varsling
Avviser varsling på NHH. Tilrår tiltak for arbeidsmiljøet
To professorar leverte varsel om trakassering mot kollegaer etter hard debatt om skatt.
Norges Handelshøyskole (NHH) har konkludert med at ein lang debatt om formuesskatt ikkje har medført trakassering eller utilbørleg oppførsel ifølgje arbeidsmiljølova, skriv Dagens Næringsliv.
I løpet av fleire månader gjekk ein hard debatt i avisa mellom fagfolk på NHH.
Etter gjennomgangen av varselet slår rapporten frå NHH samstundes fast at konflikten samla sett har vore uheldig for samarbeidsklimaet og i liten grad i tråd med høgskulen sine forventningar til å vere sakleg, vise respekt og samhandling med kollegaer, ifølgje DN.
NHH tilrår derfor at det blir sett i verk tiltak for å betre arbeidsmiljøet.
Det var ifølgje DN professorane Guttorm Schjelderup og Petter Bjerksund som varsla mot professor Karin Thorburn og førsteamanuensis Jøril Mæland. Alle jobbar på NHH, men på ulike institutt.
Schjelderup og Bjerksund held til ved Institutt for føretaksøkonomi i femte etasje i høgblokka på NHH. Thorburn og Mæland er tilsette ved Institutt for finans to etasjar over.
I ein debatt om formuesskatt som gjekk over fleire månader i DNs spalter blei Thorburn og Mæland mellom anna skulda for å ha brote «normale vitenskapelige normer», som det var formulert i eit innlegg 2. september 2025.

Nylige artikler
— Jeg har også arrestert akademikere
Et slag for avslaget
Slik prøver professoren å motivere studentene til mer lesing
Styrk demokratiet på HVL!
Nav står fast på at ekstern sensor ikke får sykepenger
Mest leste artikler
Ho er inkompetent og upåliteleg, meiner professoren. — Maktmisbruk, svarer ho
Medisinstudent strøk på eksamen — saksøker UiT
Anklaget for fusk av KI-detektor. — Folk er redde
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Skulle stå ved Livsvitenskapsbygget. Nå ligger kunstverket på et lager