
-
NTL og streiken i staten
-
Hvilke utdanningsgrupper vil dere løfte, Unio?
-
Difor kan eg ikkje støtta streiken
-
Kroner eller prosent?
-
Bekjennelser fra en lokal lønnsforhandler
-
Kroner, prosent og kjøpekraft i dyrtid
-
Hele laget i streik
-
Styrking av offentlig sektor gjennom en moderne lønnspolitikk
-
Sass (og NTL?) og bakkekontakten
-
Lokale lønnsforhandlinger ivaretar ikke «alle»
-
En streik for rettferdighet
-
En streik for enda større lønnsulikhet
Nyeste artikler
Hevdet hun var utdannet ingeniør — dømt for dokumentfalsk
Når forskning går ut over studentene
Rettigheter uten plikter
Har ikkje opplevd spisse olbogar
Vil stoppe dagens plagiatkontroll. — Departementet stikker hodet i sanden
Mest lest
Dag O. Hessen innklaget til forskningsetisk utvalg
For fem år siden vant han nobelprisen. Nå er 13 av artiklene hans trukket
Fryktar maktmisbruk og trynefaktor i rekruttering til universitetet
Om min «plagiering» og bruk av egen tekst
Realnedgang for universiteter og høgskoler, mer til fagskoler