Lærarutdanning

Senterpartiet lovar fortsatt lærarutdanning på Nesna

— I påvente av reetablering bør Nord universitet vidareføre undervisning og lyse ut studieplassar for studieåret 2021-22, seier Marit Arnstad (Sp).

Studentane på Nesna har lenge stått i front i protestane mot nedlegginga av høgare utdanning på Helgeland i Nordland. Den distriktspolitiske vinden på Stortinget har gitt dei vind i segla.
Studentane på Nesna har lenge stått i front i protestane mot nedlegginga av høgare utdanning på Helgeland i Nordland. Den distriktspolitiske vinden på Stortinget har gitt dei vind i segla.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I Stortinget onsdag fremja representantar frå Senterpartiet (Sp) forslag om å re-etablere lærarutdanninga på Nesna på Helgeland.

Fakta

Senterpartiets representantforslag

  • 1. Stortinget ber regjeringen i løpet av 2021 starte arbeidet med reetablering av den tidligere høyskolen i Nesna som en fullverdig høyere utdanningsinstitusjon med grunnskole- og barnehagelærerutdanning.
  • 2. Stortinget ber regjeringen utrede hvilke andre permanente studietilbud som kan lokaliseres til Campus Nesna for å ivareta regionalt kompetansebehov innen andre profesjonsutdanninger og fagområder.
  • 3. Stortinget ber regjeringen, som en del av utredningen, legge til rette for at institusjonen på Nesna også kan tilby samlingsbaserte studietilbud lokalisert til andre studiesteder i regionen.
  • 4. Stortinget ber regjeringen, i påvente av reetableringen av høgskoletilbudet på Nesna, pålegge Nord universitet å videreføre undervisning ved Campus Nesna, samt lyse ut studieplasser for studieåret 2021-2022 i Samordnet opptak for 2021.

— Det verkar som nesten alle er einige om at vi skal satse på desentralisert utdanning i åra framver. Vi meiner vi bør starte med det vi alt har, og ein av institusjonane er Høgskulen i Nesna. Vi ønsker å re-etablere Nesna som ein fullverdig utdanningsinstitusjon med fullverdig grunnskule- og barnhagelærarutdanning, seier parlamentarisk leiar i Sp, Marit Arnstad, til Khrono.

Nord universitet vedtok i 2019 å legge ned den tradisjonsrike høgskulen frå 2022, som då hadde vore del av universitetet som Campus Nesna sidan fusjonen i 2016.

Fredag står omplassering av tilsette på Nesna på dagsorden på Nord universitets styremøte.

Arnstad forsikrar om at høgare utdanning på Nesna vil bli ei prioritert sak for partiet fram mot stortingsvalet til hausten.

Prioriterer utdanning

— Eg opplever at Ap og SV er einige med oss, og eg forventar at vi går vidare med dette om det blir eit regjeringsskifte, seier ho.

Begge parti har tidlegare flagga at dei vil støtte vidare utdanningstilbod på Nesna.

Onsdag denne veka var det høyring i utdanningskomiteen på Stortinget om forslag frå dei tre opposisjonspartia for eit «krafttak mot lærermangel i skolen». Sp, Ap og SV vil mellom anna ha ein handlingsplan for desentralisert utdanning og endre opplæringslova for å kunne gjere unntak for det såkalla kompetansekravet til allmennlæarar.

Distriktspolitikk teiknar til å bli ei av hovudsakene i valkampen, og Arnstad seier utdanning kjem til å bli ei prioritert sak for partiet. Ho peikar på at Sp var det einaste partiet på Stortinget som var imot den såkalla strukturreformen for høgare utdanning.

Lovund-modell mogleg

Arnstad ser i utgangspunktet for seg at andre aktørar enn Nord universitet skal inn for å drifte utdanning på Nesna i framtida. Khrono har tidlegare fortalt om medeigar i laksegiganten Nova Sea på Helgeland, som har engasjert seg for å skape ei spesialisert, distriktsretta lærarutdanning på Nesna.

— Dette er eitt av initiativa det er mogleg å gå vidare med, seier Arnstad.

Ho legg til at ho meiner Nord universitet har ansvar for å sørge for eit fullverdig tilbod ut neste studieår.

— I påvente av reetablering bør Nord universitet vidareføre undervisning og lyse ut studieplassar for studieåret 2021-22, seier Arnstad .

Powered by Labrador CMS