Debatt ● Klaus Mohn og Karoline Holmboe Høibo

Svar på ope brev om mangfald frå tilsette og studentar ved Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger skal vere eit ope, mangfaldig og inkluderande universitet, skriv universitetsleiinga. 

Sjølv om me er godt i gang med arbeidet, er me ikkje i mål, skriv Klaus Mohn, rektor, og Karoline Holmboe Høibo, direktør for organisasjon og infrastruktur ved Universitetet i Stavanger.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Me vil takke tilsette og studentar ved UiS for det opne brevet om likestilling, mangfald og inkludering, og for engasjementet dei viser i saka. Både styret og leiinga ved Universitetet i Stavanger set pris på innspel som bidreg til å drive UiS framover.

Universitetet i Stavanger skal vere eit ope, mangfaldig og inkluderande universitet. Me har klare målsettingar og fleire tiltak for å nå desse måla i handlingsplanen vår for likestilling og mangfald, som gjeld for perioden 2022—2025.

Det førebyggande arbeidet mot diskriminering gjeld alle diskrimineringsgrunnlag. Som peika på i brevet har UiS gjennom handlingsplan for likestilling og mangfald sett opp følgande målsettingar:

  • Nulltoleranse for diskriminering
  • Ingen blir utsett for uønskt seksuell merksemd
  • Alle tilsette og studentar kjenner til etiske retningslinjer for rettleiarar/tilsette
  • Lik lønsplassering uavhengig av nasjonalitet
  • Fem prosent av nye tilsette skal vere personar med nedsett funksjonsevne/hol i CV

Eitt av tiltaka som er sett opp er etablering av eit utval som skal jobbe med tematikken. Eit forslag til mandat og samansetning er utarbeidd for vidare behandling i organisasjonen.

Studentorganisasjonen (StOr) har i haust bidrege til etablering av organisasjonen Skeive studenter Stavanger. StOr tilbyr administrativ og organisatorisk støtte til alle studentorganisasjonar og linjeforeiningar på UiS. Alle desse kan søke om driftsmidlar.

UiS har ordningar for støtte til velferdstiltak som er opne for alle tilsette. Velferdsutvalet fordelar midlane innanfor tildelt ramme ein gong i året.

På Ullandhaug er det innført kjønnsnøytrale toalett i tre bygg — Arne Rettedals hus, Kitty Kiellands hus og Ivar Langens hus. Me har elles kjønnsnøytrale toalett både i Bjergsted og ved Arkeologisk museum. Arbeidet held fram med å identifisere og merke om toalett i stadig fleire bygg. Når det gjeld kjønnsnøytrale toalett for tilsette, er det regulert av Arbeidsmiljøloven, som stiller krav til separate toalett for kvinner og menn.

Opplæring til leiarar skjer som del av programma for leiarutvikling, og som del av HMS-opplæringa, slik handlingsplanen seier. Nytt tiltak er under etablering for internasjonalt tilsette for å auka forståinga for norsk statleg arbeidsliv. Vidare får likestillingsrepresentantar på fakultetsnivå og leiarar informasjon om moglege kurs om aktuelle tema.

Budsjettreduksjon i 2023 og krav om ytterlegare kutt framover gjer situasjonen utfordrande. I ei tid med omstilling og med ein særs krevjande ressurssituasjon skal det ikkje opprettast nye stillingar ved UiS. Oppgåvene som ligg til ei rolle som mangfaldsrådgivar, vil bli utført av HR-avdelinga.

For å styrke arbeidet søker UiS i haust om finansiering til vidare tiltak gjennom BALANSE+, via Norges forskningsråd. Utlysinga spør etter innovative tiltak for kjønnsbalanse, mangfald og inkludering. UiS ønsker å arbeide meir med mangfaldsleiing og språkpolitikk.

Sjølv om me er godt i gang med arbeidet, er me ikkje i mål. Arbeidet med likestilling, mangfald og inkludering krev jamleg og systematisk arbeid, og vil få større merksemd i tida som kjem.

Powered by Labrador CMS