kjeldekritikkens dag

Åtvarar mot svartmåling. — Det kan hende at ein overdriv

Det er opplagt at ein må ta ein del ting med ei klype salt, seier førstebibliotekar Johannes Servan. Men det er ikkje nødvendigvis amerikanske tilstandar i Noreg likevel.

Førstebibliotekarane Johannes Servan og Pål Steiner har booka UiB sitt største auditorium til årets kjeldekritiske dag.

Verda kan verka temmeleg bekmørk for tida: Det er krig i Europa, krig i Midtausten, ein amerikansk president med ein omtrentleg omgang med fakta og høgrepopulistiske parti på frammarsj.

Med alt dette i mente, er det opplagt at ein må ta ting med ei klype salt, meiner Johannes Servan.

Han er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen (UiB), og ein av dei som arrangerer Kjeldekritikkens dag på UiB 13. mars. 

Eitt tema er om det faktisk er så heilsvart: «Mange opplever økende uro knyttet til politisk polarisering, radikalisering og utviklingen i ytre høyre. Men hvor godt er denne frykten forankret i kunnskap? Hvor går grensen mellom nødvendig årvåkenhet og unødig alarmisme», heiter det om arrangementet.

Underdriv det som går bra

— Det er lett å ha ei kritisk grunninnstilling, og det er krevjande å stola på noko i det heile, seier Servan.

— Men det kan henda at ein overdriv. Både journalistar og akademia er kjappe med å peika på det som er problematisk, noko som kan gjera at folk trur at ting er verre enn dei er. Ein underdriv det som går bra — det er ikkje dei prosjekta me søkjer om forskingsmidlar til, seier han.

Pål Steiner, også han førstebibliotekar, peikar på at det ein høyrer om frå USA, er lett å importera til Noreg.

— Men har ein faktisk sensur av bøker i norske bibliotek, slik ein høyrer om frå USA, spør han.

— Kva med tradwife-debatten?

— Ja, kva med den? Det er neppe ei reell problemstilling i Noreg, men det vert løfta fram likevel, seier Steiner.

— Men meir enn tradwife kan det handla om synkande fødselstal og om at det er hektisk for småbarnsforeldre. Og den debatten har ein i Noreg, seier Servan.

Slagside

Men kva skjer dersom ein berre får med seg éi side av ein debatt, eller berre høyrer og les det som støttar opp under det ein sjølv meiner frå før? Førstebibliotekar Servan nyttar seg sjølv som døme:

— Eg høyrer mykje podkast. Når eg ser på kva eg får opp forslag om å lytta til, til dømes gjennom Spotify, får eg opp mykje at det eg plar høyra på. Men innimellom får eg opp det ein kan kalla høgrevridde podkastar, fordi det er det som generelt er mykje lytta til. Min første tanke er å velja desse vekk, men bør eg det, spør han.

Han svarar sjølv: 

— Ei sterk slagside den eine eller den andre vegen kan trua tankefridomen. Samtidig kan fordommar vera uttrykk for god dømmekraft, som til dømes skepsis mot ekstreme posisjoner som truar demokrati og den akademiske fridommen.

Kom frå Sverige

Kjeldekritikkens dag vart arrangert i Noreg for første gong i fjor, men i Sverige har ein hatt ein eigen dag for kjeldekritikk heilt sidan 2017. I år er det arrangement fleire stader i Noreg.

Den nasjonale markeringa skjer på Deichman Bjørvika, som eit samarbeid mellom biblioteket og faktisk.no.

Faktisk.no har også laga eit eige opplegg for norske skuleklassar. I år er mellom anna krig og sosiale medium tema — kan ein stola på dei krigsbileta ein får opp gjennom desse plattformene?

— Det er lett å tenka at kjeldekritikk er noko ein driv med i masteroppgåver. Men det handlar om dei brillene ein ser verda gjennom. Kven kan ein stola på når det gjeld informasjonen som kjem, spurde Sølve Kuraas Karlsen, leiar for Tenk, som er faktisk.no si skulesatsing, då Khrono snakka med han i fjor.

Let seg riva med

Pål Steiner er oppteken av at det når ein skal undervisa unge studentar, er viktig at ein har noko kunnskap om kva som rører seg mellom anna i podkastuniverset. 

— Dersom ein er kritisk til noko, er algoritmane styrt slik at ein får inn mindre av dette. Då misser ein meiningsmangfaldet, seier han.

I fjor var kjeldekritikkens dag i Bergen heilt fullteikna. I år har arrangørane booka eit større lokale.

— Kven ønskjer de at skal koma?

— Det kjem mange lærarar, og forskarar som jobbar med kontroversielle tema. Men me håpar også at mange studentar vil koma, seier Steiner.

Han viser til undersøkingar som viser at det er dei yngste og dei eldste som er dårlegast når det kjem til kjeldekritikk, og at dei yngste mediebrukarane lett kan lata seg riva med.

— Kjeldekritikk er ein levande kompetanse. Den må halda tritt med stadige endringar i samfunnet, seier Servan.

Powered by Labrador CMS