Sommar i Khrono

Vil ha mindre marknads­tenking i akademia

— Finansieringa av sektoren legg opp til marknadstenking og konkurranse. Dette kan styrkje nokre av aktørane i sektoren, men svekkjer akademia samla sett, meiner professor Mass Soldal Lund.

Mass Soldal Lund målar huset og høyrer på lydbok, to sentrale aktivitetar denne sommaren.
Publisert Oppdatert
Fakta

Sommar i Khrono

I sommar kan du bli kjend med ulike folk som er knytte til universitets- og høgskuleverda.

Khrono har stilt alle dei same spørsmåla om jobb, kvardag og framtida.

  • I dag møter du Mass Soldal Lund. Han er professor ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap, Høgskolen i Innlandet og professor II ved cyberingeniørhøgskolen til forsvaret. 

— Det dreg seg til økonomisk i akademia, merkar du det i kvardagen din på jobb? Eventuelt korleis? 

— Ja, det merkar vi veldig godt. Instituttet eg jobbar ved (og sit i leiinga for som viseinstituttleiar) må redusere kostnadane med fleire millionar kroner. Det mest dramatiske tiltaket er at eit av bachelorprogramma til instituttet ikkje tek opp studentar i år, men vi må òg redusere i reiseverksemd, bruk av gjesteførelesarar, sosiale tiltak for å nemna noko. 

— Fleire universitet og høgskular vurderer nedbemanningar og eventuelt sluttpakkar til tilsette. Vil du takke ja dersom du får tilbodet? Om ja: Kva ville du gjort i staden? Om nei: Kvifor ikkje?

— Nei, eg er altfor glad i jobben min. Dessutan skal ein gjerne ha noko å leve av når sluttpakka tek slutt, så eg ville nok ikkje slutta frivillig utan å vere sikker på at eg hadde noko nytt å gå til. 

 — Kva gode råd vil du gje forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) for å styrkje akademia framover?

— Finansieringa av sektoren legg opp til marknadstenking og konkurranse. Dette kan styrkje nokre av aktørane i sektoren, men svekkjer akademia samla sett. Sp har gjennomført nokre tiltak, slik som distriktssatsingar for å bøte på nokre av konsekvensane, men det monnar relativt sett lite. Så eg skulle nok ønskt at ministeren hadde gjort meir for å moderere marknadstankegangen, heller enn å kome med einskilde mottiltak.

Og han held fram:
— For å kome med eit litt meir konkret råd, tykkjer eg forslaga frå Forskingsrådet, FFI og NSM for å styrke sivil-militært samarbeid om forsking på forsvar, sikkerheit og beredskap verkar lovande. I oppfølginga av dette bør ministeren passe på at den samfunnsvitskaplege og humanistiske forskinga ikkje vert gløymd, og ikkje minst at det heile ikkje kokar bort i teknikalitetar rundt graderte datasystem og sikkerheitsklareringar.

— Stadig fleire unge og studentar slit med psykisk uhelse, syner fleire undersøkingar. Bør universiteta og høgskulane endre på noko i utdanningane eller i undervisninga si for å leggje betre til rette for studentar som slit? Eventuelt kvifor/kvifor ikkje?

— Eg har inntrykk av at psykisk uhelse mellom unge er ei samfunnsutfordring som ikkje er spesifikk for studentar, og at det generelt er eit behov for meir ressursar til det psykiatriske tilbodet til unge. Så må sjølvsagt utdanningsinstitusjonane leggje til rette for at også dei med spesielle utfordringar skal kunne ta utdanning, men nøyaktig kva form denne tilrettelegginga bør ha kjenner eg meg ikkje kompetent til å svare på.

— To tidlegare statsrådar er blitt avslørte i fusk på masteroppgåvene sine, regjeringa har anka ei sak mot ein student inn til høgsterett for sjølvplagiering — og saka kjem opp i september. Blir plagiering/sjølvplagiering godt nok handtert i akademia? Kvifor/kvifor ikkje? 

— Det er viktig og riktig å slå ned på plagiat, både i studentarbeid og forsking, men merksemda rundt dei nemnde masteroppgåvene illustrerer også noko av utfordringane med å avdekke plagiat. Når det gjeld sjølvplagiat tykkjer eg derimot vi har gått altfor langt i å definere det som fusk, og eg klarar ikkje å forstå at det skal vere eit problem at studentar gjenbruker delar av sitt eige arbeid. Lat oss nytte ressursane på å kjempe mot reelt plagiat.

— ChatGPT og kunstig intelligens er komne for å bli og utvikla seg vidare. Kva slags moglegheiter / trugsmål ser du for høgare utdanning og forsking når det gjeld KI?

— Det er openbert at maskinlæring og kunstig intelligens opnar for store moglegheiter, spesielt i analyse av store data. Samtidig er eg uroa for at ChatGPT og liknande applikasjonar skal føre med seg ei dyrking av latskap og enkle løysingar, som over tid vil svekke læring, kreativitet og kvalitet i forsking og utdanning.

5 kjappe:

1. — Vald eller tilsett rektor?
— Vald rektor

2. — Sensor på skriftleg eller munnleg eksamen?
— Munnleg eksamen

3. — Forskingstermin i Paris eller Svalbard?
— Svalbard! Då kunne eg samarbeidd med min eminente kollega Gunhild Sætren som for tida er på UNIS.

4. — Studentar som protesterer eller studentar som gjer som dei blir fortalt?
— Studentar som protesterer (særleg når det gjeld Gaza) 

5.— Kven frå norsk akademia ville du helst ha stranda med på ei aude øy, og kvifor akkurat desse?
— Nokre gode kollegaar frå Institutt for organisasjon, leiing og styring som kunne hjelpt meg med organisasjonsteoretiske problemstillingar i forskinga mi

Powered by Labrador CMS