utveksling

Stølen: UHR må ikkje verta eit direktorat

Det er dei einskilde institusjonane, ikkje Universitets- og høgskulerådet, som skal avgjera kva som skjer med utveksling, meiner UiO-rektor Svein Stølen.

UHR-styreleiar Dag Rune Olsen saman med dåverande NTNU-rektor Gunnar Bovim og UiO-rektor Svein Stølen. No er ikkje Olsen og Stølen heilt samde om handsaming av utvekslingsspørsmålet.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Førre veke drøfta Universitets- og høgskulerådet (UHR) utveksling komande semester. Kunnskapsdepartementet hadde sendt brev og tilråding til sektoren om at dei bør legge til rette for utveksling til hausten - og at alle institusjonane bør ha lik praksis overfor studentane.

Men dei ulike universiteta og høgskulane ser ulikt på saka, og har ingen felles praksis.

Tilrådinga frå UHR var at det ikkje skal vera noka studentutveksling til land utanfor Europa. Dette skreiv Khrono laurdag. Men Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo, meiner at dette er ei avgjerdsle kvar einskild institusjon må ta- og ikkje Universitets- og høgskulerådet.

UiO hadde allereie før brevet frå Kunnskapsdepartementet kom, der tilrådinga var å legga til rette for utveksling, bestemt seg for at dei ikkje meiner det er fagleg forsvarleg å senda studentar ut i verda til hausten.

— UHR er eit interesseorgan for universiteta, ikkje eit styringsorgan. Alle dei vedtaka me skal fatta på institusjonen krev medverknad. UHR skal ikkje utviklast til eit direktorat, slår Stølen fast.

Meiner UHR opptrer uklokt

Stølen reagerer på at både styreleiar i UHR. Dag Rune Olsen, og leiar for UHR-Utdanning, Oddrun Samdal, sa at det no er brei semje i sektoren.

— Allereie før 1.mai hadde me tydeleg formidla standpunktet vårt til Universitets- og høgskulerådet si leiing. Eg synest UHR opptrer uklokt i media, for dei veit kva deler av sektoren meiner, seier Stølen.

Han seier at UiO slett ikkje står åleine i saka, og viser til at det er fleire andre institusjonar som har fatta vedtak om utveksling før UHR handsama saka.

Som Khrono har skrive har mellom andre Handelshøgskolen BI og NTNU sagt nei til utveksling utanfor Europa. Universitetet i Stavanger sender ikkje studentar til USA og Oesania.

OsloMet har gitt fakulteta fleksibilitet til å gjennomføra utveksling til utvalde land og partnerinstitusjonar, så lenge utvekslinga kan gjennomførast på ein trygg måte, opplyser prorektor Nina Waaler.

Også Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Innlandet har sagt nei til å senda studentar utanfor Europa, skreiv VG i helga.

VID varsla 29. april

Også VID vitenskapelige høgskole hadde bestemt seg for å droppa utveksling før UHR-møtet. Allereie 29. april la dei ut ei melding på si eiga nettside med informasjon om dette.

— Dette bestemte me oss for allereie etter eit møte i UHR-Utdanning i slutten av april, der saka vart drøfta, seier rektor Bård Mæland til Khrono.

VID har mange utvekslingsavtalar med universitet langt borte, som India, Cuba og Madagaskar. Det gjer at det er lang førebuingstid for utveksling, mellom anna fordi ein må gjennom eit vaksinasjonsprogram.

— Me førebudde studentane på at me kom til å fatta eit vedtak innan 29. april. Men me har òg sagt at dersom grensene opnar seg, og dersom me har studentar som er ferdigvaksinerte, er me innstilte på å snu oss rundt og prøva å få til eit tilbod til dei, seier Mæland.

— Kan ein få ei felles avgjerdsle om utveksling?

— Eg forstår at ein ønskjer ei samordning. Men dette må til slutt vera institusjonane sitt ansvar, for det er dei som er ansvarleg for dei einskilde studentane, seier Mæland.

NTNU: Gjorde eiga vurdering

— I den grad me alle kjem til same konklusjon vil det gi same praksis for alle studentar i Noreg. Men det åleine er ikkje eit mål i seg sjølv.

Det skriv prorektor Berit Kjeldstad ved NTNU i ein e-post til Khrono. Ho seier at NTNU vil fatta ei avgjerdsle om utveksling tidleg neste veke. Det heng mellom anna saman med at nye reiseråd er venta frå regjeringa mot slutten av denne veka.

Men NTNU bestemte seg for å seia nei til utveksling utanfor Europa før UHR hadde drøfta saka.

— Me gjorde vår eiga vurdering knytt til kva som var praktisk mogleg å få til mellom anna ut frå reisesituasjon og prosessar knytt til å søkja visum, seier Kjeldstad.

Ho seier at det er den einskilde institusjonen som må fatta vedtak om inn- og utveksling.

— Det er kvar enkelt institusjon som må avgjera dette, det er dei som har ansvar for studentane. Ein må ta vurderingar ut ifrå studiefaglege omsyn, smittevernomsyn og praktiske resieforhold. På same måte må situasjonen i samarbeidslanda verta nøye vurdert, meiner Kjeldstad.

Meiningsutveksling

Stølen seier at UHR er ein god stad for meiningsutveksling og for å dela beste praksis.

— Det er uproblematisk så lenge UHR er ein interesseorganisasjon. Ansvar og myndigheit ligg hos kvar enkelt institusjon.

Bård Mæland synest UHR, som nettopp interesseorganisasjon, har fungert godt under koronautbrotet.

— UHR har spelt ei viktig rolle, dei har samla spørsmål og synspunkt og tatt det med i kontakten dei har hatt med departementet, seier Mæland.

— UHR har ei rolle som koordinerande organ i mange saker, naturleg nok òg i ei slik sak. Spesielt når departementet oppmodar om at ein skal sjå på dette saman, seier Kjeldstad.

Ønskjer likebehandling

— UHR kan berre koma med tilrådingar, seier Dag Rune Olsen.

Han er styreleiar i UHR, og i tillegg rektor ved Universitetet i Bergen.

Olsen seier det har vore ein god prosess og dialog, og at ein har prøvd å sjå på kva som er mogleg å få til. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim har sagt at institusjonane bør prøva å legga til rette for utveksling.

— UHR har sagt at utveksling utanfor Europa ser me ikkje som praktisk gjennomførbart. Men kvar enkelt institusjon kan velja – eller sjå vekk frå – dei tilrådingane UHR kjem med, seier Olsen.

— Stølen ved UiO meiner UHR opptrer uklokt i media. Kvifor seier UHR no at det er semje, når nokre fatta vedtak om utveksling for lenge sidan?

— Når me ønskjer å samordna sektoren er det fordi me ønskjer likebehandling av studentane. Statsråden har òg bede oss om å avventa og ikkje avlysa. Men me meiner at når det gjeld land utanfor Europa er det ikkje så myke å avventa.

Institusjonen Olsen leier, Universitetet i Bergen, er ein av dei som enno ikkje har fatta vedtak om utveksling komande semester.

— Ved UiB meiner me at me har god nok tid til å gi studentane føreseielege rammer. Men når institusjonane vurderer om dei vil senda studentar på utveksling eller ikkje, handlar det òg om dei interne rammene, og det handlar om meir enn berre smitte: Vil ein til dømes kunne henta studentane heim dersom det vert naudsynt, brukar Olsen som døme.

Denne våren har utdanningsinstitusjonane tilrådd studentane å koma heim, og har òg bidrege økonomisk og praktisk. Men ikkje alle valte å reisa attende til Noreg.

— Me vert kontakta av mange studentar som ønskjer å reisa ut, seier Olsen.

Eg håpar at universiteta og høgskulane samordnar seg om studentmobilitet.

Henrik Asheim

Asheim: Vil ha det mest mogleg likt

Kunnskapsdepartementet kjem ikkje til å gripa inn og koma med eit pålegg i utvekslingssaka. Det skriv forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ein e-post til Khrono.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim håpar institusjonane konkluderer ganske likt når det gjeld utveksling neste semester.

— Dette er opp til kvar einskild institusjon å vurdera. Men eg håpar at universiteta og høgskulane samordnar seg om studentmobilitet. Som eg har sagt tidlegare, vil departementet meir enn gjerne medverka i denne dialogen dersom det er behov for det, seier Asheim.

Han seier at han har bede utdanningsinstitusjonane om å finna gode løysingar slik at studentane kan dra på utveksling, i den grad dette vil verta mogleg å gjennomføra i praksis.

— Kunnskapsdepartementet håpar at universiteta og høgskulane får til ei samordning når det gjeld utveksling til hausten, slik at studentane får så like vilkår som mogleg, sjølv om det blir noko ulik praksis frå institusjon til institusjon. Eg vil legga til eit håp om at vi får til full trøkk frå våren igjen, skriv Asheim.

— Kva rolle kan og bør UHR ha i ei slik sak?

— Ettersom dette er ein medlems- og interesseorganisasjon som skal bidra til samordning og arbeidsdeling i sektoren, har dei ei viktig rolle å spela i desse spørsmåla. Eg tenkjer at det er viktig at dei både brukar kvarandre, og den arenaen UHR er, til å finne gode felles løysingar både i ein normalsituasjon, men kanskje ekstra viktig no som det er unntakstilstand. I enden er dette ei avgjerd kvar og ein av institusjonane tar sjølve.

Asheim seier at han trur det beste for studentane er at utdanningsinstitusjonane har mest mogleg lik praksis når det gjeld utveksling - men at ein må rekna med at det kan verta nokre variasjonar.

Powered by Labrador CMS