autonomi
Rektorar ber departementet halda fingrane frå fatet
Valde rektorar fryktar for sjølvråderetten. Dei reagerer på at Kunnskapsdepartementet truar med å endra styringsmodell ved Høgskulen i Volda.
— Det er uheldig at departementet grip inn med bakgrunn i ei enkeltsak, seier Margareth Hagen.
Rektoren ved Universitetet i Bergen (UiB) er vald av tilsette og studentar ved universitetet.
Det same er rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ved Høgskulen i Volda (HVO). Men no truar Kunnskapsdepartementet, slik Khrono har skrive, med å gripa inn og gjera noko med styreordninga ved høgskulen — som no har fått beskjed om å ordna opp i konfliktane ved høgskulen: «Hvis høyskolen ikke lykkes med dette, vil departementet vurdere om det er grunnlag for å endre styreordning eller -sammensetning», skreiv departementet nyleg i eit brev til HVO.
Meiner departementet burde hjelpa
— Departementet skal vera støttande og bistå, seier Hagen, og seier at ho synest det er uheldig at departementet kjem med truslar.
— Departementet bør respektera universiteta sin autonomi, seier Hagen til Khrono.
Ho får støtte frå Elin Mordal, vald rektor ved Høgskolen i Molde.
— Kunnskapsdepartementet, som eigar, har ikkje gått inn med bistand til Høgskulen i Volda. Det har dei hatt rik moglegheit til. Det vert feil å starta med å seia at dei vil gjera noko med leiingsmodellen, seier Mordal.
Ho vart vald til rektor i Molde i 2023. I løpet av den neste fireårsperioden skal styret ved høgskulen drøfta om dei framleis vil ha vald leiing, seier Mordal.
— Dei institusjonane som har vald leiing, drøftar dette med ujamne mellomrom, legg ho til.
Volda-rektor Tonheim har nyleg sagt til Khrono at leiingsmodell skal drøftast i høgskulestyret før ny rektorperiode tek til i 2027.
— Viktig prinsipp
Også rektor ved Noregs idrettshøgskule, Lars Tore Ronglan, reagerer på Kunnskapsdepartementet i denne saka.
— Om ein forskings- og utdanningsinstitusjon ønskjer å ha vald leiing, er noko institusjonen sjølv kan velja, og ein viktig del av autonomien vår. Dette er eit viktig prinsipp, seier Ronglan.
Han understrekar at han uttalar seg prinsipielt, og seier at han har registrert ut frå det han har lese i Khrono og andre stader at Kunnskapsdepartementet no utfordrar denne autonomien.
— Det hadde vore veldig oppsiktsvekkjande dersom departementet greip inn på denne måten, seier Ronglan.
Skulle brukast på fusjonar
Jussprofessor Karl Harald Søvig sa nyleg til Khrono at departementet ikkje har høve til å endra styringsmodell, sjølv om det viser til ein unntaksheimel i universitets- og høgskulelova. Der heiter det at «Departementet kan i særlige tilfeller fastsette en annen styresammensetning eller styreordning».
Søvig viste til at denne heimelen i forarbeida til lova vart brukt om praktiske døme.
— Uansett kva ein skulle meina om lovtolking, så ville det vera oppsiktsvekkjande om departementet skulle gå inn og overstyra institusjonen i eit så prinsipielt spørsmål som vald eller tilsett rektor, sa han.
Margareth Hagen har delt Khrono-saka på si Facebook-side. Der kommenterer Søvig at bakteppet for heimelen var samanslåing av institusjonar. Då Aune-utvalet vart sett ned sommaren 2018, hadde sektoren vore gjennom fleire fusjonar.
— Det er ein vesensskilnad på å endra styreform i samband med fusjonar, som ein føresette at var frivillige, og å endra styreordning for ein institusjon som sjølve ikkje har gått inn for endring, skriv han.
Reagerer på tidsbruk
Jussprofessoren var òg kritisk til at det har teke lang tid å få svar på departementet i klagesaka frå høgskuledirektøren i Volda. Som kjent sa høgskulestyret henne opp i april, ei avgjersle ho klaga på. Siste melding frå departementet er at det skal svara partane i løpet av november.
— At det dreg ut i tid, hjelper ikkje, seier Molde-rektor Mordal.
Både Khrono og Møre-Nytt har skrive om krevjande styremøte. Eitt av møta enda med at direktøren gjekk frå møtet.
— Dette har lenge vore ei kjend sak, og då hjelper det ikkje med ein ekstra månad sakshandsaming, seier Mordal.
Samstundes har Kunnskapsdepartementet ei krevjande rolle, seier ho. Det er eigar, men òg klageinstans.
— Det gjer at det ikkje er heilt klårt korleis dei kan hjelpa, seier Astrid Kvalbein.
Ho er vald rektor ved Noregs musikkhøgskule, og òg samd i at styringsmodell er noko institusjonane sjølve skal få avgjera.
— I den nye universitets- og høgskulelova er vald og tilsett rektor likestilt, peiker Kvalbein på.
— Men kva verktøy kan og bør ha departementet ha i situasjonar der det skjer seg?
— Det kan eg eigentleg ikkje svara på. Men eg tenkjer at dei kunne gjera som me andre når ein konflikt er krevjande: Få ein inn nøytral part. Så kanskje kunne departementet bistå med det.
Statsråd fekk kjeft
Demokrati og autonomi var òg argumentet då 32 rektorar skreiv eit felles innlegg etter at dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø stilte i styremøte ved Nord universitet. Den gongen handla det om kvalitet og om universitetsstatus som var i fare.
«Norske universiteter og høyskoler er institusjoner med utvidede fullmakter og institusjonell autonomi. Den institusjonelle autonomien er avgjørende for at universitetene og høyskolene skal fylle sitt samfunnsoppdrag, og den forvaltes godt av institusjonene», heitte det i innlegget.
Kunnskapsdepartementet har no opplyst i ein e-post til Khrono at det ikkje er planar om at forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel skal til Volda i samband med denne saka. Dei to møta som har vore til no, og oppfølgingsmøtet departementet vil ha med Høgskulen i Volda i januar, har alle vore på administrativt nivå.
Nyeste artikler
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
Menneskene først: Teknologiens sanne verdi ligger i å forstå virkelige problemer
Klar for et kvantesprang?
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk