Internasjonalt
Visumkontoret er bomba. No kjem ikkje professoren seg til Noreg
Professor Nazmi Al-Masri skal etter planen til Universitetet i Søraust-Noreg som gjesteforelesar i tre månader.
Han har vore i Noreg fleire gonger før, som ledd i samarbeidet med Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Med Erasmus-stipend i lomma var planen å komme igjen på eit tre månader langt opphald som gjesteforskar.
Men då må Nazmi Al-Masri ha visum — og det er ein komplisert affære når du bur i Gaza.
For å kunne søke om visum må han møte opp og ta fingeravtrykk (biometri). Problemet er at lokala der det norske utanriksdepartementet har utført dette i Gaza er bomba og øydelagt.
Nazmi Al-Masri arbeider ved Det islamske universitetet i Gaza.
Må over grense
Beskjeden Al-Masri og USN har fått frå Utlendingsdirektoratet (UDI), som tar hand om visumprosessen, er at han må til den norske ambassaden i Amman eller Kairo for å gjennomføre biometrien. Utan denne får han ikkje søke visum.
— Vi har hatt fleire samtalar med UDI i håp om å finne ei løysing. Beskjeden er at slik er reglane. Men det er svært vanskeleg å komme seg ut av Gaza, og kjem du deg over grensa og ut, er faren for å ikkje sleppe inn igjen overhengande, seier Anders Davidsen, universitetslektor ved USN som er Al-Masris kontakt og samarbeidspartnar.
Davidsen oppfattar norske styresmakter som unødvendig byråkratiske og lite villige til å finne løysingar.
Khrono har tidlegare fortalt om Khamis Elessi, palestinsk lege og professor i medisin, som fekk stipend og ei stilling ved Universitetet i Oslo (UiO) gjennom Scholars at Risk-programmet.
Ved UiO jobba kollega Espen Bjertness for få Elessi ut av Gaza og til Noreg. Det lukkast til slutt, etter to år. 12. februar landa Elessi på Gardermoen.
Kollega drepen
— I realiteten blir Al-Masri nekta visum, seier Davidsen.
I Ramallah har norsk UD representasjonskontor, men Israel har stengt grensa dit for Gaza-palestinarar.
USN har lenge hatt samarbeid med palestinske kollegaer gjennom Norpart Palestina-prosjektet («Developing Pedagogy for Early Childhood Education in Palestine and Norway») som er finansiert av HK-dir.
I oktober 2023 vart dekan for lærarutdanninga ved Det islamske universitetet, Ibrahim Al-Astal, drepen i eit bombeangrep. Al-Astal var også på fleire opphald i Noreg og nær kollega av Al-Masri.
UDI: Ingen alternativ
UDI stadfestar til Khrono at søknadssenteret i Gaza er øydelagt og ikkje lenger operativt.
«Personar fra Gaza som vil søke om visum til Norge, må derfor levere dokumentene ved et annet søknadssenter, for eksempel i Amman eller Kairo», skriv UDI i e-post.
På spørsmål om det kan finnast andre løysingar for Al-Masri, sidan det er for risikabelt for han å reise ut av Gaza, svarer UDI:
«Vi har forståelse for at dette er vanskelig, men UDI har ikke mulighet til å tilrettelegge for alternative måter å søke på.»

Nylige artikler
Varslingssaken ved NHH er et krisetegn
Visumkontoret er bomba. No kjem ikkje professoren seg til Noreg
— Konkurransen blir en slagmark, advarer Nina-direktør
Handelshøyskole beklager Epstein-kobling: — Vi er rystet
Forskere fant nesten 300 artikler med falske referanser
Mest leste artikler
Da styret skulle dele ut 90 millioner, var åtte av ti medlemmer inhabile
— Aktører ville stoppe munnen på meg
De fleste har enekontor og faste plasser. Men det er to unntak
Forsker hevdet at død pasient ga samtykke
Stipendiatenes klagesang, vers to