Kunstig intelligens
UiA-professor fekk pris
— Eg tek i mot prisen med stor glede og takknemlegheit, seier Ole-Christoffer Granmo.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fredag melde Universitetet i Agder (UiA) på si nettside at professor Ole-Christoffer Granmo er kåra til tiårets forskar innan kunstig intelligens.
I ei verd der dei store kjente Big Tech-selskapa dominerer og er nærmast einerådande, så er prisen særleg viktig for oss som ønsker å fremme eit ikkje-kommersielt, grønt og demokratisk alternativ, seier Granmo til nettsida.
Det er NORA (Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium) som står bak prisen.
— Eg tek i mot prisen med stor glede og takknemlegheit, seier Granmo.
Deler prisen med andre
Prisen ønskjer han å dela med blant andre kollegaer ved Senter for forsking på kunstig intelligens ved UiA og UiA-leiinga, kjem det fram av artikkelen.
Det blir også kasta lys over at prisen Granmo har motteke er ein pris som blir gjeven for å anerkjenna forskarar som har gjort ein framifrå jobb dei siste åra.
— Me er veldig stolte av å ha Ole-Christoffer som ein av våre tilsette, og vi ser fram til å følgje arbeidet hans vidare, seier UiA-rektor Sunniva Whittaker.
Tsetlin-maskinen
— Prisen går til Granmo for forskingsarbeidet med Tsetlin-maskinen, uttalar Anna Håkansson i NORA sin programkomité.
Granmo lanserte Tsetlin-maskinen første gang i 2018. Tsetlin-maskinen er ein logisk kode for opplæring av ein kunstig intelligens i ein datamaskin.
Det revolusjonerande med Tsetlin-maskinen er at den er baserer seg på logikk i motsetning til talbasert maskinlæring. Det gjer den raskare, meir kostnadseffektiv og meir tilgjengeleg for fleire brukarar. Chipen blir i dag brukt til ulike oppgåver innanfor fagfelta helse, finans og forsking.

Nylige artikler
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
UiS skal utrede overgang til valgt rektor. Knapt flertall
Hvordan vinne tillit til vitenskapen?
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
Tore Midtvedt (1934 — 2025)
Mest leste artikler
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Benedikte Moltumyr Høgberg er Årets navn i akademia
Eg vil vere ein langsam ambulansesjåfør
Omdiskutert læringsapp trakk hundrevis før fryktet eksamen