lærarkrise

— På høg tid med satsing på samisk forsking og utdanning

Drastisk opptrapping av samiskspråklege utdanningar må til for å unngå langvarig krise, meiner sametingsrådsmedlem, Mikkel Eskil Mikkelsen.

Mikkel Eskil Mikkelsen, medlem av Sametinget og sametingsrådet
— Ein må gi samiske barn og unge sjansen til å kunne bli samiskspråklege. Første steg er å utdanne kandidatar som kan gjere jobben, seier Mikkel Eskil Mikkelsen, medlem av Sametinget og sametingsrådet.
Publisert Oppdatert

— Utan ei drastisk opptrapping av tilbodet står vi framfor ei langvarig krise, seier medlem av Sametingsrådet Mikkel Eskil Mikkelsen (Norske Samers Riksforbund).

Grunnproblemet, ifølgje Mikkelsen, er forsømte og manglande utdanningstilbod. Han rettar utfordringa direkte til forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.

Ho seier regjeringa legg vekt på å styrke dei samiske språk- og læringsmiljøa. I ein av budsjettlekkasjane i valkampinnspurten lova regjeringa 37 millionar kroner til ein «samisk pakke».

 På spørsmål frå Khrono viser Borch til at 4,5 millionar frå den potten skal gå til å «legge til rette for nasjonale og fleksible språkutdanningar i nordsamisk».

— Står igjen mykje

— Det står igjen mykje arbeid før regjeringa kan seie at ho leverer på det ho lovar, seier Mikkelsen.

Han meiner regjeringas generelle kutt i løyvingane til universitet og høgskular fører til ytterlegare marginalisering av dei samiske utdanningane.

— Med dei stramme budsjetta som regjeringa varslar for sektoren, blir rommet for å prioritere bygging av samisk utdanning og forsking endå trongare. Ein må gi samiske barn og unge sjansen til å kunne bli samiskspråklege. Første steg er å utdanne kandidatar som kan gjere jobben. Det har mangla ein politikk for dette. Den «samiske pakken» til regjeringa er heilt nødvendig start, seier Mikkelsen.

Mikkelsen peikar på at det berre er fem år sidan sør- og lulesamisk grunnskulelærarutdanning vart etablert. Først i 2023 vart dei aller første masterkandidatane uteksaminert frå lærarstudiet i lulesamisk ved Nord universitet. 

— Både Nord universitet, UiT Noregs arktiske universitet og Samisk høgskole gir klart uttrykk for at dei ønskjer å ta ansvaret. Men då må ressursane følgje etter, slik at det faktisk blir mogleg å bygge opp levedyktige fagmiljø.

I dag er det ikkje årlege opptak til dei samiske grunnskulelærarutdanningane ved Samisk høgskole og Nord universitet. 

— Det held ikkje. For barnehagelærarar finst det berre ei utdanning som skal møte behovet til samiskspråklege barnehagar over heile landet, seier han.

Det finst 32 samiskspråklege barnehagar i Noreg, ifølgje Statistisk sentralbyrås tal.

Fakta

Samisk språk og utdanning

    •  Samiske barn i grunnskulen og på vidaregåande har rett til samiskspråkleg undervisning, etter opplæringslova. Dette gjeld uavhengig kvar i Noreg barna bur.
    • I forvaltningsområde for samiske språk er samisk og norsk likestilte språk. Elevar i desse kommunane har rett til opplæring både i og på samisk (all opplæring foregår på samisk).
  • Både nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk – dei tre offisielle samiske språka i Noreg — er rekna som utryddingstrua av UNESCO.
  • Ei nasjonal satsing på språkopplæring for samisk (og kvensk) er blant forslaga i Sannings- og forsoningskommisjonens rapport, som vart lagt fram i juni.
  • Samiskspråklege utdanningar finst i dag ved Samisk høgskole,  UiT Noregs arktiske universitet og Nord universitet (lulesamisk og sørsamisk)

Samisk lærarkrise

Dei nasjonale lærarutdanningane er i ei mykje omtalt krise, med dramatisk fallande studenttal dei siste åra. Mangelen på samiske lærarar er ikkje mindre dramatisk. Samstundes slit lærestadene med å rekruttere studentar.

På Nord universitets sørsamiske grunnskulelærarutdanning i Levanger (1. — 7) er berre ein student registrert møtt i haust. På lulesamisk i Bodø står 8 av 10 studieplassar tomme.

— Det er skuffande låge tal, og dei viser at vi må jobbe frå fleire kantar. Samarbeidet med kommunane må bli tettare, slik at ein kan komme tidlegare i dialog med potensielle studentar. Stipendordningar er eit anna verkemiddel, seier Mikkelsen.

I dag gir Sametinget studentar som vel lærarutdanning 50 000 kroner i direkte støtte.

— Samiske studentar har ikkje den same valfridomen som norske studentar, som kan velje i tilbod over heile landet, seier Mikkelsen.

Fordi dei samiske utdanningane frå før er små, er dei også ekstra sårbare med dei sviktande studenttala, ifølgje sametingspolitikaren.

— Det er på høg tid med ei tydeleg og spesifikk prioritering og satsing på samisk forsking og utdanning, seier han.

Borch: Vil styrke samisk

Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch viser til at stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv, som kom i vår, legg vekt på å styrke dei samiske språk- og lærarutdanningsmiljøa.

— Då kan dei institusjonane som tilbyr språk- og lærarutdanningar, bli i stand til å byggje ut tilbodet, og lyse dei ut meir regelmessig. Regelmessig utlysing og nasjonalt samarbeid om samisk lærarutdanning gir meir tilgjengelege studietilbod. For å få fleire til å søke, må vi også sørge for at fleire kan få språkopplæring og kvalifisere seg for studium. Her kan både vidaregåande opplæring og høgare utdanning bidra, seier Borch.

Retting 12.09.2023, kl. 2047: I saka stod det opphavleg at barn som går i grunnskulen i samiske område har rett på samiskspråkleg undervisning. Det korrekte er at alle samiske barn – i heile Noreg – har rett på samiskspråkleg undervisning.

Powered by Labrador CMS