internasjonale studentar
Vil til Noreg fordi det er trygt
Kva lokkar internasjonale studentar til Noreg? Gode utdanningar, natur og eit fredeleg samfunn.
Det viser ei ny spørjeundersøking blant internasjonale studentar i Noreg, gjennomført våren 2025.
Både blant studentar som kjem for å ta ein grad, og dei som er på utvekslingsprogram, er det kvalitetar ved utdanningane i Noreg som lokkar. I tillegg legg studentane vekt på at Noreg er eit fredeleg land.
Fleirtalet av studentane i spørjeundersøkinga hadde Noreg øvst på ønskelista.
For gradsstudentane er kvaliteten på utdanningane den klart viktigaste faktoren når dei bestemmer seg for kva land dei vil til. Nesten ni av ti av dei spurde svarar at dette er ein viktig eller svært viktig faktor.
Det at Noreg er eit trygt og fredeleg samfunn er nesten like viktig — 85 prosent har kryssa av for dette som ein viktig motivasjon i valet av land å studere i.
Mange legg også vekt på levestandard og natur — medan færre (45 prosent) peikar på norsk kultur og språk som ein viktig eller viktig faktor.
— Bjørk!
— Tryggleiken var heilt klart noko eg la vekt på, seier Elena Heinze (27) som tar master i bioinformatikk ved Universitetet i Bergen.
— Personleg fridom, at ein kan kjenne seg trygg her, dette var det eg høyrde om før eg reiste hit, og som eg har fått bekrefta i den tida eg har vore her, seier Heinze, som kom til Bergen i fjor haust.
Det første møtet med Noreg hadde ho på ferietur for nokre år sidan. Då landa ho i Bodø, og vart slått av den spektakulære naturen, og den friske lufta.
— Det lukta bjørk! Eg forelska meg i landet med ein gong. Eg tenkte at har eg lyst til å vere, og begynte å legge planar for å studere igjen.
Heinze, som kjem frå Aachen i nærleiken av Köln, hadde frå før universitetsgrad. Ho hadde jobba med programvareutvikling i bilindustrien i heimlandet, men det kjendest lite meiningsfullt etter kvart.
— Eg ønskte ei anna heilt ny retning i livet, og å reise til Noreg verka som både eit rett og spennande steg for å finne ut meir om kva eg vil.
Vil ha kontakt
I spørjeundersøkinga har studentane også fått spørsmål om det sosiale livet. Generelt viser svara at dei internasjonale studentane har mykje kontakt med nordmenn i studiekvardagen, men på fritida brukar dei mest tid saman med andre internasjonale studentar.
Samstundes er relativt mange av studentane som kjem til landet i periodar einsame medan dei er i Noreg. Mange gir uttrykk for at dei ønsker meir kontakt med nordmenn.
Tre av fire gradsstudentar og nesten halvparten av utvekslingsstudentane ønsker likevel å bli verande og finne arbeid i Noreg etter at dei er ferdige med å studere. Det er langt fleire enn dei som faktisk blir. Ifølgje tal frå SSB blir vel 40 prosent av dei som kjem for å ta utdanning verande i landet.
Elena Heinze veit ikkje om ho blir verande etter at mastergraden er fullført, men kan tenke seg det.
— Eg er litt usikker med tanke på avstanden til familien i Tyskland. Men ja, eg ville blitt veldig glad for å få sjansen til å vere her lenger, seier ho.
Det er HK-dir som står for undersøkinga blant internasjonale studentar i Noreg, som vart gjennomført første gong i 2019.
Tysk typisk
Samla sett kjem 62 prosent av studentane som er del av undersøkinga frå eit europeisk land innanfor EU/EØS eller Sveits. Knappe 12 prosent kjem frå eit av dei prioriterte landa i Panorama-strategien, som har som mål å styrke forskings- og utdanningssamarbeid med. Blant desse landa er Kina, India, Brasil, Sør-Afrika og USA.
Sagt på ein annan måte, er ein av fire studentar frå land som ikkje er prioriterte for internasjonalt samarbeid av norske styresmakter.
Brorparten av desse er gradsstudentar, som indikerer at dei har kome til Noreg på eige initiativ. Utvekslingsstudentane, derimot, dei som er del av programma, er i hovudsak frå land innan EU/EØS eller Sveits (77,5 prosent).
Vel 20 prosent av studentane kjem frå Asia, medan berre 5 til seks prosent har opphav i Afrika eller Latin-Amerika. Knappe 4 prosent kjem frå Nord-Amerika (USA og Canada).
Sortert etter land er det studentar frå Tyskland som toppar statistikken, både blant utvekslings- og gradsstudentane. Samla kjem 14 prosent av studentane som er med i spørjeundersøkinga frå Tyskland.
