vis meg ditt kontor

På pulten til historie­professoren låg ein lapp med beskjed om å rydda

Han har system i alle tinga sine. Og på mystisk vis vart besøket på kontoret til  historieprofessor Steinar Aas ein samtale om fotball.

Bøker og permar og papir. Men Steinar Aas seier han har eit system — sjølv om han fekk beskjed om at rom 404 måtte ryddast.

Bodø (Khrono): — Oi, eit ekte professorkontor!

FAKTA

Vis meg ditt kontor

  • I en artikkelserie presenterer Khrono mangfoldet av kontor i akademia.
  • Har du et kontor eller en kontorplass du ønsker å vise fram — eller kjenner du noen som burde være med i Khronos kontorserie?
  • Ta kontakt med redaksjonen@khrono.no

Journalisten klarar ikkje å dy seg. For hos Steinar Aas ved Nord Universitet i Bodø er det bøker og papir — og nokre kart — nesten overalt. I bokhyllene ligg det også post it-lappar, hanskar, ein refleks, ja slike småting som ofte berre hamnar ein eller annan plass.

Aas sjølv humrar, og viser fram ein beskjed som brått låg på pulten hans ein dag i 2024: Ein beskjed om å rydda.

— Eg trur eigentleg dette kontoret var laga for to personar. I alle fall var skrivebordet endå større enn det er no. Eg fekk vaktmeisteren til å skjera av bordplata, for det var så stort at det var plass til altfor mykje …

Fotballhistorie og samfunnsutvikling

Midt på pulten ligg det ei bok om Harald «Dutte» Berg, Bodø/Glimt-spelaren som var stor i Europa på 1970-talet, og som har eit barnebarn på laget som den dagen Khrono møtte Aas, var i Tyrkia for å sparka ball.

— Eg skriv ein artikkel i samband med at det er femti år sidan Bodø/Glimt vann cupen for første gong. Dette er forskingsformidling, og eg skriv om korleis nordnorsk fotball vart ein del av norsk fotball, fortel historieprofessoren.

FAKTA

Steinar Aas

Arbeidsstad: Fakultet for samfunnsvitskap,  Nord universitet, studiestad Bodø

Stilling: Professor

Alder: 60

Flytta inn: I 2010

Med forskingsfelt som byhistorie, lokalhistorie og moderne norsk historie er han tydeleg på at fotballen er viktig.

— Den utviklinga som har vore her i Bodø, fortel noko om både ei profesjonalisering, men òg om ei globalisering og om den moderne samfunnsutviklinga. Det er viktig å hugsa at ein ikkje fekk flyplassar her i nord som gjorde at ein kom seg på kamp i resten av landet før på 1970-talet, seier han.

På tavla ved skrivebordet heng ei barneteikning av ein fotballspelar med gul drakt. Den var det professoren sjølv som laga då han har var om lag ti år gamal. Historikarar tek vare på ting, seier han og humrar igjen.

Og han har altså vore Glimt-tilhengjar sidan 1970-talet.

— No har eg sesongkort, eg har vore på bortekampar — det har kosta meg ein formue, seier Aas til ein journalist som ikkje er engasjert i fotball for eldre menneske enn  gutar 11.

Denne teikninga laga Steinar Aas då han var om lag ti år gamal. Han fann henne att, og brukte henne som illustrasjon til ein artikkel han skreiv.

— Eg har kompisar som er i Istanbul no, og som har vore med heile vegen. Men uansett kor store lag Bodø/Glimt no møter, er det viktig å tenkja på at det er 0—0 når ein startar kampen, og det er elleve spelarar mot elleve spelarar.

Laget Glimt frå Bodø måtte legga til «Bodø» i namnet då dei skulle verta ein del av den nasjonale fotballen, for det fanst allereie eit Glimt i divisjonssystemet. No er det femti år sidan Bodø/Glimt vann cupen, og tredje generasjon Berg er i sving på bana.

Må flytta ut

I bokhylla er det ei eiga hylle for fotballbøker. Men det er mykje anna også: Bøker om krig, byhistorie, samfunnsfag for å nemna noko.

— Kan ein kasta bøker?

Då Steinar Aas jobba med eit prosjekt om Umberto Nobile kom han over nokre gamle propagandaplakatar frå Stalins Sovjet. Ein av dei heng på kontoret.

— Det er vanskeleg.

Aas har skrive ein god del bøker sjølv, og fortel at etter at bøkene har vore gjennom Mammut-sal, får forfattaren tilbod om å få det som er att.

— Og då har eg sagt at «eg kan jo ta nokre kassar». I tillegg har nokre av dei som har gått av med pensjon her ved fakultetet, gitt meg bøker. Nokre av dei har eg teke med til hytta, for heime har eg strengt teke ikkje plass til meir.

Sjølv om han ikkje brydde seg nemneverdig om ryddelappen som låg på skrivebordet i  2024, må han snart til pers. Statsbygg har overteke bygget der Fakultet for samfunnsvitskap held til, og dei som har kontor der må flytta ut medan kontora vert pussa opp.

— Me er uroa. Kjem dei til å laga mindre kontor?

— Du har lese om det som skjedde ved Høgskulen på Vestlandet? Det er nemleg ein fare for at du har for mange hyllemeter med bøker her …

— Ja, me følgjer med!

Steinar Aas veit kva bøker han har kor — så lange han ikkje har lånt dei vekk.

Fem kjappe

— Kunne du site i kontorlandskap?

— For nokre år sidan delte eg kontor med ein kollega. Dersom ein skal gjera det, må ein ha reglar, mellom anna for telefonbruk. Men å sitja i landskap … ein av stadane ein har gjort det, er det mange som vel å sitja heime i staden. No skal eg snart ha rettleiing med ein masterstudent, og det kan ein ikkje gjera i eit landskap!

— Kva er det viktigaste du har på kontoret?

— Det er nok PC-en. Eg ser at innkjøpa av bøker faktisk går ned. Eg nyttar nasjonalbiblioteket sine tenester.

— Men du har framleis ringpermar her?

— Ja, eg likar jo best å lesa på papir. Ein del av det som er i permane er dokument eg har henta frå arkiv i utlandet, som oversikt over britiske operasjonar i Nord-Noreg i 1940 frå arkivet hos King's College. Ein kastar ikkje ting ein har brukt tusenvis av kroner på å henta inn! Og eg driv ikkje og digitaliserer det heller.

— Kva seier kontoret ditt om deg?

— Eg trur det seier at eg er ganske kreativ! Eg kan framstå som noko rotete og forvirra, men eg har eit system her.

— Du veit kva som er kor?

— Jaja! Men problemet er når eg har lånt vekk bøker, som altså då ikkje står der dei skulle stått. Ein periode hadde eg eit excel-ark der eg førte inn kven som hadde lånt kva, men det har eg ikkje no. Så då hender det at eg står og bannar over ei bok eg ikkje finn.

Powered by Labrador CMS