Universitetet i Bergen

Prorektor: Ein kan aldri få det same læringsmiljøet digitalt

Sigrunn Eliassen var typisk skuleflink, ein stad og i ei tid det ikkje var populært. No er ho prorektor og har ansvar for at studentane skal trivast og læra.

Sigrunn Eliassen, fersk prorektor ved Universitetet i Bergen, er oppteken av at studentane skal lukkast, og seier at fysiske møteplassar og fleire måtar å undervisa på er viktig for alle studentar.
Publisert

Sigrunn Eliassen har teke imot på eit svært ryddig kontor, med utsikt til den ærverdige museumsbygningen ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho har vore prorektor i ein knapp månad. Første styremøte er unnagjort, og første seanse med kappe, under den høgtidelege opninga av studieåret.

Korleis Eliassen hamna her? Kanskje litt tilfeldig — like tilfeldig som at ho hamna i Bergen og ved Fakultet for naturvitskap og teknologi som student.

Skal alle med?

For eit utrent øyre er det lett å tru at den ferske prorektoren ved UiB snakkar ein slags standard austnorsk dialekt. Men Sigrunn Eliassen er frå Løten i Innlandet, og seier framleis «ho», «mjølk» og «trur» — sjølv om ho ikkje har budd i heimbygda sidan 1992. Den gongen gjekk ferda til ein by ho aldri hadde vore i: Bergen.

— Eg tenkte at Oslo var litt for stort. Eg søkte medisin i Bergen og sivilingeniør i Trondheim, og kom inn på medisin. Men så ringde eg til UiB og spurde om det gjekk an å byta til realfag. «Vil du det», vart eg spurt om. Den gong var realfag eit ope studium.

Unge Sigrunn Eliassen hadde rekna ganske avanserte mattestykke allereie som barn, og med lærarforeldre var det heilt logisk at ho skulle søkja seg til høgare utdanning. Men på Løten på 1980-talet var det ikkje så mange andre som gjorde som henne.

— Det var ikkje populært å vera flink. Og eg var nok typisk skuleflink.

Må jobba saman

Som prorektor med eit særskilt ansvar for utdanning, ser Eliassen fram til å jobba tett saman med visedekanane ved dei sju fakulteta. Sjølv har ho i mange år vore knytt til bioCEED ved Institutt for biovitskap. bioCEED har hatt status som Senter for framifrå utdanning. 

I tillegg er Eliassen merittert undervisar ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, og i 2021 fekk ho Olav Thon Stiftelsen sin nasjonale pris for framifrå utdanning.

— Studentgruppa er meir heterogen enn før. Korleis klarar ein å også legga til rette for dei flinkaste studentane?

— Det skal vera fleire enn før som studerer, det er ei utvikling som er villa. Diversitet er eit gode, og det må vera mogleg for fleire å lukkast, byrjar Eliassen.

— Ein del grep ein gjer i undervisninga, er grep som er fordelaktige for alle studentar. Det handlar ikkje om «alle skal med», understrekar ho.

Prorektoren seier at mange studentar set pris på godt strukturerte førelesingar. Men det viser seg at dei lærer mindre av dette enn om dei deltek aktivt sjølv. Og mange studentar treng også andre måtar å læra på. Ved bioCEED har mellom anna problembasert læring, der studentane må jobba saman, vorte nytta i stor grad.

— Så hender det at studentane kjem og seier at «gruppa mi fungerer ikkje». Då er svaret mitt at «vel, det må de finna ut av». I eit arbeidsliv kjem ein til å måtte jobba med mange ulike typar menneske.

Vil samla studentane fysisk

Khrono har dei siste par åra skrive mykje om studenthelse, seinast at pågangen frå studentar er så stor at studentsamskipnadane sine helsetenester har inngått avtale med private aktørar for å kunne gi fleire eit tilbod. I tillegg viser tekstar studentane har levert at mange av dei ber på ei indre smerte.

— Det er ei sårbar gruppe ungdommar som kjem til oss, seier Eliassen, og peikar på at mange ferske studentar flyttar heimanfrå for første gong.

— Men slik er det vel å vera ung?

— Kanskje har ein no ei gruppe som ikkje har vorte kasta uti så mykje. Dei kjenner på einsemd, det er viktig for dei å føla meistring, og så har ein dei digitale distraksjonane i tillegg.

Førsteårsstudenten er UiB sitt prosjekt, seier prorektoren. Ho er oppteken av at studentane skal vera saman fysisk, og fortel at ein ser at dei plassane der ein har lagt til rette for grupper og møteplassar, er der studentane samlast.

— Å vera student er dialog, det kollektive, det er meiningsbryting. Eg trur aldri ein kan få det same læringsmiljøet digitalt, seier ho, før ho held fram:

— Men du spurde om korleis ein skal legga til rette for dei flinkaste. Og kven er dei flinkaste? At studentane tek med seg ulike perspektiv og røynsler gjer det mer interessant for alle og, det er ikkje nødvendigvis slik at dei flinkaste studentane er dei som hadde best karakterar på vidaregåande skule.

Frå Løten til løve: Då Sigrunn Eliassen kom til Bergen på tidleg 1990-tal, hadde ho aldri vore i byen før. Ho fortel at det måtte vera ein god del feilkøyring til før ho fann hybelen på Møhlenpris. No har ho budd lenger i byen med løvestatue enn i heimbygda.

Kva tener ein på at studentane fullfører?

Opptil fleire statsrådar har gitt norske universitet og høgskular beskjed om at festen er over. Tilbake til 2019-nivå, var beskjeden frå Oddmund L. Hoel (Sp) under Arendalsuka i 2024.

I tillegg til at det vert mindre pengar å rutta med, er finansieringssystemet endra. No er det berre kva studentane gjer, ikkje kor mykje dei tilsette forskar, som har noko å seia for utteljing i statlege kroner og øre.

Når Eliassen er så tydeleg på at det er viktig for UiB at førsteårsstudentane lukkast, handlar det òg dels om pengar. Ho seier at som visedekan rekna ho på kva studentane betyr.

— I resultatmidlar er det altså slik at dersom ein får fire-fem studentar til gjennom, så har ein pengar til ei vitskapeleg stilling, seier ho.

Sjølv er ho professor i økologi, som er ein del av biologien.

— Eg syntest at matematikken på eit tidspunkt fjerna seg frå naturvitskapen, og valde difor noko anna. Det eg har jobba mest med, er åtferdsøkologi, altså kva dyr driv med, seier Eliassen.

Med andre ord er ho knytt til eit disiplinfag. Mange av desse faga opplever sviktande rekruttering. Under Arendalsuka tok tidlegare Frp-politikar Tord Lien til orde for at ein må framsnakka nettopp desse faga, ikkje berre laga det han kalla bindestreksfag.

Også Sigrunn Eliassen er oppteken av disiplinfaga. Dei er kjernen i universitetsutdanninga, seier ho.

— Men det har vore sviktande rekruttering til desse faga, og me ser til dømes at det er fleire som vil ta eit sivilingeniørstudie enn ei rein fysikkgrad — sjølv om ein kan jobba med mykje av det same. Eit breiddeuniversitet skal ha disiplinfaga, men ein må sjølvsagt òg sjå på dimensjoneringa.

Svara ja, men …

Margareth Hagen har gått inn i sin siste rektorperiode. Då Khrono arrangerte rektordebatt på UiB i vår, var eitt av spørsmåla kandidatane måtte svara «ja» eller «nei» på om dei kan tenkja seg å stilla til val som rektor om fire år. Både Lise Øvreås og Endre Tvinnereim, som var motkandidatar til Hagen og Eliassen, viste ja-skiltet. Det same gjorde Eliassen.

Men å verta rektor? Det er verkeleg ikkje noko ho tenkjer på no, understrekar ho.

Fokus er å verta godt kjend med dei andre i rektoratet, seier Eliassen. Det er berre rektor Margareth Hagen som er igjen frå førre fireårsperiode. 

— Men no er du prorektor. Du har vore i fakultetsleiinga, du er professor, du har fylt femti. Har du no teke eit val om å parkera forskinga og verta leiar?

— Eg har aldri vore særleg strategisk når det gjeld karriere, seier Eliassen og humrar.

— Eg var løna av Forskingsrådet i ti år, og deretter var eg ein av dei første som fekk ei fast forskarstilling ved UiB. Dette var i den perioden då eg var småbarnsmor, og eg tenkte nok at eg ikkje skulle laga eit problem av dette før det faktisk vart eit problem. Men eg skjønar at det å velja ei forskarkarriere er ein usikker veg for unge forskarar.

Ho fortel at ho har gjennomført Universitets- og høgskulerådet sin dekanskule. Der vart ho utfordra på å ta på seg eit større ansvar enn ho allereie hadde hatt gjennom visedekanstillinga. Som forskar har ho leia mellom anna store forskingsprosjekt og vore gruppeleiar.

— Eg er motivert så lenge eg trur eg kan gjera ein skilnad, seier Eliassen.

Ho seier at ho er engasjert i forskingsfeltet sitt, men at ho føler at ho har moglegheit til å kanskje gjera ein større skilnad innan utdanningsfeltet.

— Eg likar fagleg, strategisk leiing. Her på Muséplass det ein kompetent stab som fasiliterer prosessar, seier ho.

Sigrunn Eliassen på det aller første styremøtet som prorektor. Styret ved UiB hadde seminar og deretter eit veldig kort styremøte 28. august.

Matbloggar

No er det meste på Muséplass nytt for Eliassen, og kontoret heilt ryddig. Det siste kjem nok til å halda fram, seier prorektoren, ho trivst best med det.

Men av og til må ein gjera noko heilt anna. Dei tre sønene har flytta ut. I staden for å følgja barn på fritidsaktivitet fyller Eliassen og ektefellen fritid med stadige byggeprosjekt. Og kanskje med litt bakst.

— Kva har skjedd med matbloggen din?

— Den er nok lagt ned, seier Eliassen.

I 2014 var ho i finalen om å verta årets matbloggar, og nettsida godt.no publiserte eit intervju med henne. Dette førte til at heile systemet bak bloggen hennar havarerte.

— Eg var, og er, glad i å laga mat. Men eg ville ha ein blogg med oppskrifter, ikkje der eg bretta ut livet mitt, seier Eliassen.

Ho seier at ho likte å ta bilete og få ein visuelt pen blogg. Men då det kom fleire spørsmål om å inngå kommersielle samarbeid, takka ho for seg i bloggverda.

Men å gjera noko anna enn å berre jobba, det synest ho framleis er viktig.

— Å gjera noko anna er god mentalhygiene. Eg må ha luft, og er glad i både fjell, ski og sykkel. Ein må ha overskot for å kunne ha ein jobb som dette.

Powered by Labrador CMS