Debatt ● Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Oslo er ein populær studiestad, men andre stadar har og gode kvalitetar

Ein kan spørje: Vil vi ha flest mogleg studentar i Oslo, eller flest mogleg kvalifiserte i arbeid?

Portrett av Marit Knutsdatter Strand i hvit skjorte
Alle fylka har fleire som søkjer studium enn det er planlagde studieplassar, men ingen har så stor differanse mellom talet på studieplassar som er planlagd og talet på søkjarar som Oslo, skriv forfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Meir og betre aktivitet knytt til høgare utdanning i heile landet, er bra for norsk beredskap, rekruttering og økonomi — blant anna. Det er og bra for Oslo. Oslo vil halde fram som største studentby sjølv om dei potensielt då går frå ca. 73 000 til 68 000 studentar.

Korleis pengane til høgare utdanning brukast er viktig å snakke om nettopp fordi samfunnsoppdraget og kompetansebehovet er stort, medan folk og midlar er avgrensa.

Hausten 2024 var det 300 535 studentar i høgare utdanning, med rekordmange studieplassar og ein auke på 4,7 prosent som fekk tilbod om studieplass. I 2025 ser det ut til at det settast ny rekord. Senterpartiet (Sp) i regjering prioriterte auka aktivitet med studieplassar til medisin, IKT, forsking på kvanteteknologi og kunstig intelligens i stort, samt til dømes stader som Nesna og Kristiansund.

Alle fylka har fleire som søkjer studium enn det er planlagde studieplassar, men ingen har så stor differanse mellom talet på studieplassar som er planlagd og talet på søkjarar som Oslo. 

Over 13 300 studieplassar er planlagd, og 37 000 søkjer fyrsteval i Oslo. Ergo, fleire bør søkje andre stadar enn Oslo. Oslo er ein populær studiestad, men andre stadar har og gode kvalitetar.

SSB skreiv tidlegare i år om at nær 6 av 10 blir att i Oslo etter fullført utdanning, og heile 86 prosent om studenten var busett i Oslo frå før. Dei seks største studiestadene trekk til seg halvparten av alle som tar universitets- og høgskoleutdanning i Norge.

Det er eit enormt press på bustadar i Oslo og andre byar. Det gjer prisnivået for å kjøpe eller leige bustad høgt. Vatn og avløp er under stort press, og beredskap som straum og tilfluktsrom aukar medviten om.

I Oslo er ein stor del av bustadmarknaden alt i dag dyrare enn ein sjukepleiar har råd til. Dette kan føre til kompetansemangel og utfordre rekrutteringa til samfunnskritiske funksjonar, når Oslo og treng fleire sjukepleiarar.

Dei seks største studiestadene trekk til seg halvparten av alle som tar universitets- og høgskoleutdanning i Norge.

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Det er flott at rektor ved OsloMet Christer Krogh vil diskutere Geir Pollestad sitt utspel om færre studieplassar i Oslo, og at han støttar Sp i å opprette fleire studieplassar utanfor Oslo, som ved auke i talet på studentar på campus Romerike frå under 3000 studentar til over 4000. Vi støttar uroa for å rekruttere nok ingeniørar og pedagogar i Akershus. 

Difor har fylkeskommunen fått midlar til studiesenter — noko OsloMet og har glede av for å rekruttere fleire til sine studium frå små og store tettstadar rundt i Akershus og elles i landet.

Om Khrogh fryktar for rekrutteringa i Oslo til ulike yrke, håpar eg OsloMet og andre utdanningsinstitusjonar er samfunnsoppdraget sitt bevisst — og ser kva dei tilbyr av utdanning mot det regionen dei er i treng.

Både der det bor færre folk, og der det bor mange folk, må høgare utdanning bli meir tilgjengeleg.

Behovet for kompetanse aukar og endringstakta i samfunnet aukar. Difor la Senterpartiet fram Utsynsmeldinga med nær 50 tiltak for å rekruttere fleire til høgare utdanning, og dessutan sikre at folk fullfører studium som gjev arbeid. NAV skal til dømes rekruttere til utdanning no, noko Sp var med å varsle nettopp i Utsynsmeldinga.

Eit anna poeng, er dei enorme poengkrava for einskilde studium som gjer at unge brukar for mykje tid på poeng framfor å fullføre studium og kome i arbeid. Norsk Studentorganisasjon peika på dette problemet nyleg. Heldigvis har Sp i regjering vore med å endra opptakssystemet slik at opptak til høgare utdanning blir betre frå hausten 2026.

Sp har vore med på reformer for høgare utdanning på fleire frontar, og går til val på å halde fram med å løfte høgare utdanning og forsking sin funksjon — for det tener Norge på!

Powered by Labrador CMS