Finalist i Årets Namn i akademia

— Ytringsfridomen bør brukast til å provosere. Ikkje til hurrarop og halleluja

Cecilie Hellestveit blei stempla som fordomsfull og møtt med krav om sensur. No kan ho bli årets namn i akademia.

— Vi må ikkje kome i ein situasjon der vi ikkje kan diskutere fordi nokon føler seg krenka, eller at nokon utnyttar debatten til ein agenda vi ikkje kan identifisere oss med, seier Cecilie Hellestveit.
Publisert Oppdatert

Tre finalistar står igjen på juryens liste til Årets namn i akademia. Ein av dei er Cecilie Hellestveit, jurist, samfunnsvitar og forskar ved Folkerettsinstituttet.

Juryen omtalar henne som «en uredd forsker med faglig tyngde og velbegrunnede argumenter» som «forsvarte sine standpunkter, også når det stormet som verst og mest usaklig».

Fakta

Årets navn i akademia

  • For andre gang deler Khrono i år ut prisen Årets navn i akademia.
  • Prisen skal gå til en eller flere personer som i kraft av sine meninger eller handlinger har reist eller formet viktige debatter i og utenfor akademia, eller på annet vis har hatt betydning for akademia som en del av storsamfunnet.
  • Prisen deles ut av en jury bestående av Khrono-redaktør Tove Lie, professor emeritus Rune Slagstad, Nupi-forsker Minda Holm, Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås og førsteamanuensis og leder i Akademiet for yngre forskere Jonas Stein.
  • Juryen har plukket ut tre finalisterer til prisen. Disse blir presentert hver for seg før prisen offentliggjøres 17. desember.
  • Finalistene er:
  • 1: Inger Skjelsbæk
  • 2: Klaus Mohn
  • 3: Cecilie Hellestveit

— Dette er eg veldig glad for, og kjenner på som ei ære. Og særleg at juryen ser kva som har vore mitt prosjekt. Det er ei anerkjenning av at det går an å stå støtt når du trur på ei viktig sak som ikkje har enkle løysingar, men som må diskuterast på ein open måte, seier Hellestveit.

Ho er frå før kjent som ei skarp stemme i offentleg og akademisk debatt. Denne hausten tok det av.

— Akademikarar må bli flinkare til å ta vanskelege debattar og tole å stå i litt storm, særleg vi kvinner. Nokon gonger er det ubehageleg. Men stormen går over, seier Hellestveit.

Det som begynte som ein diskusjon om akademikarar og intellektuelle i det offentlege ordskiftet, forgreina seg raskt til ein debatt i fleire retningar: om utanlandske forskarar i Noreg, om språk og etter kvart ytringsfridom. I eit intervju med Khrono sa Hellestveit at forskarar blir uglesette heller enn anerkjente for å delta i samfunnsdebatten, noko ho karakteriserte som eit kjempeproblem.

Ho sa ein ting til: Enkelte fagfelt er blitt så dominert av utanlandske forskarar at det knapt finst nordmenn igjen blant dei tilsette. Nok eit kjempeproblem, meinte Hellestveit.

Det var gnisten.

Den «ettertraktede offerrollen»

Frå enkelte fekk Hellestveit ros for å ta opp viktige spørsmål, frå andre kritikk for å ha trampa på ei viktig, men utsett gruppe i norsk akademia – dei utanlandske forskarane.

Nonsens, elitistisk og skadeleg for norsk akademia, var nokon av karakteristikkane ho blei tildelt.

Det kokte på sosiale media, men også i redigerte media var ordbruken sterk: Jussprofessoren Mads Andenæs skulda Hellestveit for dårleg folkeskikk og gjekk så langt som å seie at Hellestveit ikkje burde ha stilt spørsmål med internasjonaliseringa i det heile.

Det toppa seg med rektor Curt Rice’ krav om sensur og at ho måtte beklage og trekke tilbake det ho hadde sagt. Etter at Rice fekk kraftige reaksjonar, mellom anna frå andre rektorar, gjekk han ut i Aftenposten og Khrono og beklaga det han hadde sagt.

Det norske samfunnet er ikkje spesielt inkluderande, og særleg ikkje akademia

Cecilie Hellestveit, forskar

Aftenposten forsvarte Hellestveit på leiarplass. Hellestveit debatterte sjølv med kronikkar i Morgenbladet og Aftenposten. Til slutt stod Hellestveit og Rice ansikt til ansikt på direkten i Debatten på NRK.

— Dei fleste som har vore ueinige med meg, har vore det på heilt akseptable måtar. Ein kan oppleve at enkelte undervegs prøver å ta deg med ufine verkemiddel. Det må ein stå i, utan sjølv å gi seg i kast med gjørmebryting, eller velje offerrolla, seier ho.

Det siste rosar juryen henne for: «Selv ikke da hun fikk beskjed om å droppe avtalt undervisning av hensyn til kollegaers angivelige behov for «healing», antok Hellestveit den av mange ettertraktede offerrollen», skriv juryen i grunngivinga for finaleplassen Årets namn i akademia.

— Akkurat det er eg veldig glad for at juryen ser, at dei set pris på at eg ikkje valde enklaste utveg. Eg er på ingen måte eit offer, eg er i ein privilegert situasjon. Eg har også fått veldig mykje støtte, seier Hellestveit.

Saker og kronikker i debatten Hellestveit startet

Forstår utanlandske forskarar

Hellestveit seier ho forstår at kjensler blei sett i sving, og at mange utanlandske forskarar reagerte, særleg på dei første og mest spissformulerte utsegnene hennar.

— Temaet internasjonalisering har mange sensitive sider, delvis av gode grunnar, delvis av dårlege. Eg trur ein del utanlandske forskarar som har reagert veldig sterkt har med seg ein bagasje: Dei opplever at dei er ei utsett gruppe, og kjenner på ei genuin uro for å bli ekskluderte. Det er forståeleg.

— Det norske samfunnet er ikkje spesielt inkluderande, og særleg ikkje akademia. Eg har ønskt å komme med systemkritikk, ikkje kritikk mot personar eller grupper som er i Noreg av heilt legitime grunnar. Eg har tatt klart avstand frå dei som har brukt debatten til å drive med personangrep på utanlandske forskarar, seier Hellestveit.

— Eg har ønskt å komme med systemkritikk, ikkje kritikk mot personar eller grupper som er i Noreg av heilt legitime grunnar, seier Cecilie Hellestveit.

Samstundes understrekar ho at faren for at ufine og uakseptable metodar eller personangrep i debattar ikkje må vere til hinder for å ta opp kontroversielle spørsmål.

— Det er eit problem med slike tema, at ei rekke menneske ønsker å diskutere det av andre grunnar og med andre intensjonar. Men det kan ikkje føre til at vi skal unngå å diskutere temaet fordi vi risikerer at nokon sporar av, opptrer uakseptabelt eller har grumsete politiske motiv. Vi må kunne ta opp uheldige sider ved internasjonalisering utan å bli knebla. Vi må kunne diskutere det sjølv om enkelte grupper kan oppleve at dei blir angripne, seier Hellestveit.

Nei til halleluja

Noreg ragar øvst på indeksar over verdas mest demokratiske land — ikkje fordi vi har vore så flinke, ifølgje Hellestveit, men fordi mange andre land ramlar på indeksen.

Fakta

Cecilie Hellestveit

  • Jurist og samfunnsvitar med doktorgrad i krigens folkerett frå UiO. Ho har arbeidd ved ei rad forskingsinstitusjonar i inn- og utland, og er i dag tilsett ved Folkerettsinstituttet i Oslo. Har studert og arbeidd i Midt-Austen, USA, Russland, Frankrike og Tyskland. Snakkar mellom anna russisk, arabisk, spansk og fransk.
  • Har vore nestleiar i Flyktningehjelpen og er styreleiar i Oslo World

    og i Forsvarsdepartementets dekorasjonsråd,

    Medlem av Oljefondets etikkråd. Har vore fast utanriks-spaltist i Morgenbladet og Dagens Næringsliv, og er no i Dag og Tid. Har gitt ut sakprosabøker om krigen i Syria (2017) og Jemen (2021).
  • Er ein av tre finalistar til Årets namn i akademia 2021.

— Vi har ei plikt til å nytte oss av fridomen vi har. Det betyr ikkje å nytte ytringsfridomen til å vere einig med alle, men til å provosere, til å utfordre konsensus og ta opp det nokon ikkje ønsker skal bli debattert. Ytringsfridomen er ikkje berre til for hurrarop og halleluja. Når konsensus er sterk, er ytringsfridomen viktigast.

Noko av det mest påfallande med reaksjonane ho har fått, meiner Hellestveit, er at mange ikkje skil mellom sakene der ho blir intervjua av journalistar og artiklar ho sjølv skriv.

— Det er litt av det å vere forskar i media, du eig ikkje saka, du eig ikkje samanhengen du blir sitert i. Dette kan vere ubehageleg og frustrerande når ein er van med høgt presisjonsnivå og fagfellevurderingar. Men igjen, dette er ein del av oppdraget, dette er også noko forskarar må tole. Å spissformulere seg meir enn ein strengt tatt er komfortabel med kan vere nødvendig for å bryte gjennom «lydmuren», seier Hellestveit.

Ho slenger på ei oppmoding til kollegaer i akademia:

— Ein treng ikkje å legge verst mogleg tolking til grunn når ein les intervju med kollegaer i avisene.

På eit vis vende debatten seg tilbake til sitt eige utgangspunkt: Det begynte i Khrono med ein diskusjon om behovet for at akademikarar tar ei breiare rolle i samfunnsdebatten, og torer å ta opp kompliserte og upopulære tema.

— Eg har lenge meint at takhøgda er for låg, seier Hellestveit.

— I denne debatten har det gått troll i ord. Fleire gonger.

Vinnaren av Årets namn i akademia blir offentleggjort fredag 17.desember.

  • Les også intervju med dei to andre finalistane i Årets namn i akademia 2021:
Powered by Labrador CMS